Prop. 141 S (2015–2016)
Endringar i statsbudsjettet 2016 under Forsvarsdepartementet (Endringar i «Regulativ for tillegg til utskrivne vernepliktige mannskap»)
Tilråding frå Forsvarsdepartementet 10. juni 2016, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)
Proposisjonen omhandlar regulering av godtgjering til utskrevne vernepliktige mannskap. Godtgjeringa vert regulert årlig med grunnlag i lønnsoppgjeret i staten. Det er den prosentvise auken i kronetillegget til lågast begynnerlønn for voksen ufaglært arbeidskraft i staten (lønnstrinn 19) som vert lagt til grunn for reguleringa. Dette er i samsvar med tidlegare praksis. I år var reguleringa på 1,2 prosent.