Prop. 228 S (2020–2021)
Utgreiing og planlegging av E39 Stord–Os, Ådland–Svegatjørn (Hordfast) i Vestland
Tilråding frå Samferdselsdepartementet 3. september 2021, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)
Samferdselsdepartementet greier i denne proposisjonen ut om planlegginga og foreslår vidare framdrift for prosjektet E39 Stord–Os, Ådland–Svegatjørn (Hordfast) i Stord, Tysnes og Bjørnafjorden kommunar i Vestland.