4 Trafikkgrunnlag
Forventa trafikkvolum i Førdepakken frå 2023 og fram til 2033 bygger hovudsakleg på framskriven registrert trafikk i eksisterande bomstasjonar dei siste åra, noko som er vurdert som meir nøyaktig enn berekning av trafikk i ein trafikkmodell. I finansieringsanalysen er det fram til 2033 lagt til grunn årsdøgntrafikk (ÅDT) på 18 700 passeringar, utan årleg trafikkauke.
Trafikkvolumet gjennom dei fem bomstasjonane har i perioden 2017–2023 variert mellom 18 000 og 19 000 køyretøy per døgn, med lågast trafikk under koronaen og høgast trafikk siste år. Trenden syner auka trafikk og prognosen for 2024 er 19 300 køyretøy per døgn. Trafikkestimatet på 18 700 køyretøy per døgn fram mot 2033 er vurdert som nøkternt samanlikna med dagens trafikk.