Prop. 33 S (2024–2025)

Revidert finansieringsopplegg for Førdepakken i Vestland fylke

Til innhaldsliste

9 Samferdselsdepartementets vurdering

Samferdselsdepartementet har merka seg at alle kommunale og statlege prosjekt i Førdepakken enten er fullførte eller starta opp, og at det står att tre fylkesvegprosjekt kor ikkje alle tre lar seg finansiere innafor den opphavelege økonomiske ramma for Førdepakken. Departementet har vidare merka seg at lokale styresmakter har sagt seg villige til å forlenge innkrevjingsperioden for å fullføre Førdepakken og at fylkeskommunen har vedteke å stille garanti for delfinansiering av den reviderte Førdepakken. Det reviderte finansieringsopplegget med fem år forlenga innkrevjing til 2033 vil gjere det mogleg å finansiere alle tre attståande prosjekt samt fullføre alle pågåande tiltak i Førdepakken, noko som vil gje betre måloppnåing for pakken.

Samferdselsdepartementet har merka seg at ei forlenging ikkje får konsekvensar for statlege løyvingar. Samferdselsdepartementet legg opp til at bompengetilskotet for reduserte bompengetakstar utafor byområda vil halde fram til oktober 2028. Forlenginga vil såleis ikkje innebere behov for statlege midlar.

Ein fem års forlenga innkrevingsperiode for Førdepakken er ikkje i tråd med gjeldande retningsliner for porteføljestyrte bompengepakker. Samferdselsdepartementet finn likevel å kunne leggje fram eit forslag om forlenga innkreving av pakka. Det er eit sterkt lokalpolitisk ynskje om forlenging, og lokale styresmakter har køyrt ein ryddig prosess i saka og vist vilje til å gjere tiltak for å auke inntektene, til dømes har dei auka takstane både for nullutsleppskøyretøy og andre køyretøy. Det lokalpolitiske handlingsrommet for å auke bompengetakstane i Førdepakken er no fullt utnytta. Det er lokal semje om å fremje ein bompengesøknad, og det ligg føre lokalpolitiske vedtak med fornya garanti. Det vert vurdert som eit stort behov for realisering av attståande prosjekt og tiltak. Ein forlenga innkreving vil bidra til betre måloppnåing slik pakken opphavleg var utforma.

Samferdselsdepartementet vil vise til at Førdepakken framleis skal ha ei styringsgruppe som skal drive porteføljestyring innafor fastsett økonomisk ramme. Eventuell kostnadsauke og/eller inntektssvikt utover fastsett økonomisk ramme skal handterast gjennom kutt i porteføljen.