Prop. 193 S (2020–2021)
Nokre saker om luftfart, veg, særskilde transporttiltak og jernbane
Tilråding frå Samferdselsdepartementet 11. mai 2021, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram nokre saker som gjeld luftfart, veg, særskilde transporttiltak og jernbane. Det blir foreslått nye og endra kostnadsrammer for ny lufthamn ved Mo i Rana, i to vegprosjekt og to jernbaneprosjekt, og fullmakt til å valutakursjustere kostnadsramma for kjøp av 30 nye lokaltog. Vidare blir det i pkt. 6 gjort greie for oppfølginga av tre oppmodingsvedtak. Det blir òg m.a. orientert om nedlegging av Namsosbana og Valdresbana.