1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Arbeids- og sosialdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar i følgjande lover:
lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonstrygd for sjømenn (sjømannspensjonslova)
lov 16. desember 1966 nr. 9 om anke til Trygderetten (trygderettslova)
lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (forskotteringslova)
lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdlova)
lov 17. juni 2005 nr. 62 om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljølova)
lov 16. juni 2006 nr. 20 om arbeids- og velferdsforvaltninga (arbeids- og velferdsforvaltningslova)
Dei følgjande endringsforslaga blir fremja for å følgje opp forslag som er fremja i Prop. 1 S (2017–2018) Statsbudsjettet for 2018:
oppheving av redusert forskottssats (endring av forskotteringslova §§ 5 og 7)
berre arbeidsinntekt frå det sist avslutta kalenderåret skal gi opptening til dagpengar og at sjukepengar og pleiepengar mv. skal reknast som arbeidsinntekt (endring av folketrygdlova § 4-4)
berre inntekt frå det sist avslutta kalenderåret tel med i dagpengegrunnlaget (endring av folketrygdlova § 4-11)
om at ein dagpengemottakar berre kan få ein stønadsperiode på 104 veker når inntekta har vore på meir enn 2 gonger grunnbeløpet i folketrygda det sist avslutta kalenderåret (endring av folketrygdlova § 4-15)
om rett til grunnstønad til hald av servicehund (endring av folketrygdlova § 6-3)
oppheving av hjelpestønad sats 0 (endring av folketrygdlova § 26-2)
Vidare blir følgjande endringar foreslått:
avvikling av grunnfondet i pensjonstrygda for sjømenn og overføre midlane til reguleringsfondet (endring av sjømannspensjonslova § 14)
visse endringar i trygderettslova, mellom anna å lovfeste høvet til å innhente politiattest ved tilsettingar i Trygderetten og å leggje til rette for å kunne sende elektronisk melding om orskurdar og vedtak
retting i folketrygdlova kapittel 9 – oppheving av folketrygdlova § 9-11 a
retting av ei tilvising i folketrygdlova § 23-3 andre leddet
retting av tilvisingar i folketrygdlova § 2-5 andre leddet
oppretting i føresegna om rett til uføretrygd når kravet blir sett fram etter fylte 62 år
oppretting i føresegna om avrekning av feilutbetalingar som skuldast for høg inntekt
endringar i arbeids- og velferdsforvaltningslova og folketrygdlova som følgje av ny folkeregisterlov
retting av feil i arbeidsmiljølova § 18-6 om påleggskompetansen til Arbeidstilsynet