Prop. 33 S (2024–2025)

Revidert finansieringsopplegg for Førdepakken i Vestland fylke

Til innhaldsliste

3 Lokalpolitisk handsaming

Forslag til forlenga bompengeinnkrevjing for Førdepakken har vore handsama av Sunnfjord kommune og Vestland fylkeskommune.

Sunnfjord kommune handsama saka 25. mai 2023, og gjorde slikt vedtak:

  1. Det er stort behov for å realisere prosjekta i Førdepakken. For å auke det økonomiske handlingsrommet i Førdepakken sluttar kommunestyret seg til å forlenge bompengeinnkrevjinga med 5 år frå avslutning av gjeldande bompengeperiode, slik at innkrevjingsslutt blir forlenga frå 03.10.2028 til 03.10.2033.

  2. Den forlenga Førdepakken vidarefører eksisterande Førdepakken sitt etablerte takst-, rabatt-, innkrevjings- og styringssystem.

  3. Det vert i den forlenga Førdepakken lagt til grunn same gjennomsnittstakst som i eksisterande Førdepakke, 18,17 kr i 2015-prisnivå som svarar til 22,96 kr i 2022- prisnivå.

  4. Prosjekta i den eksisterande Førdepakken blir vidareført i den forlenga Førdepakken, og gjennom porteføljestyring vert omfanget av utbygginga tilpassa den økonomiske ramma

Vestland fylkeskommune handsama saka i fylkestinget 15. juni 2023, og gjorde slikt vedtak:

  1. Det er stort behov for å realisere prosjekta i Førdepakken. For å auke det økonomiske handlingsrommet i Førdepakken sluttar fylkestinget seg til å forlenge bompengeinnkrevjinga med 5 år frå avslutning av gjeldande bompengeperiode, slik at innkrevjingsslutt blir forlenga frå 03.10.2028 til 03.10.2033.

  2. Den forlenga Førdepakken vidarefører eksisterande Førdepakken sitt etablerte takst-, rabatt-, innkrevjings- og styringssystem.

  3. Det vert i den forlenga Førdepakken lagt til grunn same gjennomsnittstakst som i eksisterande Førdepakke, 18,17 kr i 2015-prisnivå som svarar til 22,96 kr i 2022-prisnivå.

  4. Prosjekta i den eksisterande Førdepakken blir vidareført i den forlenga Førdepakken, og gjennom porteføljestyring vert omfanget av utbygginga tilpassa den økonomiske ramma.

  5. Vestland fylkeskommune vidarefører gjeldande garanti for Førdepakken ved sjølvskuldnarkausjon for eit maksimalt låneopptak for Ferde AS, avgrensa til 600 mill. kroner til delfinansiering av den forlenga Førdepakken.

  6. Garantibeløpet gjeld med tillegg av 10 pst. av til ein kvar tid gjeldande hovudstol til dekning av eventuelle renter og omkostningar. Det samla garantibeløpet vert følgjeleg 660 mill. kroner.

  7. Garantibeløpet gjeld òg inngåtte sikringsavtalar knytt til lånefinansieringa av den forlenga Førdepakken.

  8. Garantien skal gjelde til innkrevjingsslutt 03.10.2033, og i tillegg inntil to år, jf. garantiforskrifta § 3.

  9. Vestland fylkeskommune sitt garantiansvar vert redusert i takt med den faktiske nedbetalinga av gjelda.

  10. Garantisten har rett til å sikre garantien med 1. prioritets pant i Ferde AS sin rett til å krevje inn bompengar, med tillegg av 10 pst. av til ei kvar tids gjeldande hovudstol til dekning av eventuelle renter og omkostningar.

Garantien blir gitt under føresetnad av Kommunal- og distriktsdepartementet si godkjenning etter kommunelova § 14-19 første ledd.