7 Styring av Førdepakken
Det vert lagt opp til ei styringsgruppe med representantar frå Sunnfjord kommune og Vestland fylkeskommune, samt Statens vegvesen så lenge vegvesenet framleis har byggherreoppgåver. Fylkeskommunen skal framleis ha finansieringsavtalen med bompengeselskapet.
Styringsgruppa skal drive porteføljestyring, der omfanget av utbygginga vert tilpassa den økonomiske ramma. Dersom det vert framtidig kostnadsauke og/eller inntektssvikt, vil eit eller fleire av prosjekta ikkje verte bygd og/eller verte skalert ned. Det vert føresett sterk kostnadskontroll. Om alle prosjekta vert finansiert før utløpet av bompengeperioden, skal bompengeinnkrevjinga verte avslutta.