5 Finansieringsopplegg
Dagens Førdepakke
Finansieringa av Førdepakken for perioden 2016–2028 var basert på bompengar, kommunale midlar, fylkeskommunale midlar og statlege midlar, i tillegg til mva.-refusjon innanfor ei økonomisk ramme på totalt 1 650 mill. 2015-kr. Av dette var bompengebidraget føresett å utgjere 983 mill. 2015-kr.
Fram til utgangen av 2023 hadde Førdepakken finansiert prosjekt til en samla kostnad på 1 221 mill. 2024-kr. Av dette utgjer bompengebidraget 667 mill. kr. Staten har bidrege med 186 mill. kr, medan fylkeskommunen og kommunen har bidrege med høvesvis 151 mill. kr og 217 mill. kr inkl. mva.-kompensasjon. Tala er oppjustert frå 2023-kr til 2024-kr med bruk av ein budsjettindeks på 4 pst. Frå innkrevjinga av bompengar starta i 2016 og frem til utgangen av 2023 vart det kravd inn 778 mill. i laupande kroner. Likviditeten i Førdepakken er god og pakken har ikkje gjeld.
Revidert Førdepakke
Tabell 5.1 synar attståande kostnader for fullførte prosjekt og venta kostnader for å fullføre pågåande og bygge attståande prosjekt i perioden 2024–2029 som inngår i den reviderte Førdepakken. Kostnadsanslaga vart oppdaterte våren 2023.
Tabell 5.1 Utbyggingskostnader i mill. 2024-kr
Prosjekt |
2024 |
2025 |
2026 |
2027 |
2028 |
2029 |
2024–2029 |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Ferdigstilte prosjekt |
139 |
29 |
85 |
253 |
|||
Pågåande prosjekt |
|||||||
Kv. Gangbru Naustøyna – Storehagen (kommunehuset) |
2 |
54 |
30 |
8 |
94 |
||
Fv. 601 Angedalsvegen, delprosjekt 1: Angedalsvegen frå Førdehuset til Prestefossbrua |
2 |
2 |
106 |
106 |
69 |
285 |
|
Kv. Kyrkjevegen aust til Hornnesvegen |
10 |
23 |
18 |
7 |
1 |
59 |
|
Fv. 601 Angedalsvegen, delprosjekt 2: Angedalsvegen frå Prestefossbrua til Skora |
3 |
36 |
17 |
6 |
1 |
63 |
|
Attståande prosjekt |
|||||||
Fv. Angedalsvegen – Hafstadvegen. Ny veg og bru med gang- og sykkelveg |
2 |
7 |
159 |
156 |
99 |
38 |
461 |
Fv. 601 Naustdalsvegen – Angedalsvegen til Førdehuset (Storehagen) |
30 |
139 |
146 |
146 |
146 |
36 |
643 |
Fv. 609 Ny veg Halbrendsøyra – Øyrane |
1 |
1 |
2 |
125 |
99 |
74 |
302 |
Sum |
189 |
291 |
563 |
554 |
415 |
148 |
2160 |
Det reviderte finansieringsopplegget med forlenging av bompengeinnkrevjinga i perioden 2028–2033 er rekna å gje eit bompengebidrag på 615 mill. kr. Det er også lagt til grunn ytterlegare 126 mill. kr i mva.-kompensasjon. Saman med midlane som står att frå tidlegare, gjev dette ei total ramme til vegprosjekt i perioden 2024–2033 på 2 157 mill. 2024-kr, jf. tabell 5.2.
Tabell 5.2 Finansieringsplan for revidert pakke i mill. 2024-kr
Statlege midlar |
49 |
Fylkeskommunale midlar |
104 |
Kommunale midlar |
74 |
Kompensasjon for meirverdiavgift |
344 |
Bompengebidrag |
1589 |
Sum |
2160 |