Prop. 51 L (2022–2023)
Endringar i rekonstruksjonslova (forlenging av tida lova skal gjelde)
Tilråding frå Justis- og beredskapsdepartementet 17. mars 2023, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
Justis- og beredskapsdepartementet fremmar i denne proposisjonen forslag om å føre vidare midlertidig lov 7. mai 2020 nr. 38 om rekonstruksjon for å avhjelpe økonomiske problemer som følge av utbruddet av covid-19 (rekonstruksjonslova) fram til 1. juli 2025. Det følgjer av rekonstruksjonslova § 64 at ho blir oppheva 1. jul 2023. Siktemålet er at lova skal bli avløyst av nye reglar om rekonstruksjon, som vil erstatte dei gamle reglane i konkurslova om gjeldsforhandling. For å sikre eit godt og grundig lovarbeid trengs det meir tid før nye reglar om rekonstruksjon kan komme på plass.