2 Bakgrunn
2.1 Gjeldande rett
Etter delegering frå departementet fører NVE i dag mellom anna miljøtilsyn med vassdragstiltak, tilsyn med damtryggleik, miljøtilsyn med elektriske anlegg, tilsyn med vedlikehald og modernisering av elektriske anlegg og tilsyn med fjernvarme. Kostnadene ved desse tilsynsordningane er det konsesjonærane som dekkjer.
Dekning av kostnader til miljøtilsyn med vassdragsanlegg har heimel i vassdragsreguleringsloven § 31 og forskrift om internkontroll etter vassdragslovgivningen (IK-vassdrag) § 12, jf. vannressursloven § 58. Dekning av kostnader til tilsyn med damtryggleik har heimel i damtryggleiksforskrifta § 8-3 og IK-vassdrag § 12, jf. vannressursloven § 58. Krav om dekning av kostnader til miljøtilsyn med elektriske anlegg, tilsyn med vedlikehald og modernisering av elektriske anlegg og tilsyn med fjernvarme har heimel i energiloven § 10-1.
I tillegg dekkjer einingar i kraftforsyningens beredskapsorganisasjon (KBO-einingane) NVE sine kostnader til arbeidet med kraftforsyningsberedskap. Det er heimel for å krevje dekning av kostnader til arbeidet med kraftforsyningsberedskap i energiloven § 9-6 og kraftberedskapsforskrifta § 8-7.
Sett bort frå dekning av kostnader til miljøtilsyn med elektriske anlegg, som i dag skjer gjennom ei gebyrordning, praktiserer NVE sektoravgiftsordningar for dekning av kostnader knytte til det ovannemnde arbeidet med tilsyns-, kontroll- og kraftforsyningsberedskap.
Statsforvaltaren og Miljødirektoratet er ansvarlege for oppfølging av naturforvaltningsvilkår gjevne i medhald av vassdragskonsesjonar. Med heimel i konsesjonen fakturerer Miljødirektoratet konsesjonæren i etterkant av tilsyn med pålegg gjeve i medhald av naturforvaltningsvilkåret. Endringsforslaget grip ikkje inn i høvet til dekning av kostnader ved tilsyn og kontroll når dette er heimla i konsesjon.
2.2 Behovet for endringar
Frå 1. januar 2016 tok nytt rundskriv R-112/15 Bestemmelser om statlig gebyr- og avgiftsfinansiering frå Finansdepartementet til å gjelde. R-112/15 erstattar rundskriv R-4/2006 og R-112/2006. Rundskrivet gjeld i utgangspunktet for alle gebyr og sektoravgifter som inngår i finansieringa av statleg fastsette tenester, til dømes kontroll og tilsyn. Rundskrivet fastset vilkår for korleis gebyr og sektoravgifter bør fastsetjast og administrerast.
Det går fram av rundskrivet at eit gebyr skal dekkje ei klart definert teneste som det offentlege utfører overfor betalaren, og det skal ikkje betalast for noko anna eller meir. Ei sektoravgift skal finansiere fellestiltak overfor ei næring eller ein sektor, og aktørar som tilhøyrer eller har ei nær tilknyting til sektoren, er dei som betaler avgifta. Vidare følgjer det av rundskrivet at både gebyr og sektoravgifter skal heimlast i lov, og at utfyllande føresegner blir gjevne i forskrift.
Det bør gå fram av lovgrunnlaget om ordninga gjeld gebyr eller sektoravgift, kva det blir lagt gebyr eller avgift på, kven som kan fastsetje og endre satsar, inntektskrav til ordninga, og korleis inntektene skal nyttast. Lova bør også innehalde fullmakter til å gje utfyllande føresegner om kva som er omfatta av betalingsplikta, kva som er berekningsgrunnlaget, i tillegg til kven som er ansvarleg for regelverk, innkrevjing og kontroll. Reglar om administrative reaksjonar eller straff bør gå fram av lova eller forskrifta.
Kostnadene NVE har til arbeidet med tilsyn, kontroll og kraftforsyningsberedskap, blir i dag i praksis dekte hovudsakleg gjennom sektoravgiftsordningar. For kostnader til miljøtilsyn med elektriske anlegg er det praktisert ei gebyrordning. I vannressursloven, vassdragsreguleringsloven og energiloven, med tilhøyrande forskrifter, er likevel omgrepet «gebyr» brukt gjennomgåande. For at regelverket og omgrepsbruken skal samsvare med føresegnene i R-112/15, og for å sørgje for at det ligg føre klar heimel til å krevje inn sektoravgift til dekning av kostnader til arbeid med tilsyn, kontroll og kraftforsyningsberedskap, er det behov for å endre på føresegnene i vassdrags- og energiregelverket om dekning av kostnader ved at omgrepet «sektoravgift» blir teke inn som ein alternativ måte for kostnadsdekning. I energiloven og vassdragsreguleringsloven er det også behov for heimel til å gje utfyllande føresegner om gebyr eller sektoravgift i forskrift, slik føresegnene i R-112/15 legg opp til.
Vidare er det behov for ei meir einskapleg utforming av dei ulike lov- og forskriftsføresegnene på energi- og vassdragsområdet om kostnadsdekning for arbeid med tilsyn, kontroll og kraftforsyningsberedskap. Når det gjeld kva som kan krevjast dekt, er til dømes omgrepet «utgifter» brukt i energiloven og vassdragsreguleringsloven, medan omgrepet «kostnader» er brukt i vannressursloven. Vidare går det eksplisitt fram av vannressursloven § 58 at gebyr er tvangsgrunnlag for utlegg, og at det skal svarast rente etter forseinkingsrentelova dersom gebyret ikkje blir betalt til forfallstid. Noka tilsvarande regulering om tvangsgrunnlag og forseinkingsrente går ikkje fram av energiloven §§ 9-6 og 10-1 eller vassdragsreguleringsloven § 31.
For å sørgje for at den som fører tilsyn og kontroll eller arbeider med kraftforsyningsberedskap, til kvar tid bereknar gebyret eller sektoravgifta på grunnlag av oppdaterte data, er det også behov for ein heimel til å gje forskriftsføresegner om innrapportering av opplysningar som er nødvendige for den nemnde berekninga.
2.3 Høyringa
Forslag til endringer i lov- og forskriftsbestemmelser om dekning av kostnader til arbeid med tilsyn, kontroll og kraftforsyningsberedskap på energi- og vassdragsområdet vart sendt på høyring 20. mai 2022. Høyringsfristen vart sett til 19. august 2022.
Høyringsnotatet vart sendt til følgjande instansar:
Departementa
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap
Miljødirektoratet
Statsforvaltarane
Sametinget
Fylkeskommunane
Distriktsenergi
Energi Norge
KS – Kommunesektorens organisasjon
Landssamanslutninga av vasskraftkommunar
Landssammenslutninga av Norske Vindkraftkommuner
Norsk Bioenergiforening
Norsk Fjernvarme
Norsk solenergiforening
Norwea
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)
Samfunnsbedriftene
Småkraftforeninga
Departementet fekk i alt sju høyringssvar. Av desse var fem realitetsmerknader. Følgjande høyringsinstansar hadde realitetsmerknader:
Miljødirektoratet
Statkraft
Energi Norge
Distriktsenergi
Samfunnsbedriftene
Justis- og beredskapsdepartementet og Forsvarsdepartementet svara at dei ikkje hadde merknader.