Prop. 85 L (2015–2016)
Endringar i barnelova m.m. (oppheving av tidsfristar i farskapssaker m.m.)
Tilråding frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet 18. mars 2016, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
I proposisjonen foreslår departementet å oppheva tidsfristane for å reisa sak om endring av farskap i barnelova § 6. Tidsfristane vart innført med verknad frå 1. januar 2014, etter at dei hadde vore oppheva sidan 2003.