Prop. 76 L (2015–2016)

Endringar i inndelingslova og kommunelova (behandling av kommunesamanslåingar mv.)

Til innhaldsliste

2 Generelt om framlegga og høyringa

2.1 Innleiing

Inndelingslova er ei prosess- og gjennomføringslov for endringar av kommune- og fylkesgrensene. Inndelingslova er laga for å løyse einskildsaker. I arbeidet med konkrete inndelingssaker i kommunereforma som går føre seg no, er departementet blitt merksam på behovet for å gjere nokre mindre endringar i inndelingslova for at ho skal kunne fungere som ein tenleg reiskap ved grenseendringar. Departementet har ikkje gått gjennom heile inndelingslova i denne runden, men kjem med framlegg til lovendringar som departementet meiner er nødvendige for at samanslåingsprosessane lokalt skal gå smidig føre seg.

Framlegga om enkelte endringar i kommunelova er dels tekniske endringar og opprettingar, og dels lovfesting av ei forsøksordning i Oslo kommune knytt til styring av kommunale føretak. Framlegga er hørt og departementet meiner desse endringane bør kome på plass raskt. Departementet ser ikkje grunn til å avvente den generelle oppfølginga av den komande utgreiinga om ny kommunelov frå kommunalovutvalet.

2.2 Høyringa

Høyringsnotatet frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet blei sendt ut på høyring 1. juni 2015, med høyringsfrist 1. oktober 2015. Framlegget om å gjere endringar i kven som kan veljast til fellesnemnda, var ikkje med i høyringsnotatet.

Notatet blei sendt på høyring til desse instansane:

  • Departementa

  • Statsministerens kontor

  • Arbeids- og velferdsdirektoratet

  • Barneombodet

  • Datatilsynet

  • Direktoratet for arbeidstilsynet

  • Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi)

  • Direktoratet for naturforvaltning

  • Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap

  • Direktoratet for økonomistyring

  • Finanstilsynet

  • Forbrukarombodet

  • Forbrukarrådet

  • Fylkesmennene

  • Helsedirektoratet

  • Høgskolen i Oslo

  • Klima- og forureiningsdirektoratet

  • Konkurransetilsynet

  • Likestillings- og diskrimineringsombodet

  • Mattilsynet

  • Overskjønsnemnda

  • Skjønsnemnda

  • Nasjonalt folkehelseinstitutt

  • Noregs forskingsråd

  • Noregs handelshøgskole NHH

  • Noregs vassdrags- og energidirektorat

  • NTNU

  • Riksantikvaren

  • Riksarkivet

  • Skattedirektoratet

  • Statens helsetilsyn

  • Statens kartverk

  • Statens Pensjonskasse

  • Statens vegvesen

  • Statistisk sentralbyrå

  • Sysselmannen på Svalbard

  • Toll- og avgiftsdirektoratet

  • Universitetet for miljø- og biovitskap

  • Universitetet i Agder

  • Universitetet i Bergen

  • Universitetet i Oslo

  • Universitetet i Stavanger

  • Universitetet i Tromsø

  • Utdanningsdirektoratet

  • Utlendingsdirektoratet

  • Riksrevisjonen

  • Sámediggi – Sametinget

  • Sivilombodsmannen – Stortingets ombodsmann for forvaltninga

  • Fylkeskommunane

  • Kommunane

  • Longyearbyen lokalstyre

  • Den norske kyrkja

  • Innovasjon Noreg Hovudkontoret

  • Kommunalbanken AS

  • SIVA – Selskapet for industrivekst SF

  • Akademikerne

  • Arbeidsgiverforeningen Spekter

  • Delta

  • Den Norske Dommerforening

  • Den norske legeforening

  • Den norske Revisorforening

  • Den norske tannlegeforening

  • Distriktenes energiforening

  • Elevorganisasjonen

  • Energi Norge

  • Fagforbundet i Norge

  • Fellesforbundet

  • Finansforbundet

  • Finansnæringens Arbeidsgiverforening

  • Finansnæringens Hovedorganisasjon

  • Forbund for kommunal økonomiforvaltning og skatteinnfordring

  • Foreldreutvalet for grunnskolen

  • Forum for kontroll og tilsyn

  • Friluftsrådenes landsforbund

  • Funksjonshemmedes fellesorganisasjon

  • Handelshøgskolen BI

  • KA Arbeidsgiverorganisasjonen for kirkelige virksomheter

  • Kommunal Landspensjonskasse

  • KS (arbeidsgivar- og interesseorganisasjon for kommunesektoren)

  • KS Bedrift

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • Landsrådet for norske barne- og ungdomsorganisasjonar

  • Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar

  • Nasjonalforeningen for folkehelsen

  • NITO

  • Norges Handikapforbund

  • Norges idrettsforbund

  • Norges Juristforbund

  • Norges Kommunerevisorforbund

  • Norges kulturvernforbund

  • Norsk Forening for Bolig- og Byplanlegging

  • Norsk journalistlag

  • Norsk Kommunalteknisk Forening

  • Norsk Pasientforening

  • Norsk Presseforbund

  • Norsk Psykologforening

  • Norsk Redaktørforening

  • Norsk Rådmannsforum

  • Norsk Sykepleierforbund

  • Norske autoriserte regnskapsføreres forening

  • NORVAR

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Pensjonistforbundet

  • Private barnehagers landsforbund

  • SAFO

  • Samarbeidsrådet for yrkesopplæring

  • Sparebankforeningen

  • Unio

  • Utdanningsforbundet

  • Vellenes Fellesorganisasjon

  • Verdipapirfondenes forening

  • Virke

  • Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund

  • Arbeidarpartiet

  • Demokratane

  • Det Liberale Folkepartiet

  • Framstegspartiet

  • Høgre

  • Kristeleg Folkeparti

  • Kristent Samlingsparti (KSP)

  • Kystpartiet

  • Miljøpartiet Dei Grøne

  • Norges Kommunistiske Parti

  • Partiet Dei Kristne

  • Pensjonistpartiet

  • Piratpartiet

  • Raudt

  • Samfunnspartiet

  • Senterpartiet

  • Sosialistisk Venstreparti

  • Tverrpolitisk Folkevalde

  • Venstre

Det kom inn 61 høyringsfråsegner. 46 av dei hadde merknader:

  • Justis- og beredskapsdepartementet

  • Arbeids- og velferdsdirektoratet

  • Fylkesmannen i Aust-Agder

  • Fylkesmannen i Buskerud

  • Fylkesmannen i Møre og Romsdal

  • Fylkesmannen i Oppland

  • Fylkesmannen i Rogaland

  • Fylkesmannen i Vest-Agder

  • Fylkesmannen i Vestfold

  • Kartverket

  • Østfold fylkeskommune

  • Askim kommune

  • Aurskog-Høland kommune

  • Bergen kommune

  • Birkenes kommune

  • Drammen kommune

  • Eidsberg kommune

  • Fredrikstad kommune

  • Gausdal kommune

  • Giske kommune

  • Gjerstad kommune

  • Halden kommune

  • Hammerfest kommune

  • Haugesund kommune

  • Hobøl kommune

  • Marker kommune

  • Meland kommune

  • Oslo kommune

  • Ringebu kommune

  • Rømskog kommune

  • Saltdal kommune

  • Skedsmo kommune

  • Skiptvet kommune

  • Svelvik kommune

  • Trondheim kommune

  • Trøgstad kommune

  • Tysnes kommune

  • Ulstein kommune

  • Øvre Eiker kommune

  • Øyer kommune

  • KS

  • LO

  • Norsk Journalistlag (NJ)

  • Norsk presseforbund

  • Regionrådet for Sør-Østerdal

  • Unio

15 høyringsinstansar svarte at dei ikkje hadde merknader:

  • Arbeids- og sosialdepartementet

  • Forsvarsdepartementet

  • Helse- og omsorgsdepartementet

  • Klima- og miljødepartementet

  • Samferdselsdepartementet

  • Utenriksdepartementet

  • Arkivverket

  • Brønnøysundregistrene

  • Norges vassdrags- og energidirektorat

  • Skattedirektoratet

  • Statistisk sentralbyrå

  • Riksarkivet

  • Rogaland fylkeskommune

  • Lenvik kommune

  • Tromsø kommune

Framlegga frå departementet får i hovudsak støtte hos høyringsinstansane. Departementet gjer greie for fråsegn som er relevante under dei einskilde framlegga i punkt 3-9.

Til forsida