2 Omtale av utbygginga
I Prop. 137 S (2014–2015) er det lagt opp til å bygge ut 20 prosjekt i Førdepakken. Fire av desse prosjekta er slått saman til to prosjekt, slik at det no er 18 prosjekt totalt. Desse er fordelt på seks prosjekt på kommunal veg (kv.), sju på fylkesveg (fv.) og fem på riksveg (rv.) Utbygginga starta opp i 2015.
Alle prosjekta på riksveg og kommunal veg er ferdigstilt eller under bygging, medan tre prosjekt står att på fylkesveg. Sjølv om prosjekta er fullførte, hadde dei fleste av desse attståande kostnader til grunnerverv og sluttavrekning per 31. desember 2023. Pågåande prosjekt er i prosjekterings- eller byggefase, medan attståande prosjekt er i reguleringsfase.
Alle tiltak under bygging og attståande tiltak fekk nye kostnadsanslag i starten av 2023. I kostnadsanslaga vart det lagt inn stor uvisse, sidan byggeperioden på fleire av tiltaka ligg fleire år fram i tid.
Følgjande vegprosjekt var fullførte per 1. oktober 2024:
-
Fv. 600 Vievegen inkl. gang- og sykkelveg
-
Rv. 5 Bergumkrysset
-
Fv. 609 Steinabuvegen – fortau
-
E39 Kryss med Fv. 609
-
Kv. Hafstad – Kronborgvegen (Brulandsvellene) – gang- og sykkelveg
-
Kv. Hafstad bydel – gang- og sykkelveg
-
Kv. Ny veg Indre Øyrane – Langebruvegen (til lyskryss)
-
E39 Halbrend skule – Hogane. Gang- og sykkelveg
-
Kv. Angedalsvegen/Førdehuset – Naustdalsvegen (Løken) Naustdalsvegen – Angedalsvegen
-
Rv. 5 Sentrum – Hornnes – Kletten. Gang- og sykkelveg i tunnel
-
E39/kv. Fjellvegen som hovudgate (del a og b)
Følgjande fire prosjekt er pågåande:
-
Kv. Gangbru Naustøyna – Storehagen (kommunehuset)
-
Fv. 601 Angedalsvegen, delprosjekt 1: Angedalsvegen frå Førdehuset til Prestefossbrua
-
Kv. Kyrkjevegen aust til Hornnesvegen
-
Fv. 601 Angedalsvegen, delprosjekt 2: Angedalsvegen frå Prestefossbrua til Skora
Følgjande tre prosjekt er attståande:
-
Fv. Angedalsvegen – Hafstadvegen. Ny veg og bru med gang- og sykkelveg
-
Fv. 601 Naustdalsvegen – Angedalsvegen til Førdehuset (Storehagen)
-
Fv. 609 Ny veg Halbrendsøyra – Øyrane
I det følgjande er dei fire pågåande og tre attståande prosjekta nærare omtala:
Kv. Gangbru Naustøyna – Storehagen (kommunehuset)
Prosjektet omfattar ny gang- og sykkelbru over Jølstra, for å knyte tettare saman sørlege og nordlege delar av Førde sentrum. Brua vert ein kommunal veg når anlegget er ferdig. Prosjektet har vedteken reguleringsplan frå 2021 og er venta lyst ut på anbod vinteren 2024–2025.
Fv. 601 Angedalsvegen, delprosjekt 1: Angedalsvegen frå Førdehuset til Prestefossbrua
Køyrevegen skal få jamn breidde på 6,5 meter heile strekninga frå Førdehuset til Prestefossbrua (1,4 kilometer). Vegen vert heva på to punkt, for å unngå å måtte stenge vegen ved flaum. Avkøyrslene vert færre og tryggare, i tillegg vert syklande og gåande skilde frå biltrafikken. Prosjektet har reguleringsplanar frå 2020. Prosjektet er venta lyst ut på anbod vinteren 2024–2025.
Kv. Kyrkjevegen aust til Hornnesvegen
Prosjektet omfattar fortau frå Hornnesvegen til Angedalsvegen, for å legge til rette for gåande og syklande. Vegen er skuleveg for barn og unge, samt tilkomstveg til bustadområde. Prosjektet har reguleringsplan frå 2021 og er venta lyst ut på anbod vinteren 2024–2025.
Fv. 601 Angedalsvegen, delprosjekt 2: Angedalsvegen frå Prestefossbrua til Skora
Prosjektet strekker seg frå første kryss etter Prestefossbrua til Slåtten skule (om lag 260 meter). Prosjektet er innlemma i same reguleringsplan som fv. 601 Angedalsvegen, delprosjekt 1 frå 2020 og er venta lyst ut på anbod vinteren 2024–2025.
Fv. Angedalsvegen – Hafstadvegen. Ny veg og bru med gang- og sykkelveg
Prosjektet inneberer å bygge ny bru over elva Jølstra og tilhøyrande veg på begge sider. Dette vil bidra til å løyse kapasitetsutfordringar i vegnettet og knyte tettare saman områda ved Hafstadparken og Førdehuset. Prosjektet vil også leggje til rette for syklande og gåande. Det er venta vedtatt reguleringsplan hausten 2024.
Fv. 601 Naustdalsvegen – Angedalsvegen til Førdehuset (Storehagen)
Storehagen er ei av dei mest sentrale gatene i Førde sentrum. Formålet med tiltaket er å ruste opp vegen frå krysset ved rv. 5 Naustdalsvegen til Festplassen. Gåande og syklande vil få langt betre infrastruktur. Det er lagt opp til vedtak av reguleringsplanen ved utgangen av 2025.
Fv. 609 Ny veg Halbrendsøyra – Øyrane
Tiltaket omfattar ny veg over Halbrendsøyra, ny bru over Jølstra og tilkopling til eksisterande rundkøyring på rv. 5 (Naustdalsvegen). Ny veg og bru er planlagt med tosidig fortau og tiltaket vil bidra til betre trafikkflyt gjennom Førde sentrum. Prosjektet har endå ikkje godkjent reguleringsplan.
Ramme til mindre prosjekt
Det er i Prop. 137 S (2014–2015) Utbygging og finansiering av Førdepakken i Sogn og Fjordane skissert ei uspesifisert ramme til sentrumstiltak. Det er her lagt opp til at midlane vert nytta til prosjekt for gåande og syklande, samt mindre vegutbetringar. I opphavleg proposisjon vart denne sett til 100 mill. 2012-kr, som svarer til 159 mill. 2024-kr. I finansieringsplanen for forlenga Førdepakke er det ikkje nok midlar til å finansiere denne ramma dersom alle dei spesifiserte prosjekta skal verte finansiert.