7 Merknader til dei einskilde føresegnene i lovframlegget
7.1 Endringer i burettslagslova
Til § 5-20 første ledd:
I nytt tredje punktum føreslår departementet ei presisering som gjer det klart at det er grunnbeløpet som gjeld på tidspunktet for vedtaket om tvangsdekning, som skal leggjast til grunn. I nytt fjerde punktum presiserer departementet at legalpanteretten omfattar alle krav som skulle ha vore betalte også etter at det har kome inn krav om tvangsdekning til namsmyndigheitene.
7.2 Endringer i eigarseksjonslova
Til § 25 første ledd:
I nytt tredje og fjerde punktum føreslår departementet dei same presiseringane som i burettslagslova § 5-20 første ledd, og viser difor til omtalen ovanfor av dei nemnde lovendringane.
7.3 Endringar i husbanklova
Til § 4 første ledd:
Lovendringa er omtalt i punkt 4. Det blir no slått fast at administrerande direktør i Husbanken skal tilsetjast. Det inneber at vedkommande blir tilsett som tenestemann. Tilsetjingsmyndigheita ligg framleis hos Kongen.
7.4 Endringar i inndelingslova
Til § 14 første ledd:
Lovendringa er omtalt i punkt 5. Endringa rettar ein feil i ei tilvising som oppstod då nokre føresegner i lov 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr blei oppheva, jf. Prop. 5 L (2013–2014) Endringer i rettsgebyrloven, kraftledningsregisterloven og tinglysingsloven.
7.5 Iverksetjing
Departementet føreslår at lova trer i kraft straks.