Prop. 27 S (2024–2025)

Endringar i statsbudsjettet 2024 under Nærings- og fiskeridepartementet

Til innhaldsliste

3 Omtale av forslag til inntektsendringar

Kap. 3904 Brønnøysundregistra

Post 01 Gebyrinntekter

Brønnøysundregistra sine nye prognoser for gebyrinntekter for 2024 er på om lag 672 mill. kroner. Samanlikna med revidert nasjonalbudsjett 2024 forventar Brønnøysundregistera noko høgare gebyrinntekter knytt til Einingsregisteret og Lausøyreregisteret, medan det er forventa lågare inntekter for Føretaksregisteret.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 2 mill. kroner, til 672,5 mill. kroner.

Post 02 Refusjonar, oppdragsinntekter og andre inntekter

Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 3,6 mill. kroner mot ei tilsvarande auke under kap. 904, post 02. Endringa kjem som følgje av forventa meirinntekt frå utviklingsarbeid i Våpenregisteret som er dekt av Justis- og beredskapsdepartementet.

Kap. 3906 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

Post 01 Leie av bergrettar og eigedomar

Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 45 000 kroner, til totalt 60 000 kroner. Mindreinntekta kjem som følgje av reduserte leigeinntekter etter sal av eigedom.

Post 02 Handsamingsgebyr

Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 0,6 mill. kroner til 1,4 mill. kroner. Meirinntekta kjem som følgje av auka interesse for mineralverksemd i Noreg.

Kap. 3910 Sjøfartsdirektoratet

Post 01 Gebyr for skip og innretningar i NOR

Med bakgrunn i nye anslag frå Sjøfartsdirektoratet gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere gebyrinntektene med 10 mill. kroner, til 233,5 mill. kroner. Årsaka er mellom anna færre nybygg som søkast registrert. Dette utgjer om lag 5 mill. kroner. I tillegg skil årets rekneskap mellom gebyr for flyttbare innretningar i NOR og NIS. Løyvinga under post 01 reduserast med om lag 4,9 mill. kroner, men aukast tilsvarande for gebyr for skip i NIS under post 04, jf. omtale under denne posten.

Post 03 Ymse inntekter

Inntektene gjeld refusjonar frå andre, mellom anna Kystverket, Havtilsynet og Fritidsbåtplattformen. Med bakgrunn i nye anslag frå Sjøfartsdirektoratet gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 1,75 mill. kroner, til 2,3 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av kap. 910, post 01.

Post 04 Gebyr for skip i NIS

Med bakgrunn i nye anslag frå Sjøfartsdirektoratet gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke gebyrinntektene. Årsaka er at årets rekneskap skil mellom gebyr for flyttbare innretningar i NOR og NIS, jf. omtale under post 01, og anslagsendringar på gebyr. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 5,1 mill. kroner, til 74,5 mill. kroner.

Kap. 3911 Konkurransetilsynet

Post 03 Refusjonar og andre inntekter

Inntektene gjeld eksterne refusjonar for kurs og konferansar. Anslagsendringa gjeld eit lågare tal på deltakarar til Konkurransetilsynets årlege fagkonferanse enn venta. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 86 000 kroner, til 123 000 kroner.

Kap. 3912 Klagenemndssekretariatet

Post 01 Klagegebyr

Inntektene gjeld klagegebyr på rådgjevande anskaffingssaker og ulovlege direkte anskaffingar, behandla av Klagenemnda for offentlege anskaffingar. Ved utgangen av august var det innbetalt 0,8 mill. kroner i klagegebyr. Det er sannsynleg at det vil kome fleire innbetalingar i løpet av hausten. Samansetninga mellom rådgjevande klagesaker og ulovlege direkte anskaffingar gjer det vanskeleg å estimere nøyaktig kor mykje som vil bli innbetalt i klagegebyr. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 0,2 mill. kroner, til 1 mill. kroner.

Post 87 Lovbrotsgebyr

Inntektene gjeld vedtak om brot i klagesaker om offentlege anskaffingar der det er pålagt brotsgebyr. Det er gitt brotsgebyr i 16 klagesaker og innbetalt om lag 12,7 mill. kroner per utgangen av august. Det er usikkert om det vil kome fleire innbetalingar i løpet av året og i så fall kor mykje som vil bli innbetalt. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 0,3 mill. kroner, til 12,7 mill. kroner.

Kap. 3917 Fiskeridirektoratet

Post 05 Sakshandsamingsgebyr

Inntektene gjeld gebyr for akvakultursøknader, søknader om ervervsløyve og andre fartøysaker i fiskeria og innmeldingsgebyr for merkeregisteret for fiskefartøy. Gebyrinntektene en ein funksjon av talet på sakar som kjem inn og varierer frå år til år. Innbetalt gebyr per andre tertial er lågare enn budsjettert. Av omsyn til realistisk budsjettering gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 5 mill. kroner, til 35 mill. kroner.

Post 13 Inntekter frå sal av løyve til oppdrett

I framlegget til revidert nasjonalbudsjett 2024 blei eit berekningsteknisk anslag lagt til grunn for inntektene frå tildelingsrunden i 2024. Dei faktiske inntektene blei 6,226 mrd. kroner. Inntektene skal delast mellom staten, og kommunar og fylkeskommunar med oppdrettsverksemd. Den kommunale delen av inntektene utgjer 55 pst. Ein viser også til omtale under kap. 919, post 60.

På dette grunnlag gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2,671 mrd. kroner, til 6,226 mrd. kroner.

Post 86 Forvaltningssanksjonar

Inntekter på posten gjeld tvangsmulkt og lovbrotsgebyr i fiskeri- og havbrukssaker. Omfanget av sanksjonar varierer frå år til år og har til no i 2024 vore låge. Av omsyn til realistisk budsjettering gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 8 mill. kroner, til 2 mill. kroner.

Kap. 3926 Havforskingsinstituttet, forskingsfartøy

Post 86 (ny) Inntekt frå dagbot

Det visast til omtale under kap. 926, post 01. Netto innbetaling av dagbot til Havforskingsinstituttet er anslått til 3 mill. kroner. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på 3 mill. kroner.

Kap. 3935 Patentstyret

Post 01 Inntekt av informasjonstenester

Patentstyrets inntekter frå informasjonstenester er vesentleg lågare enn det som blei lagt til grunn i Saldert budsjett 2024. Dette skyldast ein generell nedgang i etterspurnaden etter forundersøkingar på varemerke- og patentområdet.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 1,5 mill. kroner, til 4,5 mill. kroner.

Kap. 3936 Klagenemnda for industrielle rettar

Post 01 Gebyr

Klagenemnda sine gebyrinntekter har vore lågare enn det som blei lagt til grunn i Saldert budsjett 2024. Dette skyldast færre innkomne klagar på avgjerder tekne av Patentstyret. Nye anslag tilseier difor at løyvinga for kap. 3936, post 01 reduserast i tråd med prinsippet om realistisk budsjettering.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 231 000 kroner, til 0,5 mill. kroner.

Kap. 3940 Internasjonaliseringstiltak

Post 71 Tilbakebetaling av støtte ved kapitalvareeksport

Ordninga med fastrentelån (CIRR-lån) til kjøparar av norske eksportvarer, den såkalla 108-ordninga, blei oppretta i 1978. Føremålet med ordninga var å fremje norsk eksport ved å tilby eksportfinansiering på same vilkår som andre land. Ordninga blei forvalta av selskapet Eksportfinans ASA, på vegner av staten. I 2011 blei 108-avtalen sagt opp med verknad for nye lån, då forvaltninga av det statlege eksportfinansieringstilbodet blei overteke av Eksportkreditt Noreg AS (no Eksportfinansiering Noreg). Den attverande porteføljen under 108-ordninga blir framleis forvalta av Eksportfinans. Av denne porteføljen står det igjen om lag 235 mill. kroner per 30. september 2024, og siste låneforfall er i 2029. Eksportfinans har fått godtgjersle for å forvalte ordninga gjennom marginar på uteståande lån. Årsresultatet av ordninga kjem fram som renteinntekter med fråtrekk i renteutgifter og godtgjersle for forvaltning, justert for oppgjer ved eventuelle førehandsinnfriingar av utlån. Årsresultata til ordninga har tidlegare blitt godskrivne eller belasta statsbudsjettet to år etter at dei kom. Oppgjera har også dekt rentegodtgjersle for den mellomliggjande perioden fram til oppgjerstidspunktet.

I Prop. 1 S (2024–2025) blei det varsla at Nærings- og fiskeridepartementet tek sikte på å avslutte avtalen med Eksportfinans ASA om forvaltning av 108-ordninga og gjere sluttoppgjer hausten 2024. Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om at avtalen mellom departementet og Eksportfinans blir sagt opp med verknad frå 30. september 2024. Sluttoppgjeret skal dekkje:

  1. resultatet av ordninga i 2024 fram til sluttdato

  2. rentegodtgjersle for saldo under ordninga i 2024 fram til utbetaling

  3. noverdi av forventa framtidige overskot i ordninga per sluttdato, og

  4. rentegodtgjersle for noverdien av forventa framtidige overskot i ordninga frå avslutning til utbetaling frå Eksportfinans til departementet

Sluttoppgjeret er på 2,783 mill. kroner. I tillegg blir det foreslått at 2023-resultatet til ordninga (som elles ville blitt utbetalt i 2025) på omlag 928 000 kroner, med rentegodtgjersle på om lag 68 000 kroner blir gjort opp som del av den avsluttande eingongsutbetalinga i år.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 3,8 mill. kroner, til 5,5 mill. kroner.

Kap. 3950 Forvaltning av statleg eigarskap

Post 96 Sal av aksjar

Fleire av dei børsnoterte selskapa har tilbakekjøpsprogram der selskapet blir gitt fullmakt til å kjøpe sine eigne aksjar i marknaden med sikte på seinare sletting av aksjane. For desse tilfella er det etablert et avtaleverk som inneber innløysing og sletting av eit slikt tal av staten sine aksjar at staten sin eigardel i selskapet ikkje endrar seg som følgje av tilbakekjøpsprogrammet. Staten får eit vederlag for sletting av staten sine aksjar som svarar til det volumvekta gjennomsnittet av kursen selskapet har betalt for aksjane, pluss ein rentekompensasjon og justert for eventuelle utbyte. I 2024 utgjer vederlaga som staten har fått for sletting av staten sine aksjar om lag 6,2 mrd. kroner eksklusiv vederlag for sletting av staten sine aksjar i Equinor ASA, jf. kap. 3955, post 96. Desse er fordelt på 3 439,2 mill. kroner frå DNB Bank ASA, 1 893,8 mill. kroner frå Telenor ASA, 680,9 mill. kroner frå Norsk Hydro ASA.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 6,014 mrd. kroner, til 6,164 mrd. kroner.

Kap. 3952 Investinor AS

Post 50 Tilbakeført kapital, pre-såkornfond m.m.

Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å føre tilbake 20,7 mill. kroner frå pre-såkornordninga i Investinor, jf. omtale under kap. 952, post 50. Tilbakebetalingane kjem frå realiseringar i 13 ulike fond og er i hovudsak avdrag på lån, men også betaling av renter. Investinor har også hatt eit overskot frå midlar knytt til ordninga med såkornfond. Kapitalen under ordninga blir ikkje investert samstundes med innskotet frå staten. Dette kjem både av at det tek tid å fatte investeringsavgjerder, og at det tek tid før eit fond har bedt om all investeringskapitalen som investorane har gitt føremon om. Dermed blir delar av midlane mellombels plassert i rentefond. I 2023 ga desse midlane 32,7 mill. kroner i avkastning. Det var ikkje budsjettert med eit slikt overskot i Saldert budsjett 2024. Ein viser også til tilbakebetalingar frå såkornfonda, jf. post 90 under.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 53,3 mill. kroner, til 76,5 mill. kroner.

Post 90 Tilbakeført kapital, såkornfond

Sidan 1997 har det blitt oppretta såkornfond med støtte frå staten gjennom fleire bølger med fond med ulik innretning. I dei to første bølgene med fond er det dei private investorane som eig fonda, medan staten tilførte fonda kapital gjennom ansvarlege lån. I fond oppretta etter 2012 deltek staten som eigar i fonda. Lån og eigenkapital til alle fonda blei opphaveleg gitt gjennom Innovasjon Noreg, men det er i dag Investinor som følgjer opp ordninga på vegne av staten. I Prop. 1 S (2022–2023) Nærings- og fiskeridepartementet er det under kap. 952 gitt ei oversikt over dei ulike ordningane og fonda.

Under handsaminga av statsbudsjettet for 2003 og 2005 blei det løyvd 700 mill. kroner i lånekapital på ein 90-post (under streken) og 175 mill. kroner til å dekkje eventuelle tap knytt til utlåna på ein 50-post (over streken). I berekninga av tapsfond blei det lagt til grunn eit gjennomsnittleg tap på 25 pst. av lånekapitalen. I 2024 er hovuddelen av lånet til fondet Norinnova Invest AS i Tromsø tilbakebetalt, med 98,1 mill. kroner. Fondet skulle etter planen blitt avvikla i 2024, men for å ta hand om attverande verdiar i fondet har Investinor gjort ein avtale om utsett tilbakebetaling av 12 mill. kroner i lån og renter i den grad det er grunnlag for det, jf. også Innst. 123 S (2023–2024) og Prop. 25 S (2023–2024) om Investinor si fullmakt til å gjere tiltak for å ta hand om verdiar i fonda. Dersom desse verdiane blir realisert, vil inntekter frå sal bli tilbakeført til staten. Dei to andre uoppgjorte fonda av opphaveleg fem fond oppretta under ordninga, er planlagt avvikla tidleg i 2025.

Det er også tilbakebetalt samla 18,4 mill. kroner i utbyte frå to av såkornfonda som blei oppretta etter 2012. Det blei ikkje budsjettert med tilbakebetaling av midlar i Saldert budsjett 2024.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 116,5 mill. kroner i avdrag på lån og tilbakebetaling av kapital frå ordningane med såkornfond, til 219,1 mill. kroner.

Kap. 3955 Equinor ASA

Post 96 (ny) Sal av aksjar

Ein viser til omtale under kap. 3950, post 96 om at børsnoterte selskap kan ha tilbakekjøpsprogram der selskapet blir gitt fullmakt til å kjøpe sine eigne aksjar i marknaden med sikte på seinare sletting av aksjane. Så langt i 2024 utgjer vederlaget som staten fekk for sletting av staten sine aksjar i Equinor ASA om lag 42,8 mrd. kroner. Staten sin eigardel i selskapet er vidareført med 67 pst.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på 42,801 mrd. kroner. Beløpet inngår i inntektene frå petroleumsverksemda som blir overført til Statens pensjonsfond utland.

Kap. 5325 Innovasjon Noreg

Post 53 Tilbakeføring av unytta tiltakspakkemidlar

Innovasjon Noreg fekk i 2020 utbetalt 2 mill. kroner til å dekkje forvaltningskostnader for ordninga Kompensasjonsordning for utgifter til lovpålagt vedlikehald i sesongverksemder. Det står att 622 000 kroner i unytta midlar til ordninga. Det har ikkje påkome kostnader knytt til dette oppdraget hittil i 2024, og oppdraget blir sett på som ferdig.

Innovasjon Noreg fekk i 2022 utbetalt 2,5 mill. kroner til å dekkje forvaltningskostnader for ordninga Tilskot til verksemder som har hatt inntektsbortfall i samband med krigen i Ukraina. Av desse midlane er 1,68 mill. kroner unytta. Det har ikkje påkome kostnader knytt til dette oppdraget hittil i 2024, og oppdraget blir sett på som ferdig.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2,3 mill. kroner, til 203,1 mill. kroner.

Post 71 (ny) Tilbakeføring av omstillingsmidlar

Gjennom handsaminga av Prop. 1 S Tillegg 1 (2021–2022) blei Innovasjon Noreg pålagt å gjennomføre ei gevinstrealisering tilsvarande 100 mill. kroner over tre år. Selskapet blei i samband med nysalderinga 2021 tildelt ei løyving på 75 mill. kroner til å gjennomføre omstillingsprogrammet. Midlane blei gitt under føresetnad om at selskapet sjølv skulle dekkje minst 20 pst. av omstillingskostnadene. Innovasjon Noreg vil ha gjennomført omstillinga ved utgangen av 2024 og leverte endeleg sluttrapport til Nærings- og fiskeridepartementet i oktober i år. Departementet si vurdering er at omstillingsprosessen er gjort på ein god måte, og at det er gjennomført nødvendige effektiviseringstiltak innanfor fornuftige kostnadsrammer og dei føresetnadene som blei gitt.

Av dei 75 mill. kronene som blei gitt, står det att 80 000 kroner. På dette grunnlag gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på 80 000 kroner.

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar

Posten omfattar avdrag på lån som Innovasjon Noreg har teke opp i statskassa. Ein viser til omtale av opplegget for lån under kap. 2421, post 90. Som følgje av lågare opptak av lån enn lagt til grunn i Saldert budsjett 2024, er det behov for å redusere løyvinga.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 1,2 mrd. kroner, til 61,8 mrd. kroner.

Kap. 5329 Eksportkredittordninga

Post 70 Gebyr m.m.

I Saldert budsjett 2024 blei det løyvd 20 mill. kroner til gebyr. Nytt anslag for gebyr er 25 mill. kroner. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 5 mill. kroner, til 25 mill. kroner.

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar

I Saldert budsjett 2024 blei det løyvd 5,4 mrd. kroner til avdrag under eksportkredittordninga. Nytt anslag er oppjustert til 8 mrd. kroner. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2,6 mrd. kroner, til 8 mrd. kroner.

Kap. 2440 og 5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

Tabell 3.1 Endring av løyvingar i statsbudsjettet 2024 under kap. 2440 og 5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE)1

(i mill. kr)

Kap./post/ underpost

Nemning

Gjeldande løyving2

Forslag til ny løyving

Endring1

Kap. 2440

Post 30

Investeringar

30 100

36 000

5 900

Post 31 (ny)

Kjøp av eigardelar

0

11 900

11 900

Sum kap. 2440

30 100

47 900

17 800

Kap. 5440

U.post 24.1

Driftsinntekter

272 400

311 200

38 800

U.post 24.2

Driftsutgifter

-46 600

-42 200

4 400

U.post 24.3

Leite- og feltutviklingsutgifter

-2 200

-2 500

-300

U.post 24.4

Avskrivingar

-28 000

-29 400

-1 400

U.post 24.5

Renter av staten sin kapital

-3 800

-3 800

0

Post 24

Driftsresultat

191 800

233 300

41 500

Post 30

Avskrivingar

28 000

29 400

1 400

Post 80

Renter av staten sin kapital

3 800

3 800

0

Post 85

Renter av mellomverande

0

0

0

Sum kap. 5440

223 600

266 500

42 900

SDØE sin kontantstraum:

Innbetalingar3

272 400

311 200

38 800

Utbetalingar4

78 900

92 600

13 700

Netto kontantstraum frå SDØE

193 500

218 600

25 100

1 Beløpa i tabellen er runda av til nærmaste 100 mill. kroner. Det kan difor førekomme avvik når tala summerast.

2 Revidert budsjett, jf. Innst. 447 S og Prop. 104 S (2023–2024)

3 Innbetalingar = driftsinntekter

4 Utbetalingar = driftsutgifter + leite- og feltutviklingsutgifter + investeringar

Overslaget for kap. 2440, post 30 Investeringar er auka med 5,9 mrd. kroner, til 36 mrd. kroner. Dette kjem i hovudsak som følgje av gjennomføringa av oppgjeret med Equinor for SDØE si deltaking i Danske Commodities, endring i fasing av utbyggjingsinvesteringar på Troll, og auka kostnader til produksjonsboring på felt som Åsgard og Gullfaks. Overslaget for kap. 2440, post 31 Kjøp av eigardelar, er knytt til kjøp av eigardelar i gasstransportsystemet. Forslag til løyving på 11,9 mrd. kroner består av kjøpesum for overdregne eigardelar, noverdi av skattebalansar og forventa pro et contra-oppgjer basert på ti månaders inn- og utbetalingar. Kjøpet av eigardelar i gasstransportsystemet er omtalt nærare under.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.1 Driftsinntekter er auka med 38,8 mrd. kroner, til 311,2 mrd. kroner. Auken kjem av eit høgare volum for olje og gass, auka gassprisføresetnader for 2024 og oppgjeret knytt til Danske Commodities. Prisen på gass er auka frå 4,0 kr/Sm3 til 4,4 kr/Sm3 i forhold til førre anslag, medan prisen på olje er redusert frå 869,7 NOK/fat til 854,14 NOK/fat.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.2 Driftsutgifter er redusert med 4,4 mrd. kroner, til 42,2 mrd kroner. Dette kjem i hovudsak av reduserte utgifter til kjøp av tredjepartsgass, lågare kraftprisar og reduserte miljøavgifter.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.3 Leite- og feltutviklingsutgifter er auka med 300 mill. kroner, til 2,5 mrd. kroner som følgje av forventa høgare aktivitet og kostnader.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.4 Avskrivingar er auka med 1,4 mrd. kroner, til 29,4 mrd. kroner som følgje av høgare anslag for olje- og gassproduksjon.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.5 Renter av staten sin kapital er uendra.

Endringane fører samla til at driftsresultatet for SDØE er auka med 41,5 mrd. kroner, til 233,3 mrd. kroner.

Netto kontantstraum frå SDØE er rekna til 218,6 mrd. kroner, ein auke på 25,1 mrd. kroner.

Prisføresetnader:

Produkt

Gjeldande føresetnader for 2024

Nye føresetnader for 2024

Olje (NOK/fat) – laupande

869,7

854,1

Olje (USD/fat) – laupande

82,8

80,5

Gass (NOK/Sm3) – laupande

4,0

4,4

Kondensat (NOK/Sm3) – laupande

5 470,4

4 666,0

NGL (NOK/tonn) – laupande

5 894,4

6 027,0

Valutakurs (NOK/USD)

10,5

10,6

Kjøp av eigardelar i gasstransportsystemet

Omsynet til forsvarleg utnytting av dei norske olje- og gassressursane tilseier at størstedelen av overskotet blir teke ut i tilknyting til felta, og til dømes ikkje i infrastruktur knytt til transport. Eit velfungerande, effektivt gasstransportsystem med låge tariffar, som reflekterer den samfunnsøkonomiske kostnaden ved bruk av systemet, er viktig for å nå hovudmålet i petroleumspolitikken. Hovudmålet er å legge til rette for lønnsam produksjon av olje og gass i eit langsiktig perspektiv.

God ressursforvalting gjennom låge tariffar har vore eit sentralt rammevilkår for utvikling og bruk av norsk gassinfrastruktur, jf. St.meld. nr. 46 (1986–87). Desse omsyna har vore berande for utviklinga og bruken av gasstransportsystemet. Dette er framheva i forarbeida til petroleumsloven og har vore gjenteke i ei rekkje seinare stortingsmeldingar og -proposisjonar.

For at gasstransportsystemet på norsk kontinentalsokkel skal brukast effektivt og utviklast heilskapleg, slik at det blir lagt til rette for god ressursforvaltning, er aktiviteten organisert med dette som føremål og underlagt omfattande reguleringar. Eigarinnflytelsen i systemet er avgrensa som følgje av dette.

Dei sentrale delane av gasstransportsystemet blir i dag eigd gjennom interessentskapa Gassled, Nyhamna og Polarled. Store delar av Gassled-løyva, herunder eksportrøra til kontinentet, har konsesjonstid som går ut i 2028. Staten har rett til statleg overtaking (heimfallsrett) ved utløpet av konsesjonstida. Andre delar av gasstransportsystemet som blir eigd av Gassled, har lenger konsesjonstid, medan enkelte anlegg ikkje har eksplisitt konsesjonstid. Nyhamna og Polarled har begge konsesjonstid til 2041. Staten har allereie betydelege eigardelar i desse systema gjennom SDØE-ordninga med Petoro som forvaltar og rettshavar.

Bakgrunnen for å varsle om bruk av heimfallsretten er at Energidepartementet har vurdert staten til å vere den mest hensiktsmessige eigaren for denne infrastruktur på vilkår som vil understøtte hovudmålet for petroleumspolitikken, inkludert låge tariffar for brukarane. Energidepartementet vurderte også at reindyrka infrastruktureigarar, til dømes i eit slikt system etter utløpet av konsesjonstida, ikkje vil kunne binde kapital slik dei har gjort tidlegare ettersom tariffane då og har reflektert avkasting frå store, historiske investeringar. Energidepartementet framhevar at interessene til utvinningsselskapa i stor grad er vareteke gjennom organiseringa og reguleringa av verksemda, som avgrensar deira interesse av å vere eigar.

Regjeringa finn det føremålstenleg å ha eit heilstatleg eigarskap for dei sentrale delane av gasstransportsystemet på lang sikt, jf. omtale i Energidepartementets Prop. 1 S (2023–2024) og Prop. 1 S (2024–2025). Eit heilskapleg eigarskap er venta å leggje til rette for ei meir rasjonell vidareutvikling og bruk av systemet, og er venta å bidra positivt til ressursforvaltninga og verdiskapinga på norsk kontinentalsokkel.

Energidepartementet formidla 28. april 2023 til dagens eigarar at staten tok sikte på å nytte seg av heimfallsretten når konsesjonstida går ut for den omfattande infrastrukturen, og at staten ønska eit felles, heilstatleg eigarskap i det sentrale gasstransportsystemet.

Energidepartementet har på bakgrunn av dette hatt sonderingar med dagens eigarar. Juridisk rådgjevar Wiersholm, finansiell rådgjevar Pareto Securities og Petoro AS har bistått Energidepartementet i prosessen. Operatøren for interessentskapa, Gassco AS, har bidrege med fakta inn i prosessen, både ovanfor departementet og eigarane.

I sonderingane kom det eit ønske frå eigarselskapa om statleg overtaking tidlegare enn ved utløpet av konsesjonstida, helst med effektiv økonomisk dato 1. januar 2024. På bakgrunn av dette sendte Energidepartementet 5. juli 2024, med atterhald om mellom anna godkjenning av Stortinget, tilbod om å kjøpe dei privateigde deltakardelane av interessentskapa Gassled, Polarled og Nyhamna, med 1. januar 2024 som effektiv dato. Det blei også gitt tilbod om kjøp av deltakardelar i Dunkerque terminal (Frankrike) og Zeepipe terminal (Belgia), samt aksjepostar i Norsea Gas GmbH (tilknytt terminal i Tyskland) som alle er knytte til eigardelane i Gassled.

Energidepartementet er opptatt av at eigarinnflytelsen i gasstransportsystemet også framover understøttar god ressursforvalting. I tilbodet til Equinor 5. juli tok staten difor atterhald om tilstrekkeleg akseptgrad frå resterande rettshavarar. Basert på svara frå dei ulike eigarane, tilbydde departementet 3. oktober Equinor moglegheita til å selje delar av selskapet sine delar i interessentskapa Nyhamna og Polarled, slik at Equinor ville sitte igjen med ein 5 pst. eigardelane i desse interessentskapa etter salet.

Energidepartementet har inngått sals- og kjøpsavtalar med sju av dei totalt ni eigarane om kjøp av privateigde deltakardelane i dei tre interessentskapa. Avtalar er inngått med A/S Norske Shell, CapeOmega AS, ConocoPhillips Skandinavia AS, Equinor Energy AS, Hav Energy NCS Gas AS, ORLEN Upstream Norway AS og Silex Gas Norway AS. Avtalane er, i tråd med tilboda, inngått med atterhald om Stortinget si godkjenning. Nedanfor følgjer ei oversikt over staten sine kjøp av deltakardeler og resterande eigardelar i dei tre interessentskapa etter transaksjonane:

Selskap

Transaksjon i prosent

Resterande eigarskap i prosent

Gassled

Nyhamna

Polarled

Gassled

Nyhamna

Polarled

Petoro AS (SDØE)

100

81,3

90

Equinor ASA

5,0

25,1

32,1

5,0

5,0

CapeOmega AS

26,3

18,2

28,3

Hav Energy NCS Gas AS

15,6

13,3

ORLEN Upstream Norway AS

8,2

Silex Gas Norway AS

6,4

ConocoPhillips Skandinavia AS

1,7

4,5

A/S Norske Shell

2,0

North Sea Infrastructure AS

13,7

M Vest Energy AS

5,0

Marknadsmessig verdsetting

Energidepartementet sin finansielle rådgjevar, Pareto Securities, vurderer vederlaga som staten vil betale iht. sals- og kjøpsavtalane å vere i tråd med marknadsmessig verdi av systema. Vederlaga i avtalane er basert på noverdien av forventa framtidige nettoinntekter som dagens eigarar ville hatt frå sitt eigarskap. Inntektene er knytt til myndigheitsfastsette tariffar og det er teke rimelege føresetnader knytt til marknadsbasert avkastingskrav, framtidig volum/oppsider, kostnader m.m. Transaksjonane er venta å vere verdinøytrale for staten som eigar. Transaksjonane vil leggje betre til rette for ei rasjonell vidareutvikling og bruk av transportsystemet. Dette kan medføre høgare statlege inntekter frå sektoren.

Andre sentrale høve

Tilbodet var frivillig, og i interessentskapa Nyhamna og Polarled har enkelte eigarar ikkje akseptert staten sitt tilbod. Energidepartementet er framleis interessert i å oppnå einsarta og heilstatleg eigarskap også for desse interessentskapa. Departementet tek difor sikte på at staten overtek desse eigardelane, enten ved konsesjonstida sitt utløp eller tidlegare gjennom ein avtale.

Ein likebehandlingsklausul knytt til eventuelle ytterlegare transaksjonar i interessentskapa Polarled og Nyhamna for ein periode framover, er knytt til sals- og kjøpsavtalane. Likebehandlingsklausulen inneber at dersom staten kjøper gjenståande eigardelar på meir gunstige økonomiske vilkår for seljar enn det som ligg i dei inngåtte sals- og kjøpsavtalane, kan det under visse føresetnader medføre ein etterkompensasjon til selskap som sel no.

Dei høgare statlege eigardelane vil leggjast til SDØE-ordninga, med Petoro som forvaltar og rettshavar. Det leggjast opp til eit presisert mandat for Petoro si forvalting av SDØE-delar i Gassled, Polarled og Nyhamna. Eit presisert mandat er viktig då Petoro skal forvalte eigarskapet i gasstransportsystemet slik at selskapet vektlegg god ressursforvalting og høg verdiskaping frå alle petroleumsressursane på kontinentalsokkelen, det vil seie ta eit heilskapleg sokkelperspektiv, uavhengig av SDØE eigardelar i felt. Petoro skal såleis i si eigarskapsutøving knytt til gasstransportsystemet ikkje leggje særskild vekt på effekten det kan ha for verdien av staten sine deltakardelar i utvinningsløyve. Petoro sitt mandat for ivaretaking av staten sine deltakardelar i utvinningsløyve vil vere uendra.

Som ledd i overdraginga forpliktar seljar seg i sals- og kjøpsavtalen til å gjennomføre nødvendige omorganiseringstiltak som tek omsyn til eventuelle tilsette som blir råka av transaksjonen. For enkelte selskap kan transaksjonen innebere at tilsette kan påberope seg reglane om verksemdsoverdraging etter arbeidsmiljøloven og tilsetjingsforhold hos ny arbeidsgjevar. For Petoro, som er ein liten organisasjon med relativt få tilsette, kan dette bli krevjande å handtere innanfor løyvinga over statsbudsjettet. Regjeringa vil kome tilbake til eventuelle budsjettmessige konsekvensar ved ei slik eventuell overføring av tilsette til Petoro.

Transaksjonane kan medføre enkelte eingongskostnader for Petoro, til dømes knytt til tinglysing og dokumentavgift, og andre eksterne juridiske utgifter mv. i samband med transaksjonane. Det er viktig at Petoro har kostnadsdekning for denne typen utgifter, og ein leggjer difor opp til at Petoro kan belaste SDØE for slike transaksjonsrelaterte eingongskostnader som følgje av overtaking av eigardelar i interessentskap mv., jf. forslag til vedtak V.

Vederlaget består av ein «sokkeldel» som er på etter-skatt-basis og ein «landdel» som er på før-skatt-basis. Samla vederlag for dei selskapa som har signert avtalar er om lag 18,1 mrd. kroner, der landdelen utgjer om lag 3,65 mrd. kroner og er «før-skatt» oppgjer. I tillegg vil staten kompensere for noverdi av selskapa sine attverande avskrivingar (skattebalansar) i petroleumsskatteregimet knytt til løyva, som utgjer om lag 0,5 mrd. kroner i vederlaget. Renter frå effektiv dato 1. januar 2024 til tidspunkt for oppgjer er rekna til om lag 0,9 mrd. kroner. Samla utgjer brutto vederlag om lag 19,5 mrd. kroner, inkludert renter og noverdi av skattebalansar. I den grad det skulle bli endringar med betydning for vederlaget, vil desse kome i tillegg til beløpa nemnt over. Vederlag blir dekka under kontantstraumen til SDØE og det leggjast opp til at budsjettmessige konsekvensar av transaksjonane blir innarbeidd under budsjettkapitla til SDØE, jf. kap. 2440/5440.

Ved gjennomføring av transaksjonane vil det også bli justert for kontantstraumane i perioden mellom effektiv dato 1. januar 2024 og dato for sluttføring av transaksjonane i 2024. Ein legg opp til at netto kontantstraum for dei første ti månadene i 2024 med tillegg av renter blir gjort opp saman med vederlaget og gjennomføring i 2024, medan dei siste to månadene av 2024 blir tatt som eit etteroppgjer i 2025. Kontantstraumane omfattar dei privateigde deltakarane sin del av inn- og utbetalingar m.m. og kallast eit «pro et contra»-oppgjer. Ved gjennomføring av transaksjonane vil det gjerast frådrag for netto pro et contra-oppgjer, med tillegg av renter i vederlag som utbetalast netto frå staten. Netto pro et contra-oppgjer (innbetalingar fråtrekt utbetalingar) med tillegg av renter for dei første ti månadene, er estimert til om lag 7,6 mrd. kroner og kjem til frådrag i brutto vederlag på 19,5 mrd. kroner. Petoro vil sørgje for pro et contra-oppgjeret ved gjennomføring i 2024 og etteroppgjer i 2025.

Som følgje av at dato for gjennomføring er nærmare eitt år etter effektiv dato, samt at pro et contra-oppgjeret er på før-skatt-basis, vil netto utbetaling frå staten som blir belasta SDØE under kap. 2440, ny post 31 Kjøp av eigardelar, vere betydeleg lågare enn brutto vederlag.

Regjeringa legg opp til å utgiftsføre utbetaling av vederlag fråtrekt netto pro et contra-oppgjer under kap. 2440, ny post 31 Kjøp av eigardelar. Kontantstraumane for 2024 som inngår i pro et contra-oppgjeret er ikkje endeleg kjende på noverande tidspunkt, irekna etterfølgjande etter-oppgjer og avrekning i 2025. Vidare er rentejusteringane av vederlaga og kontantstraumane fram til oppgjersdato førebelse estimat. Kjøp av deltakardelar omfattar også kjøp av aksjepost der det kan oppstå forseinking i transaksjon og oppgjer. Dette inneber at samla løyvingsbehov og tidspunkt for gjennomføring av transaksjonane ikkje er kjende på førehand. For å ivareta denne usikkerheita, blir det gjort framlegg om ei fullmakt frå Stortinget. Det blir foreslått ein fullmakt til å kunne overskride løyvinga under kap. 2440, post 31 Kjøp av eigardelar for å utgiftsføre utbetalingar av netto vederlag ved sluttføring av transaksjonane og som eventuelt overstig foreslått løyving, jf. forslag til vedtak V. Som følgje av at det kan oppstå forseinking i transaksjon og oppgjer, blir det også foreslått fullmakt til å ved behov kunne overføre ubrukt løyving til 2025 for å dekkje delar av oppgjeret som eventuelt blir forskyvd til 2025, jf. forslag til vedtak V.

Sluttføring av transaksjonane med eit pro et contra-oppgjer for kontantstraumane for månadene november og desember 2024, vil bli gjennomført så snart dei er klare i 2025 og rekneskapsført på kap. 2440. Dette vil bli følgt opp med forslag til justering av løyvingar i samband med revidert budsjett i mai 2025.

Kap. 5460 Eksportfinansiering Noreg

Post 90 Avdrag på lån knytt til bruk av trekkfullmakt under Alminneleg garantiordning

I Saldert budsjett 2024 blei det gitt ei løyving på 4,4 mrd. kroner på post 90. I revidert nasjonalbudsjett 2024 blei løyvinga redusert til 2,6 mrd. kroner. Eksfin har i løpet av 1. halvår betalt 2,96 mrd. kroner, og med dette har Eksfin betalt ned heile lånet som er trekt opp under trekkfullmakta. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 360 mill. kroner, til 2,96 mrd. kroner.

Kap. 5574 Sektoravgifter under Nærings- og fiskeridepartementet

Post 77 Sektoravgifter Kystverket

Dei fire sjøtrafikksentralane i Sør-Noreg og lostenesta er i hovudsak avgiftsfinansierte og budsjetterte med utgiftsløyvingar på kap. 916, post 22 og 46, og ei inntektsløyving på kap. 5574, post 77. Aktiviteten er noko lågare i 2024 enn føresett, og dermed ventar Kystverket lågare inntekter og lågare utgifter. Kystverket vurderer at inntektene blir reduserte med om lag 48,7 mill. kroner, medan utgiftene vil bli reduserte med om lag 28,1 mill. kroner. Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 48,7 mill. kroner, jf. også omtale under kap. 916, post 22.

Kap. 5609 (nytt) Renter frå Norwegian Air Shuttle ASA

Post 80 Renter

Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om at renteinntekter frå hybridlån gitt av staten i samband med restrukturering av Norwegian Air Shuttle ASA i 2021 blir løyvd på nytt budsjettkapittel fordi forvaltninga av lånene blei overført frå Eksportfinansiering Noreg til Nærings- og fiskeridepartementet i 2023. Renteinntektene blei i 2023 og 2024 løyvd på kap. 5614, post 81. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på 96 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon av kap. 5614, post 81.

Kap. 5613 Renter frå Siva SF

Post 80 Renter

Siva kan ta opp lån i statskassa med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid, innanfor ei låneramme på 700 mill. kroner. Siva tok opp eit nytt lån våren 2024 knytt til eit statspapir med låg rente og måtte difor betale eit betydeleg beløp i underkurs. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 3,5 mill. kroner, til 14,7 mill. kroner.

Kap. 5614 Renter under Eksportfinansiering Noreg

Post 80 Renter frå lån til Alminneleg garantiordning

I Saldert budsjett 2024 blei det løyvd 180 mill. kroner i renter frå lån til Alminneleg garantiordning. I revidert nasjonalbudsjett blei løyvinga redusert med 108 mill. kroner, til 72 mill. kroner. Lånet blei betalt ned i 1. halvår 2024, og Eksfin har i 2024 betalt 33,5 mill. kroner i renter. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 38,5 mill. kroner, til 33,5 mill. kroner.

Post 81 Renter frå Norwegian Air Shuttle ASA

Løyvinga gjeld renter frå hybridlån gitt av staten i samband med restrukturering av Norwegian Air Shuttle ASA. Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om at renteinntektene blir løyvd på nytt kap. 5609, post 80 fordi forvaltninga av låna no blir ivareteke av Nærings- og fiskeridepartementet. På dette grunnlag gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 96 mill. kroner til 0.

Kap. 5625 Renter og utbyte frå Innovasjon Noreg

Post 80 Renter på lån frå statskassa

Innovasjon Noreg kan ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og ein rentesats som svarer til renta på statspapir med tilsvarande løpetid, for å finansiere si utlånsverksemd. Renteinnbetalingane har vore noko lågare enn det som blei lagt til grunn i revidert nasjonalbudsjett for 2024. Dette skuldast mellom anna lågare renter enn budsjettert, færre nye innlån, færre avdrag og dermed mindre renteinntekter.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 30 mill. kroner, til 710 mill. kroner.

Kap. 5629 Renter frå eksportkredittordninga

Post 80 Renter

I Saldert budsjett 2024 blei det løyvd 860 mill. kroner i renter frå lån under eksportkredittordninga. På grunn av auka renter og høgare utbetalingar til større prosjekt i første halvår, er anslaget justert opp frå det opphavlege budsjettet på 860 mill. kroner til 940 mill. kroner. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 80 mill. kroner, til 940 mill. kroner.

Kap. 5656 Aksjar under Nærings- og fiskeridepartementet si forvaltning

Post 85 Utbyte

Ved handsaminga av Prop. 104 S og Innst. 447 S (2023–2024) blei løyvinga satt til 32 694,4 mill. kroner. Nye tal viser at utbyte frå selskapa vil bli 660 mill. kroner høgare. Utbyte frå Baneservice AS og Mesta AS blei høvesvis 1,7 og 10,0 mill. kroner høgare. Styret i Aker Solutions ASA har foreslått eit ekstraordinært utbyte på 21 kroner per aksje, noko som svarar til 632 mill. kroner i utbyte til staten. Utbetalinga føreset godkjenning av ekstraordinær generalforsamling i selskapet, som avhaldas 22. november 2024.

Siva sin eigardel i Koksa Eiendom AS på Fornebu blei seld i 2016. Eigardelen har blitt forvalta som eit særoppdrag på vegne av staten, og utbyte frå salet har blitt tilbakeført til staten. På grunn av garantiplikt ovanfor kjøpar blei ein del av utbytet halde tilbake over nokre år. Garantiperioden har no gått ut, og Siva har motteke den siste utbetalinga på 16,3 mill. kroner som skal innbetalast til statskassa. Siva Eigedom Holding AS vil framleis sitje på ein aksjepost i Koksa Eiendom AS og inkludere selskapet på lik line som dei andre tilknytte selskapa i Siva sin konsernrekneskap.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med til saman 660 mill. kroner, til 33,354 mrd. kroner.

Kap. 5685 Aksjar i Equinor ASA

Post 85 Utbyte

Ved handsaminga av Prop. 104 S og Innst. 447 S (2023–2024) blei løyvinga satt til 63 380,5 mill. kroner. Anslaget er oppdatert med siste vekslingskurs mot amerikanske dollar på 10,6 kroner per dollar.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 1,424 mrd. kroner, til 61,957 mrd. kroner.

Til forsida