6 Økonomiske og administrative konsekvensar
Departementet går ut frå at framlegga til endringar i burettslagslova og eigarseksjonslova ikkje vil ha vesentlege administrative eller økonomiske konsekvensar for staten. Framlegga vil bidra til å tryggje økonomien i burettslag og sameige, og gjennom det økonomien til andelseigarane og sameigarane.
Lovframlegget sikrar at alle burettslag og eigarseksjonssameige har legalpanterett for høvesvis 2G og 1G. Lovframlegget sikrar dermed økonomien i burettslag og sameige. Framlegget hindrar også at andelseigarar eller seksjonseigarar må betale for naboar som er ute av stand til å betale felleskostnadene sine i tilfelle der bustaden blir tvangsseld.
Framlegget til endring av husbanklova § 4 første ledd vil ikkje ha økonomiske konsekvensar, men sikrar at administrerande direktør framleis kan tilsetjast som tenestemann.
Framlegget til endring i inndelingslova vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar.