Prop. 54 S (2020–2021)
Auka finansieringsbehov og revidert framdriftsplan for E39 Rogfast i Rogaland og justering i vedtekne rammer for rv 13 Ryfast i Rogaland
Tilråding frå Samferdselsdepartementet 20. november 2020, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag til endra styrings- og kostnadsramme og revidert finansieringsplan for prosjektet E39 Rogfast i Rogaland. Det blir også lagt fram forslag til ei mindre justering i vedtekne rammer for prosjektet rv 13 Ryfast i Rogaland.