Prop. 33 L (2017–2018)
Endringar i eigarseksjonslova m.m. (tilpassing til ny organisering av eigedomsoppmålinga)
Tilråding frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet 15. desember 2017, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i Prop. 148 L (2016-2017) Endringar i matrikkellova m.m. (organisering av eigedomsoppmåling) lagt fram forslag om ny organisering av eiendomsoppmålinga. Forslaget gjer det nødvendig med nokre endringar i eigarseksjonslova. Desse endringane er foreslått i Prop. 33 L (2017-2018). Behovet for tilpassingar er nærare omtalt, og ein tilleggsproposisjon er varsla, i Prop. 148 L (2016-2017). Prop. 33 L (2017-2018) og Prop. 148 L (2016-2017) må sjåast under eit. Ny eigarseksjonslov gir kommunen heimel til å slette seksjonar i visse saker der seksjoneringa ikkje har blitt gjennomført som planlagt, jf. ny eigarseksjonslov § 22 andre ledd. Ei presisering om den registertekniske handteringa av slike saker er foreslått tatt inn som nytt andre ledd i matrikkellova § 26. Departementet foreslår i tillegg retting av to feil i lov 27. juni 2008 nr. 71 om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven) §§ 29-4 fjerde ledd og 33-1 første ledd og ei mindre retting i forslaget i Prop. 148 L (2016-2017) til matrikkellova § 12.