Prop. 27 S (2024–2025)

Endringar i statsbudsjettet 2024 under Nærings- og fiskeridepartementet

Til innhaldsliste

2 Omtale av forslag til utgiftsendringar

Kap. 900 Nærings- og fiskeridepartementet

Post 01 Driftsutgifter

Forvalting av klagesaker

Ansvaret for klagesaker der Fiskeridirektoratet er førsteinstans blei 16. september ført over frå Fiskeridirektoratets klagesakseining til Nærings- og fiskeridepartementet. Det er berekna at kostnaden knytt til det nye ansvaret vil vere 0,8 mill. kroner i 2024. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 0,8 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon av driftsutgiftene under Fiskeridirektoratet, jf. omtale under kap. 917, post 01.

Overføring av eigarskap i Flytoget

Forvaltinga av staten sitt eigarskap i Flytoget AS blei frå 1. juli 2024 overført frå Nærings- og fiskeridepartementet til Samferdselsdepartementet. I september 2024 gav Samferdselsdepartementet styra i Vygruppen AS og Flytoget AS i mandat å førebu ei samanslåing av selskapa ved at Flytoget AS skal inngå som dotterselskap i Vygruppen AS. Mandatet Samferdselsdepartementet har gitt dei respektive styra, vil for ein avgrensa periode føre til auka arbeidsmengd for staten som eigar. Nærings- og fiskeridepartementet gjer difor framlegg om ei overføring av 0,4 mill. kroner frå Nærings- og fiskeridepartementet sitt driftsbudsjett til Samferdselsdepartementets kap. 1300, post 01.

Det gjerast også framlegg om å auke løyvinga med 9,7 mill. kroner som følgje av eit anslag på verknaden av lønsoppgjeret i staten for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.

Samla gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 10,1 mill. kroner, til 511,3 mill. kroner.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Mattilsynet spelar ei avgjerande rolle i å sikre marknadstilgang og opne nye marknader for sjømat. For å oppretthalde og auke eksporten til nye marknadar krevst ei styrking av Mattilsynet sin kapasitet i arbeidet med marknadstilgang. I den globale handelen er auka handelshindringar blitt ei utfordring som Mattilsynet må handtere, og som krev meir ressursar enn Mattilsynet har per i dag. Eksisterande og nye marknader innfører meir detaljerte krav, som i praksis fungerer som handelshindringar for å gi importløyve for norsk sjømat. Det er detaljerte krav til informasjon i helsesertifikat og til dokumentasjon om produksjonskjeder, og dette krev meir ressursar frå Mattilsynet. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 3 mill. kroner, til 80,2 mill. kroner.

Post 27 Etablering av støtteregister

Prosjektet inneber ein oppdatert og meir moderne versjon av det allereie etablerte Registeret for offentleg støtte, forvalta av Brønnøysundregistera. Det var opphavleg planlagt avslutta i 2024, utviklingsarbeidet er i 2024 kome langt, men vidare arbeid er avhengig av at regelverket for registeret er vedteke. Registeret er føresett ferdigstilt i 2025. Departementet gjer difor framlegg om å redusere løyvinga i 2024 med 11,6 mill. kroner, til 12,7 mill. kroner. Departementet vil kome tilbake med ei ny vurdering av behovet for løyving i 2025 i samband med revidert budsjett 2025.

Post 31 Miljøtiltak Svea og Lunckefjell, kan overførast

I Saldert budsjett 2024 blei det løyvd 48,3 mill. kroner til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS for miljøtiltak i Svea og Lunckefjell. Dei faktiske kostnadene for prosjektet i 2024 blei 14,15 mill. kroner mindre enn det som låg til grunn i Saldert budsjett. Oppryddinga i Svea og Lunckefjell er ferdig, og formell overtaking av prosjektet til miljøstyresmaktene var hausten 2024. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 14,2 mill. kroner, til 34,2 mill. kroner.

Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar

Gjeldande løyving er 58,5 mill. kroner og dekkjer kontingent i ei rekkje internasjonale organisasjonar som Noreg er medlem av. Det er no anslått at utbetalingane for 2024 vil utgjere om lag 65 mill. kroner. Kontingenten i Det europeiske maritime tryggleiksbyrået (EMSA) har åleine auka med 5,5 mill. kroner meir enn det som blei lagt til grunn i revidert budsjett, til om lag 35,5 mill. kroner. I tillegg har kontingenten til Den nordaustasiatiske fiskerikommisjonen auka med 1 mill. kroner frå om lag 7 til 8 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 6,5 mill. kroner, til 65 mill. kroner.

Kap. 902 Justervesenet

Post 01 Driftsutgifter

Det gjerast framlegg om å auke løyvinga med 2,2 mill. kroner som følgje av eit anslag på verknaden av lønsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.

Kap. 903 Norsk akkreditering

Post 01 Driftsutgifter

Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 3 mill. kroner med inndekking frå kap. 940, post 21, jf. omtale under denne posten. Norsk akkreditering har fått enno fleire oppseiingar frå bedømere, og hatt større utfordringar med rekruttering av nye enn det som låg til grunn for innspelet til revidert nasjonalbudsjett i vår. Utfordringar med å rekruttere tilsette gjer at etaten må nytte innleigde bedømere til ein høgare kostnad. Etaten må også lære opp nye tilsette, som fører til redusert inntektsgjevande aktivitet utan at kostnadene kan reduserast. Til saman har dette ført til at etaten går mot eit underskot, til tross for auka løyving på 3 mill. kroner gjennom handsaminga av revidert nasjonalbudsjett 2024. Denne tilleggsløyvinga har i stor grad vore nytta til å auke kapasiteten til å gjennomføre pålagte oppgåver innanfor internasjonalt samarbeid, vidareutvikling av eksisterande ordningar for akkreditering og utvikling av nye. Ein ytterlegare auke av løyvinga vil løyse dei kortsiktige utfordringane Norsk akkreditering har i 2024, slik at etaten kan levere på sitt samfunnsoppdrag ved å bidra til trygge varer og tenester på den norske marknaden og sikre internasjonal marknadstilgang for norsk næringsliv. I Prop. 1 S for 2025 har regjeringa foreslått å auke løyvinga vesentleg.

Det gjerast også framlegg om å auke løyvinga med 0,9 mill. kroner som følgje av eit anslag på verknaden av lønsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.

Samla gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 3,9 mill. kroner, til 71,9 mill. kroner.

Kap. 904 Brønnøysundregistra

Post 01 Driftsutgifter

Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 3,6 mill. kroner mot ei tilsvarande auke under kap. 3904, post 02. Endringa kjem som følgje av utviklingsarbeid i Våpenregisteret som er dekt av Justis- og beredskapsdepartementet.

Det gjerast også framlegg om å auke løyvinga med 6,8 mill. kroner som følgje av eit anslag på verknaden av lønsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.

Samla gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 10,4 mill. kroner, til 520,3 mill. kroner.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Det er forventa mindreforbruk på posten i 2024 som følgje av forskyving av prosjektkostnader til 2025.

Prosjektet for ny registerplattform i Brønnøysundregistera (BRsys) klarar ikkje å levere som planlagt i 2024, og vil ha eit mindreforbruk på om lag 17,3 mill. kroner. Det har over tid vore lågare kostnadseffektivitet og framdrift i prosjektet enn planlagt. Departementet har gitt Brønnøysundregistera i oppdrag å oppdatere det sentrale styringsdokumentet for prosjektet slik at prosjektet framover styrast etter meir realistiske planar. Det vil framleis vere risiko for forseinka framdrift i prosjektet.

Prosjektet for brukarvennlege registertenester har avhengigheiter både til BRsys-prosjektet og Brønnøysundregistra sin del av programmet Nye Altinn. Avvik i framdrifta i begge desse prosjekta gjer at det også er avvik i framdrift i prosjektet for brukarvennlege registertenester. Mindreforbruket i 2024 utgjer om lag 24,7 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 42 mill. kroner i 2024, til 171 mill. kroner. Departementet tar sikte på å gjere framlegg om tilsvarande auke av løyvinga i revidert nasjonalbudsjett 2025.

Kap. 905 Noregs geologiske undersøking

Post 01 Driftsutgifter

Det gjerast framlegg om å auke løyvinga med 4,1 mill. kroner som følgje av eit anslag på verknaden av lønsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.

Kap. 906 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

Post 01 Driftsutgifter

Det gjerast framlegg om å auke løyvinga med 1,1 mill. kroner som følgje av eit anslag på verknaden av lønsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.

Post 30 Sikrings- og miljøtiltak, kan overførast

Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 9 mill. kroner, til 3 mill. kroner. Endringa kjem som følgje av lågare kapasitet og utfordringar med å rekruttere personell med rett kompetanse til Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard, noko som har medført at ikkje alle sikrings- og miljøtiltak kunne gjennomførast som planlagt i 2024.

Kap. 907 Norsk nukleær dekommisjonering

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 908, post 70

Tilsetjingsprosessar ved Norsk nukleær dekommisjonering har teke lengre tid enn planlagt mellom anna på grunn av utfordringar med tilgang på kvalifiserte søkarar. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 10 mill. kroner.

Det gjerast også framlegg om å auke løyvinga med 1,8 mill. kroner som følgje av eit anslag på verknaden av lønsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.

Samla gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 8,2 mill. kroner, til 158,3 mill. kroner.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Løyvinga finansierer oppryddingsprosjekt i regi av Norsk nukleær dekommisjonering og Institutt for energiteknikk. For størsteparten av prosjektporteføljen under posten er det behov for å gjennomføre omfattande alternativvurderingar, utgreiingar og vurderingar av tryggleik, mellom anna for å oppfylle krav frå Direktoratet for strålevern og atomtryggleik. Fleire av prosjekta har hatt lågare framdrift enn planlagt. Dette skuldast mellom anna at det er utfordringar med å bruke rammeavtalar med utanlandske leverandørar på grunn av krav til tryggleik. Det har også vore forseinkingar i anskaffingsprosessar, mellom anna fordi det er snakk om svært spesialiserte anskaffingar med få tilbydarar.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 150 mill. kroner, til 314,2 mill. kroner.

Kap. 908 Institutt for energiteknikk

Post 72 Lån til flytting av laboratorium og infrastruktur

Dei nukleære anlegga på Kjeller skal overførast frå Institutt for energiteknikk (IFE) til Norsk nukleær dekommisjonering (NND). Dette inneber at IFE må flytte laboratorium og IKT-infrastruktur knytt til anna verksemd ved instituttet ut frå det området som skal overførast til NND. For å sikre framdrifta i oppryddingsarbeidet har staten gitt tilsegn om eit lån til IFE for å finansiere flyttinga. Ramma for lånet er sett til 120 mill. kroner.

Framdrifta i flytteprosjektet har vore lågare enn føresett, i hovudsak på grunn av reguleringsprosessen knytt til nytt laboratoriebygg. I følgje eit oppdatert anslag frå IFE vil lånebehovet i 2024 utgjere 14 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 21 mill. kroner, til 14 mill. kroner.

Kap. 910 Sjøfartsdirektoratet

Post 01 Driftsutgifter

Med bakgrunn i auka inntekter gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 1,75 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke av inntektene, jf. omtale under kap. 3910, post 03.

Det gjerast også framlegg om å auke løyvinga med 8,5 mill. kroner som følgje av eit anslag på verknaden av lønsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.

Samla gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 10,3 mill. kroner, til 492,2 mill. kroner.

Kap. 911 Konkurransetilsynet

Post 01 Driftsutgifter

Det gjerast framlegg om å auke løyvinga med 2,7 mill. kroner som følgje av eit anslag på verknaden av lønsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.

Kap. 912 Klagenemndssekretariatet

Post 01 Driftsutgifter

Det gjerast framlegg om å auke løyvinga med 739 000 kroner som følgje av eit anslag på verknaden av lønsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Stortinget har samtykka i at Nærings- og fiskeridepartementet kan overskride løyvinga for å dekkje eventuelle saksomkostningar knytt til endring av innklaga vedtak til fordel for ein part i medhald av forvaltningslova § 36, i saker som handsamast av nemnder Klagenemndssekretariatet betener.

Ved utgangen av september var det fatta vedtak om dekking av slike saksomkostningar på til saman om lag 9,4 mill. kroner, som har blitt utbetalt eller vil bli utbetalt i løpet av året. Vedtaka om dekking av saksomkostningar er knytt til åtte ulike saker, som har vore handsama i Medieklagenemnda, Markedsrådet og Konkurranseklagenemnda. Det er uklart om det vil bli fatta fleire vedtak om dekking av slike utgifter i løpet av året, og i så fall kor mykje som vil bli dekt.

I tillegg har Konkurranseklagenemnda sine vedtak i fire saker om dekking av saksomkostningar blitt påklaga til Nærings- og fiskeridepartementet. Nemnda har i utgangspunktet vedteke dekking av til saman om lag 15,1 mill. kroner i dei fire klagesakene. Det er sannsynleg at klagesakene vil bli behandla av departementet i løpet av året. Det er usikkert kor mykje departementet vil vedta skal dekkjast i dei fire sakane, då det avheng av klagebehandlinga i departementet. På grunn av denne uvissa blir beløpet som Konkurranseklagenemnda har vedteke, lagt til grunn for forslaget om auka løyving knytt til desse fire sakene.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 24,2 mill. kroner, til 24,4 mill. kroner.

Kap. 913 Daglegvaretilsynet

01 Driftsutgifter

Det gjerast framlegg om å auke løyvinga med 158 000 kroner som følgje av eit anslag på verknaden av lønsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.

Kap. 915 Regelrådet

Post 01 Driftsutgifter

Det gjerast framlegg om å auke løyvinga med 258 000 kroner som følgje av eit anslag på verknaden av lønsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.

Kap. 916 Kystverket

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 45

Det er behov for å auke løyvinga med 21 mill. kroner, og departementet gjer framlegg om å omdisponere midlane frå post 30. Av dei 21 mill. kronene vil 18 mill. kroner dekkje inn auka kostnader ved Kystverket sitt reiarlag i samband med vedlikehald og fornying av navigasjonsinnretningane, og 3 mill. kroner vil dekkje inn auka kostnader ved Vardø sjøtrafikksentral. På dette grunnlag gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 21 mill. kroner, jf. omtale under post 30.

Det gjerast også framlegg om å auke løyvinga med 12,4 mill. kroner som følgje av eit anslag på verknaden av lønsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.

Samla gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 33,4 mill. kroner, til 1,233 mrd. kroner.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Det er behov for å auke løyvinga med 10 mill. kroner, og departementet gjer framlegg om å omdisponere midlane frå post 30. Posten er hendingsstyrt, og det er behov for å dekkje Kystverket sine kostnader knytt til slep av lasteskipet MV Ruby i september 2024. Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 10 mill. kroner, til 46,1 mill. kroner, jf. omtale under post 30. Nærings- og fiskeridepartementet har fremja krav om refusjon frå ansvarleg forureinar.

Post 22 Driftsutgifter brukarfinansierte tenester, kan overførast, kan nyttast under post 46

Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 28,1 mill. kroner, til 1,155 mrd. kroner, jf. også omtale om reduksjon av inntekt under post 77.

Post 30 Nyanlegg og større vedlikehald, kan overførast

Forseinka oppstart i fleire prosjekt innan Kystverket si utbyggjingsportefølje fører til at det har oppstått eit mindreforbruk på posten. Med utgangspunkt i rasjonell framdrift i prosjekt som har starta og som er planlagde, vil Kystverket kunne gjennomføre alle tiltak innanfor vidareført ramme. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 31 mill. kroner, til 852,8 mill. kroner. jf. omtale om tilsvarande auke under post 01 og 21.

Kap. 917 Fiskeridirektoratet

Post 01 Driftsutgifter

Ansvaret for klagesaker der Fiskeridirektoratet er førsteinstans, blei 16. september ført over frå Fiskeridirektoratet sin klagesakseining til Nærings- og fiskeridepartementet. Det er berekna at innsparinga hos Fiskeridirektoratet vil utgjere 0,8 mill. kroner i 2024. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 0,8 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke av driftsutgiftene under Nærings- og fiskeridepartementet, jf. omtale under kap. 900, post 01.

Det gjerast også framlegg om å auke løyvinga med 8,5 mill. kroner som følgje av eit anslag på verknaden av lønsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.

Samla gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 7,7 mill. kroner, til 513,9 mill. kroner.

Post 23 Prisråd for havbruk

Posten skal dekkje kostnadar til etablering og drift av Prisrådet, sekretariat og klagemyndigheita i 2024. Gjeldande løyving er på 12,9 mill. kroner. Fiskeridirektoratet estimerer eit forbruk på posten på 12 mill. kroner. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 0,9 mill. kroner.

Kap. 919 Ymse fiskeriføremål

Post 60 Tilskot til kommunar og fylkeskommunar

Kommunar og fylkeskommunar med oppdrettsverksemd får utbetalt 55 pst. av inntektene frå sal av nye oppdrettsløyve, i tillegg til produksjonsavgifta på laks, aure og regnbogeaure i sin heilskap. Produksjonsavgifta blir utbetalt etterskotsvis. Kommunal sektor sin del av inntektene frå sal av oppdrettsløyve i 2024 utgjer 3,42 mrd. kroner.

Stortinget vedtok i oppmodingsvedtak 716 (2022–2023) at Havbruksfondet skulle tilførast midlar som om produksjonsavgifta blei auka frå 56 til 90 øre frå 1. januar 2023. Dette gjer at kommunar og fylkeskommunar også får utbetalt 1,276 mrd. kroner frå produksjonsavgifta, sjølv om det faktiske provenyet blei lågare. Ein viser til omtale under kap. 3917, post 13.

Som følgje av auka inntekter frå sal av oppdrettsløyve og Stortingets oppmoding gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke samla løyving med 1,544 mrd. kroner, til 4,695 mrd. kroner.

Det pågår framleis noko behandling av klager om unntaksvekst, og dei endelege inntektene frå tildelingsrunda er difor ikkje kjent. Sjølve utbetalinga til kommunar og fylkeskommunar for 2024 skjedde i oktober, basert på førebels inntektsanslag. Fordi det kan kome fleire inntekter etter at utbetalinga i 2024 er gjort, i samband med saker om unntaksvekst, gjer departementet framlegg om at posten blir tilført stikkordet «kan overførast», jf. forslag til vedtak II. Vidare gjer departementet framlegg om å justere meirinntektsfullmakta som blei gitt i samband med revidert nasjonalbudsjett 2024 slik at 55 pst. av eventuelt seint innbetalte meirinntekter frå tildelingsrunden i 2024 kan bli utbetalt til kommunar og fylkeskommunar i 2025. Departementet gjer difor framlegg om ein utvida meirinntektsfullmakt, jf. forslag til vedtak III.

Post 75 Tilskot til næringstiltak i fiskeria, kan overførast

Posten dekkjer utgifter til ordningar som skal medverke til utvikling og auka lønsemd for fiskeri- og fangstnæringa, samt til utskriving eller utferding av fangstsertifikat. Dei siste fem åra har kostnadane til agn i linefiske nesten dobla seg, mellom anna som følgje av auka prisar på fisk til bruk i agn. For å avhjelpe situasjonen gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å etablere ei ordning for lineegnetilskot som vil redusere kostnadsbyrda i 2025.

Ordninga skal vere rammestyrt, søknadsbasert og ha ei ramme på 18 mill. kroner. Ein legg til grunn at Garantikassa for fiskarar skal administrere ordninga, og at Garantikassa sine administrasjonskostnader blir dekt innanfor ordninga sine rammer. Det kan søkjast om tilskot for utgifter til agn for perioden januar til desember 2025. Fartøy som drifter med line, kan søkje om tilskot. Nærings- og fiskeridepartementet vil vurdere om ordninga skal avgrensast ytterlegare, til dømes geografisk. Garantikassa vil utbetale dei enkelte tilskota på grunnlag av dokumenterte utgifter til agn eller egning av line til fiske i nære farvatn. Dersom det er fleire søknadar enn det midlane i ordninga kan imøtekome, skal søknadane prioriterast etter når dei er komne inn. Nærings- og fiskeridepartementet vil fastsetje ei forskrift for tilskotsordninga, og det blir lagt opp til å utbetale heile løyvinga til Garantikassa før nyttår. På dette grunnlag gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 18 mill. kroner, til 40,1 mill. kroner.

Kap. 922 Romverksemd

Post 70 Kontingent i European Space Agency (ESA)

Kontingenten i ESA blir utbetalt i euro. Valutakursen har vore høgare enn den som blei lagt til grunn i revidert nasjonalbudsjett 2024. I tillegg har det også vore auka pensjonskostnad i ESA samanlikna med det som blei lagt til grunn i Saldert budsjett for 2024. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 0,9 mill. kroner, til 267,3 mill. kroner.

Post 71 Internasjonal romverksemd

I revidert nasjonalbudsjett 2024 blei løyvinga til ESA sine industriretta program redusert. Årsaka var tilbakebetaling av midlar grunna lågare framdrift enn forventa. Det tilbakeførte beløpet blei høgare enn estimert, og valutakursen for tilbakebetalinga var lågare enn forventa. Posten skal også dekkje kostnader til Radarsat-avtalen, som utbetalast i dollar. Det blir lagt til grunn ein noko lågare valutakurs på uteståande betaling samanlikna med kursen som blei brukt i revidert nasjonalbudsjett 2024. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 7,2 mill. kroner, til 501,4 mill. kroner.

Post 73 EU sine romprogram

Kontingent for norsk deltaking i romprogramma til EU blir utbetalt i euro. Høgare eurokurs ved utbetalingsdato i august enn det som blei lagt til grunn i revidert nasjonalbudsjett 2024 tilseier eit høgare løyvingsbehov. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 27,1 mill. kroner, til 851,5 mill. kroner.

Kap. 923 Havforskingsinstituttet

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 21

Styrka ressursforsking i Barentshavet og kystområda i nord

Reduserte torskekvotar og endra utbreiing har ført til auka behov for å utnytte andre artar, der kunnskapsgrunnlaget kan vere mangelfullt. Det er behov for å styrke data og kunnskapsgrunnlaget for blant anna lange, brosme, blåkveite, uer, kveite og breiflabb. Betre kunnskap vil gi redusert usikkerheit i rådgjevinga, og leggje til rette for berekraftig forvalting av fiskeressursane. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 8 mill. kroner.

Utvikling av forvaltingsverktøy for kystsona i Finnmark og Nord-Troms

Det er stort behov for meir kunnskap om påverknad og status i fjordane i nord. Dette gjeld mellom anna i Porsanger, Alta, Loppa og Kvænangen. Ved å vidareutvikle dataløyper for å kunne kombinere ulike verktøy som straummodellar, Salcod-prosjektet, marine grunnkart mv. vil grunnlaget for forvaltinga bli betre. Dette gjeld både naturforvalting, fiskeforvalting og havbruksforvalting. Betre kunnskapsgrunnlag for forvaltinga vil kunne bidra til at potensialet for verdiskaping i Finnmark og Nord-Troms kan utnyttast betre. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 3 mill. kroner.

Det gjerast også framlegg om å auke løyvinga med 8,4 mill. kroner som følgje av eit anslag på verknaden av lønsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.

Samla gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 19,5 mill. kroner, til 652,1 mill. kroner.

Kap. 924 Internasjonale samarbeidsprogram

Post 70 Tilskot

Det er gitt ein løyving på 371,7 mill. kroner i Saldert budsjett 2024 som skal dekkje norsk deltaking i EU sitt investeringsprogram, InvestEU, og EU sitt program for den indre marknaden.

Norsk deltaking i delar av investeringsprogrammet InvestEU (2021–2027) inneber årlege innbetalingar til InvestEU-fondets tapsfond, norsk kontingent for deltaking i InvestEU-portalen og administrasjonskostnader. Storleiken på dei årlege overføringane vil variere med valutakurs når det gjeld tapsfondet og med både valutakurs og proporsjonalitetsfaktoren for andre bidrag. I saldert budsjett 2024 blei det avsett totalt 286,7 mill. kroner til norsk deltaking i programmet. På grunn av lågare valutakurs enn det som låg til grunn for Saldert budsjett, er det utbetalt om lag 272,5 mill. kroner, fordelt med 271,9 mill. kroner til tapsavsetjing og 0,6 mill. kroner til InvestEU-portalen og administrasjonskostnader. Som følgje av dette kan løyvinga reduserast med 14,2 mill. kroner.

Den estimerte samla kostnaden for deltaking i programdelane som Nærings- og fiskeridepartementet er ansvarleg for under EU sitt program for den indre marknaden blei budsjettert til 85 mill. kroner for 2024. Det endelege beløpet blei 1,4 mill. kroner lågare.

Samla gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 15,6 mill. kroner, til 356,1 mill. kroner.

Kap. 926 Havforskingsinstituttet, forskingsfartøy

Post 01 Driftsutgifter

Havforskingsinstituttet har inngått avtale om anskaffing av to ubemanna forskingsfarkostar, med planlagt leveranse i september 2022. Den eine farkosten blei levert i august 2024, og den andre skal leverast i desember 2024. I følgje avtalen blir det rekna dagbot for leverandør for maksimalt 20 dagar. I dette tilfellet utgjer dagbota til saman 6 mill. kroner. Det står att å betale 3 mill. kroner for farkostane. Etter motrekning mot gjenståande betaling vil det stå att 3 mill. kroner av dagbota som vil bli utbetalt til Havforskingsinstituttet. Dette vil dekkje dei meirkostnadene instituttet får som følgje av den forseinka leveringa.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 3 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3926, ny post 86.

Det gjerast også framlegg om å auke løyvinga med 2,6 mill. kroner som følgje av eit anslag på verknaden av lønsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.

Samla gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 5,6 mill. kroner, til 216,4 mill. kroner.

Kap. 935 Patentstyret

Post 01 Driftsutgifter

Patentstyret har hatt ekstraordinære og uventa utgifter i samband med flytting til nye lokale og på grunn av svekt kronekurs.

For å unngå at dei auka kostnadene i 2024 skal redusere etatens økonomiske handlingsrom og forseinke arbeide med naudsynte oppdateringar og oppgradering av blant anna IKT-utstyr, gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auka løyvinga med 3,5 mill. kroner. Auka handsamast innanfor inntektsrammene for dei gebyrfinansierte tenestene over tid.

Det gjerast også framlegg om å auke løyvinga med 6,4 mill. kroner som følgje av eit anslag på verknaden av lønsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.

Samla gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 9,9 mill. kroner, til 352,9 mill. kroner.

Kap. 936 Klagenemnda for industrielle rettar

Post 01 Driftsutgifter

Dei samla utgiftene til Klagenemnda for industrielle rettar blir høgare enn venta i 2024, blant anna på grunn av høgare pensjonskostnader enn lagt til grunn i saldert budsjett og auka bruk av ekspertvitne i rettssaker. Meirutgifta utgjer om lag 0,3 mill. kroner i 2024.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auka løyvinga med 0,3 mill. kroner.

Det gjerast også framlegg om å auke løyvinga med 177 000 kroner som følgje av eit anslag på verknaden av lønsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.

Samla gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 0,5 mill. kroner, til 9,2 mill. kroner.

Kap. 940 Internasjonaliseringstiltak

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Posten skal dekkje utgifter knytt til tenester, oppdrag og prosjekt som er viktige for departementet sitt arbeid, men som departementet ikkje har kapasitet eller kompetanse til å utføre sjølv. Posten har gjenståande midlar for det inneverande året. Desse midlane vurderast som store nok til å kunne omdisponere 3 mill. kroner med avgrensa konsekvensar, gitt postens formål og noverande storleik. Norsk akkreditering sine aktivitetar bidreg til å tryggje norske varer og tenester på marknaden, noko som bidreg til eksport og sikrar internasjonal marknadstilgang. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å omdisponere 3 mill. kroner frå denne posten til Norsk akkreditering, jf. omtale under kap. 903, post 01.

Post 70 Eksportfremjetiltak

Løyvinga skal finansiere dei nasjonale eksportfremjesatsingane som følgjer opp eksportreforma Heile Noreg eksporterer. Gjennom eksportreforma har departementet etablert eit Nasjonalt eksportråd som gir råd og innspel til næringsministeren og utformar framlegg til større strategiske eksportfremjesatsingar. Rådet er satt saman av representantar frå næringslivet og partane i arbeidslivet. Nasjonalt eksportråd har levert forslag til eksportfremjesatsingar innan sektorar som havvind, maritim, design, helsenæringa og reiselivsnæringa, og arbeider med å konkretisere ei eksportfremjesatsing på sjømat. Alt arbeid skjer i nær dialog med norsk næringsliv slik at satsingane er godt forankra. Det har teke tid å ta i bruk løyvinga, men ein har no igangsett satsingane på havvind, maritim, samt på helse-, design- og reiselivsnæringa. Fordi arbeidet ikkje er fullført, vil det ikkje vere mogleg å utbetale alle midlane som er sett av til føremålet i inneverande budsjettår. På bakgrunn av kravet om realistisk budsjettering gjer Nærings- og fiskeridepartementet difor framlegg om å redusere løyvinga med 54,9 mill. kroner i 2024. Departementet vil vurdere løyvingsbehovet til eksportfremjesatsingar i seinare budsjettrundar.

Kap. 950 Forvalting av statleg eigarskap

Post 96 Aksjar

Det blei gjennom handsaminga av revidert nasjonalbudsjett 2024 løyvd 250 mill. kroner i ny eigenkapital til Mantena AS. Det gjekk fram av proposisjonsteksten at tilførsle av kapital kan skje i ein eller fleire transjer. Det blei i juni 2024 utbetalt 198 mill. kroner til Mantena, resterande 52 mill. kroner blei det satt særskilde vilkår til før utbetaling til selskapet, mellom anna krav til styrka forretningsplan og rapportering. Målsetjinga er at vilkåra skal vere ivareteke slik at utbetaling kan finne stad i 2024, men det er mogleg at dette ikkje er på plass før i tidleg i 2025. Nærings- og fiskeridepartementet gjer difor framlegg om at posten tilførast stikkordet «kan overførast», jf. forslag til vedtak II.

Kap. 951 Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS

Post 71 (ny) Tilskot til utgreiingar knyta til energisystemet i Longyearbyen

Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (Store Norske) driv verksemd innan bergverk, eigedom (bustad og næringsbygg), logistikk og fornybar energi. I tillegg har Store Norske vore ansvarleg for oppryddinga etter den tidlegare kolverksemda i Svea og Lunckefjell. Selskapet har hovudkontor i Longyearbyen.

Nærings- og fiskeridepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet ga i mars 2024 Store Norske i oppdrag å gjennomføre ei konseptvalutgreiing (KVU) av ulike alternativ for framtidig energiforsyning i Longyearbyen og ei tilstandsvurdering av eksisterande infrastruktur med tilhøyrande kapitalbehov. KVU-en vil bidra til eit faktabasert grunnlag for å kunne vurdere korleis den framtidige energiløysinga i Longyearbyen bør vere, inkl. overgangen til fornybar energi.

Svalbard Energi AS (SEAS) har i dag ansvaret for energiforsyninga i Longyearbyen, og SEAS er 100 pst. eigd av Longyearbyen lokalstyre. I etterkant av at Store Norske fekk i oppdrag å gjennomføre ei KVU og ei tilstandsvurdering av eksisterande infrastruktur har regjeringa lagt fram ei ny stortingsmelding om Svalbard (Meld. St. 26 (2023–2024)) der det mellom anna står at regjeringa har som intensjon at staten skal ta eit større ansvar for energiforsyninga i Longyearbyen, til dømes gjennom Store Norske, og avklare ansvaret for energiforsyninga så snart som mogeleg. Longyearbyen lokalstyre har også vedteke å gå i dialog med staten for å avklare ansvaret for energiforsyninga med intensjon om at ansvaret så raskt som mogeleg skal overførast til staten for å sikre fokus på drift, sikker forsyning og energiomstilling.

KVU-arbeidet og tilstandsvurderinga er vesentlege prosessar for å utarbeide eit grunnlag for å kunne ta endeleg stilling til eventuell overføring av ansvaret for energiforsyninga i Longyearbyen. I tillegg til dette er det behov for å gjennomføre ein økonomisk og finansiell selskapsgjennomgang (såkalla due diligence) av SEAS, og ei vurdering av eventuelle andre transaksjonskostnader inkludert å forstå finansielle implikasjonar av energireguleringa som Energidepartementet arbeider med. Dette må gjerast før ein tek endeleg stilling til eventuell overføring av ansvaret for energiforsyninga frå Longyearbyen lokalstyret til staten. Ein selskapsgjennomgang krev ekstern finansiell og juridisk støtte som Store Norske vurderer vil koste om lag 2,5 mill. kroner.

Store Norske-styret vurderte opphavleg at ei KVU og ei tilstandsvurdering av den eksisterande energiinfrastrukturen kunne gjennomførast innanfor ei kostnadsramme for ekstern støtte på om lag 8 mill. kroner, og at selskapet hadde finansielt handlingsrom til å handtere dette. Arbeidet har vist seg å vere meir komplekst og krevjande enn tidlegare rekna med, mellom anna grunna større behov for ekstern bistand. Kostnadsanslaget for ekstern bistand har difor auka til 11,5 mill. kroner. Tidsmessig vurderer Store Norske at det også er hensiktsmessig å gjennomføre selskapsgjennomgangen av SEAS no, slik at eventuelle funn frå gjennomgangen kan bli sett i samanheng med den tekniske tilstandsvurderinga. Med bakgrunn i dette og ein stram likviditet i selskapet har styret i Store Norske vurdert kapitalbehovet på nytt og bedt Nærings- og fiskeridepartementet som oppdragsgjevar å bidra med 14 mill. kroner i tilskot til å dekkje kostnader knytt til KVU, tilstandsvurdering og selskapsgjennomgang av SEAS i 2024.

For å oppretthalde naudsynt framdrift i arbeidet med å etablere ei forsvarleg og sikker energiforsyning i Longyearbyen er det departementet si vurdering at arbeidet med KVU, tilstandsvurderinga av infrastrukturen og selskapsgjennomgangen av SEAS bør gjennomførast så snart som mogeleg. Dersom staten ikkje kompenserer kostnadane vil konsekvensen vere at det ikkje vil vere mogeleg å gjennomføre planlagde aktivitetar som er vurdert å vere tidskritiske. Departementet gjer difor framlegg om å løyve 14 mill. kroner i tilskot til Store Norske til å dekkje kostnader for arbeidet med KVU av energiforsyninga, tilstandsvurdering av eksisterande infrastruktur og for å gjennomføre ein selskapsgjennomgang av SEAS.

Kap. 952 Investinor AS

Post 50 Risikokapital

Ordninga med pre-såkornfond blei overført frå Innovasjon Noreg til Investinor i 2020, og det blei oppretta eit nytt mandat for fonds- og matchinginvesteringar i Investinor. Stortinget vedtok i 2020 at det ikkje skulle opprettast nye fond under den opphavelege pre-såkornordninga, og at det nye mandatet i Investinor mellom anna kunne ta hand om føremålet med ordninga med pre-såkornfond og såkornfond framover. Det blei lagt til grunn at tilbakebetalte utlån frå pre-såkornfond kunne nyttast som inndekking for løyvingar til risikokapital til det nye mandatet i Investinor. Nærare omtale er gitt i Prop. 1 S (2019–2020) under «Saker i tilknytning til enkeltselskaper» og under kap. 950, post 54 om Investinor sitt mandat for forvalting av fonds- og matchinginvesteringar. Ein viser også til løyvinga på til saman 58,5 mill. kroner i 2021, jf. Prop. 27 S (2021–2022), Prop. 25 S (2023–2024) og til framlegg om tilbakeføring av 20,7 mill. kroner frå pre-såkornordninga under kap. 3952, post 50.

Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å nytte tilbakebetaling frå pre-såkornordninga til å auke løyvinga til risikokapital i Investinor med 20,7 mill. kroner. Dette vil auke Investinor sin investeringskapasitet under mandatet. Ein viser også til omtale under post 95 der det blir gjort framlegg om å auke løyvinga til kapitalinnskot til mandatet med 38,4 mill. kroner i 2024. Bakgrunnen for at kapital til Investinor sjablongmessig blir budsjettert med 35 pst. risikokapital og 65 pst. kapitalinnskot er basert på prinsipp og etablert praksis for budsjettering av lånetransaksjonar i staten, jf. omtale i pkt. 8.2 i Prop. 1 S (2022–2023) Gul bok. Mandatet blir med dette tilført totalt 209 mill. kroner i 2024, inkludert 150 mill. kroner som er tilført tidlegare.

På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å auke løyvinga med 20,7 mill. kroner, til 73,2 mill. kroner.

Post 95 Kapitalinnskot

Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga til mandatet for fonds- og matchinginvesteringar med til saman 59,1 mill. kroner, til 209,1 mill. kroner i 2024, jf. omtale under post 50.

På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å auke løyvinga med 38,4 mill. kroner, til 135,9 mill. kroner.

Kap. 2421 Innovasjon Noreg

Post 50 Tilskot til etablerarar og bedrifter, inkl. tapsavsetjingar

Gjennom handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2024 fekk Innovasjon Noreg i oppgåve å forvalte den nye risikolåneordninga Grøn industrifinansiering. Ordninga har ei samla ramme på 5 mrd. kroner og avsetjing til tap på 1,75 mrd. kroner som blei gitt over ny post 53.

Som for andre låneordningar forvalta av Innovasjon Noreg skal kostnader til administrasjon bli dekt av renteinntektene frå ordninga. I 2024 har Innovasjon Noreg pådrege seg kostnader til ordninga utan å ha hatt renteinntekter. Innovasjon Noreg er i all hovudsak finansiert gjennom løyvingar frå det offentlege. Dermed må alle midlane nyttast i tråd med føringane som gjeld for dei ulike løyvingane og prinsippet om at den einskilde oppdragsgjevar skal dekkje kostnadane ved sine oppdrag til selskapet. Det er ingen andre løyvingar som kan dekkje kostnadane til denne ordninga i 2024. Som ei mellombels løysing gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei tilleggsløyving på 6 mill. kroner til å dekkje kostnadene i 2024, mot tilbakebetaling i 2025 når ordninga er venta å få tilstrekkeleg med renteinntekter. Departementet vil kome tilbake til Stortinget med framlegg om tilbakebetaling av beløpet anten i revidert nasjonalbudsjett eller i nysalderinga for 2025.

Post 70 Basiskostnader

Skatteetaten har gjennomført ein kontroll av Innovasjon Noreg si melding for meirverdiavgift (mva-melding) for 6. termin 2021. Det er fatta eit vedtak som byggjer på at Innovasjon Noreg sin praksis ved å føre frådrag for meirverdiavgift basert på aktiviteten til verksemda har vore feil. Konsekvensane av vedtaket er auka kostnader for Innovasjon Noreg, dels på grunn av eit krav om etterbetaling av mva-kostnader for åra 2021–2023, og dels fordi dei årlege mva-kostnadene, slik Skatteetaten tolkar reglane, vil bli høgare frå 2024 og framover. Innovasjon Noreg klaga på vedtaket i mars 2024. Skattekontoret fatta vedtak om delvis medhald i klaga si subsidiære merknad, som gjeld fordeling av dei felleskostnader som gir rett til frådrag for inngåande mva og dei som ikkje gjer det. Saka sin hoveddel, som gjeld rett til frådrag for inngående mva for aktivitet som berre er finansiert ved offentlege tilskot, er oversendt til Skatteklagenemnda for avgjerd. I påvente av ei endeleg avgjerd held Innovasjon Noreg seg til Skatteetaten sitt vedtak, må innbetale kravet til Skatteetaten og avsetje for kostnaden i årsoppgjeret for 2024.

Selskapet har ikkje tilstrekkeleg eigenkapital til å dekkje kravet om tilbakebetaling. Som eigar har staten eit særskilt ansvar for at selskapet har forsvarleg eigenkapital. Nærings- og fiskeridepartementet gjer difor framlegg om å auke løyvinga for å dekkje selskapet sine mva-kostnader for åra 2021–2024 med 84 mill. kroner, til 260,3 mill. kroner. Dersom Innovasjon Noreg heilt eller delvis vinn fram i si klage til Skatteetaten, skal den overskytande delen av midlane betalast tilbake til statskassa.

Post 90 Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving

Innovasjon Noreg kan ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Innovasjon Noreg refinansierer utlånsporteføljen ved å ta opp korte og langsiktige lån i statskassa med tilbakebetalingstid frå to månader til fleire år, avhengig av rentebindingstid på utlåna. Innlån og avdrag blir bruttoført, dvs. at beløpa blir utgifts- og inntektsført kvar gong Innovasjon Noreg tek opp eller tilbakebetalar eit lån i statskassa, og akkumulert. Løyvinga vil variere som følgje av kor ofte ein refinansierer innlåna, men også vere avhengig av endringar i utlånsvolum og delen fastrentelån. Avdrag på innlåna blir inntektsført under kap. 5325. Løyvingsendringane på statsbudsjettet for 2024 er basert på anslag om marknadsutvikling, fordeling av flytande/faste lån, porteføljeutvikling og innbetalingar av avdrag og renter frå kundar. Innlåna er anslått å bli lågare enn det som låg til grunn ved Saldert budsjett 2024. Departementet gjer også framlegg om å redusere avdraga, jf. omtale under kap. 5325, post 90.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 2,51 mrd. kroner, til 61,89 mrd. kroner.

Kap. 2429 Eksportkredittordninga

Post 90 Utlån

I Saldert budsjett 2024 blei det løyvd 7 mrd. kroner til utlån under staten si eksportkredittordning. Det er betalt ut meir i utlån enn venta i løpet av året. Nytt anslag for utlån under ordninga er 12 mrd. kroner. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 5 mrd. kroner, til 12 mrd. kroner.

Kap. 2460 Eksportfinansiering Noreg

Fullmakt til å postere mot mellomværet med statskassa

Eksportfinansiering Noreg (Eksfin) tek imot innbetalingar frå kundar som både har teke opp lån under eksportkredittordninga og garantiar på same bankkonto. Føremålet er å gjere det enkelt for kundane. Innbetalingane til eksportkredittordninga blir ført i løyvingsrekneskapen, medan innbetalingane for garantiane blir overført til eigne fond for garantiordningane som er utanfor løyvingsrekneskapen. I nokre tilfelle kan det vere garantiinntekter som ikkje blir ført over i riktig periode og som dermed blir ståande som mellomvære med staten. Det er behov for at Eksfin får unnatak frå økonomiregelverket for å kunne halde fram med denne praksisen, og Nærings- og fiskeridepartementet gjer difor framlegg om fullmakt til postering mot mellomværet med statskassa, jf. forslag til vedtak IV.

Til forsida