Prop. 47 S (2016–2017)
Finansiering av Bypakke Nord-Jæren i Randaberg, Sandnes, Sola og Stavanger kommunar i Rogaland
Tilråding frå Samferdselsdepartementet 16. desember 2016, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om finansiering av ei bypakke for Nord-Jæren i Rogaland, i tråd med ønskje og vedtak frå lokale folkevalde styresmakter. Pakka skal avløyse dagens Nord-Jærenpakke, der bompengeinnkrevjinga starta i 2001.