Prop. 29 L (2024–2025)
Endringar i kontantstøtteloven (retting av endringar med utilsikta konsekvensar)
Tilråding frå Barne- og familiedepartementet 22. november 2024, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
Barne- og familiedepartementet legg i proposisjonen fram forslag til endringar i kontantstøtteloven som rettar opp utilsikta konsekvensar av endringar i kontantstøtteloven av 1. august 2024. Endringane av 1. august 2024 har gitt ei utilsikta utviding av kontantstøtteordninga. For å rette opp i dette, blir det føreslått å reversere endringane for når kontantstøtte kjem til utbetaling og når utbetalinga opphøyrer. Dette gjer det òg naudsynt å formulere om alderskravet for rett til kontantstøtte.