Prop. 134 L (2015–2016)

Endringar i burettslagslova mv. (omfanget av legalpanteretten)

Til innhaldsliste

Forslag
til lov om endringar i burettslagslova mv. (omfanget av legalpanteretten)

I

I lov 6. juni 2003 nr. 39 om burettslag skal desse endringane gjerast:

§ 5-20 første ledd skal lyde:

(1) For krav på dekning av felleskostnader og andre krav frå lagsforholdet har laget panterett i andelen framfor alle andre hefte. Pantekravet kan ikkje vere større enn ein sum som svarar til to gonger grunnsummen i folketrygda. Grunnsummen som gjeld på tidspunktet da tvangsdekning blir vedteken gjennomført, skal leggjast til grunn for berekninga. Panteretten omfattar også krav som skulle ha vore betalte etter at det har kome inn eit kravsmål til namsstyresmaktene om tvangsdekning.

II

I lov 23. mai 1997 nr. 31 om eigarseksjonar skal desse endringane gjerast:

§ 25 første ledd skal lyde:

De andre sameierne har panterett i seksjonen for krav mot sameieren som følger av sameieforholdet. Pantekravet kan ikke overstige et beløp som for hver bruksenhet svarer til folketrygdens grunnbeløp. Grunnbeløpet som gjelder på tidspunktet da tvangsdekning besluttes gjennomført, skal legges til grunn for beregningen. Panteretten omfatter også krav som skulle ha vært betalt etter at det har innkommet en begjæring til namsmyndighetene om tvangsdekning.

III

I lov 29. mai 2009 nr. 30 om Husbanken skal desse endringane gjerast:

§ 4 første ledd skal lyde:

Husbanken vert leidd av ein administrerande direktør som vert tilsett av Kongen i statsråd.

IV

I lov 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser skal desse endringane gjerast:

§ 14 første ledd skal lyde:

I samband med disposisjon som er ei direkte følgje av grenseendring etter lova her, skal det ikkje betalast dokumentavgift etter § 6 i lov 12. desember 1975 nr. 59 om dokumentavgift, tinglysingsgebyr etter § 12 b i lov 7. juni 1935 nr. 2 om tinglysing, gebyr etter § 16 i lov 1. juli 1927 nr. 1 om registrering av elektriske kraftledninger eller omregistreringsavgift etter § 1 i lov 19. juni 1959 nr. 2 om avgifter vedrørende motorkjøretøyer og båter.

V

Loven trer i kraft straks.

Til forsida