Prop. 33 S (2024–2025)

Revidert finansieringsopplegg for Førdepakken i Vestland fylke

Til innhaldsliste

6 Bompengeopplegg

Det vert lagt opp til å vidareføre bompengeinnkrevjinga i dei fem eksisterande bomstasjonane i Sunnfjord kommune med følgjande lokalisering:

  • E39 Bakkebøvegen

  • Rv. 5 Kletten

  • E39 Bruland

  • Fv. 601 Presteholten

  • Fv. 600 Brulandsvellene

I den forlenga Førdepakken vil det framleis vere einvegs innkrevjing i retning Førde sentrum. Førdepakken sitt etablerte takst- og rabattsystem, inkludert timesregel og passeringstak, vert vidareført. Bompengeinnkrevjinga skal følgje dei til ei kvar tid gjeldande takstretningslinjer. Gjennomsnittstaksten vil bli om lag 25,21 2024-kr.

I denne proposisjonen er det førebels lagt til grunn samla bompengeinntekter på om lag 1959 mill. 2024-kr. Av dette er 1589 mill. kr rekna til å dekkje deler av investeringskostnadene, om lag 259 mill. kr til å dekkje finansieringskostnadene og om lag 111 mill. kr til å dekkje innkrevjingskostnadene og kostnader til drift av bompengeselskapet.

Førdepakken mottek årleg statleg tilskot til reduserte bompengetakstar utanfor byområda. Tilskotet dekkjer 10 pst. lågare bompengetakstar enn det som elles hadde vore mogleg. Alle takstvedtaka for Førdepakken oppgjev alternative takstar som gjeld dersom tilskotsordninga skulle falle vekk. Stortinget slutta seg til tilskotet gjennom handsaminga av Prop. 137 S (2014–2015) og tilskotet vil halde fram til dagens Førdepakke går ut i oktober 2028. Det er ikkje lagt til grunn å vidareføre tilskotet etter opphaveleg bompengeperiode opphøyrer.