Prop. 33 S (2024–2025)

Revidert finansieringsopplegg for Førdepakken i Vestland fylke

Til innhaldsliste

8 Fylkeskommunal garanti

Vestland fylkeskommune vedtok i fylkestinget 15. juni 2023 å stille garanti ved sjølvskuldnarkausjon for eit maksimalt låneopptak avgrensa til 600 mill. kr til delfinansiering av den reviderte Førdepakken. Garantibeløpet gjeld med tillegg av 10 pst. av til ein kvar tid gjeldande hovudstol til dekning av renter og andre omkostningar. Det samla garantibeløpet vert følgjeleg 660 mill.

Samferdselsdepartementet føreset at bompengeselskapet skal ta opp lån på vanleg måte, og at fylkeskommunen difor stiller garanti for lånet. Den fylkeskommunale garantien må verte godkjent av Kommunal- og distriktsdepartementet før anleggsstart.

Som ein følgje av at det er porteføljestyring av bypakken, kan ikkje garantisten sine utlegg dekkast gjennom auke i gjennomsnittstaksten og/eller forlenga innkrevjingsperiode.