Prop. 143 S (2016–2017)
Endringar i statsbudsjettet 2017 under Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2017 mv.)
Tilråding frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet 2. juni 2017, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)
Proposisjonen omhandlar endringar i statsbudsjettet 2017 under Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet som følgje av lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2017.