Prop. 34 S (2024–2025)

Endringar i statsbudsjettet 2024 under Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (lønsforhandlingane i det statlege tariffområdet 2024)

Til innhaldsliste

Forslag
til vedtak om endringar i statsbudsjettet 2024 under Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (lønsforhandlingane i det statlege tariffområdet 2024)

I

I statsbudsjettet 2024 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Føremål

Kroner

1560

Tariffavtalte avsetningar

71

Opplæring og utvikling av tillitsvalde, kan overførast, blir auka med

14 200 000

frå kr 233 100 000 til kr 247 300 000

II

For embetsmenn og statstilsette som ikkje er medlem av Akademikerne, LO Stat, Unio eller YS Stat, og derfor ikkje får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette i hovudtariffavtale, skal det bli gjort regulering av lønene i samsvar med det avtaleområdet (Akademikerne og Unio eller LO Stat og YS Stat) som dekker flest årsverk i den einskilde verksemda. Embetsmenn og statstilsette som er tekne ut av hovudtariffavtalane, får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette administrativt i eigen kontrakt.