Prop. 86 LS (2017–2018)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

2 Betre reglar for rapportering og skattlegging av naturalytingar

2.1 Innleiing og samandrag

Naturalytingar er andre ytingar enn pengar som ein får i arbeidsforhold, og som gjev ein privatøkonomisk fordel. Slike ytingar skal som hovudregel skattleggjast som vanleg løn. Dette gjeld utan omsyn til om ytingane kjem direkte frå arbeidsgjevar eller gjennom tredjepartar.

Næringslivet og skattestyresmaktene er samde om at reglane som gjeld i dag, skaper uvisse og ikkje er gode nok.

Uklåre reglar gjer det krevjande å etterleve og handheve regelverket, både for arbeidsgjevarane, dei tilsette og skattestyresmaktene. Gjeldande reglar må difor klårgjerast.

Skattedirektoratet har hatt framlegg til forbetringar av regelverket for skattlegging av naturalytingar på høyring.1 Framlegga og omtalte forskriftsendringar i denne proposisjonen følgjer opp høyringa. Framlegga inneber ei avveging mellom omsynet til eit regelverk som er enkelt å etterleve, og omsynet til å skattleggje godtgjering for arbeid. Arbeidsgjevar vil alltid kunne velje å betale ut løna i form av pengar til konto, noko som i alle høve vil vere det enklaste.

I ein del tilfelle får tilsette økonomiske ytingar i arbeidsforholdet frå andre enn arbeidsgjevaren, såkalla tredjepartar. Etter gjeldande reglar er skatteplikta for slike ytingar klår. Skatteplikta omfattar økonomiske fordelar som skattytar får på grunn av arbeidsforholdet uavhengig av kven som gjev fordelen. Det gjeld til dømes gåver, private reiser, rabattar m.m. som tilsette får i arbeidsforholdet, anten det er frå arbeidsgjevars forretningspartnarar, samarbeidspartnarar eller andre. Nokre ytingar frå tredjepartar er likevel skattefrie, til dømes etter skattefritaka for visse gåver og rimelege representasjonsytingar i samband med kundepleie.

Det er normalt arbeidsgjevar som har plikt til å gje lønsopplysningar, gjere forskotstrekk og betale arbeidsgjevaravgift av skattepliktige ytingar som tilsette får i arbeidsforholdet. Ordlyden i føresegnene som regulerer pliktene, har i nokre høve gjort det uklårt om det er arbeidsgjevaren eller tredjeparten som har ansvaret for å gje lønsopplysningar, gjere forskotstrekk og betale arbeidsgjevaravgift av slike fordelar. Fleire arbeidsgjevarar og tredjepartar er ikkje merksame på at desse ytingane er skattepliktige, og dermed heller ikkje merksame på at dei skal rapporterast til skattestyresmaktene. Sivilombodsmannen har i ei konkret sak oppmoda lovgjevar om å avklåre det prinsipielle spørsmålet om kven som er rapporteringspliktig m.m.

Regjeringa gjer no framlegg om å klårgjere at ansvaret for rapportering m.m. av slike ytingar ligg hos arbeidsgjevar. På bakgrunn av innspel frå høyringsinstansane legg departementet til grunn ei klårare avgrensing av skatteplikta for rabattar som tilsette får gjennom tredjepartar, slik at det vert enklare for arbeidsgjevar å vite når det ligg føre skattepliktige rabattordningar. Denne avgrensinga inneber at det vil vere skatteplikt for rabattar som dei tilsette får gjennom arbeidsgjevar sine forretningspartnarar. Forretningspartnarar vil omfatte arbeidsgjevars kundar og leverandørar, i tillegg til andre tredjepartar som arbeidsgjevar inngår avtale om kjøp eller sal av varer eller tenester med. Det vil vidare vere skatteplikt der dei tilsette får rabattar frå andre tredjepartar, dersom arbeidsgjevar gjev noko tilbake til tredjeparten for at dei tilsette skal få rabatten.

Framlegget om klårare reglar på dette området vil òg gjere det enklare for den tilsette å følgje reglane, då dei ikkje lenger sjølve må verdsetje og melde frå i skattemeldinga om skattepliktige naturalytingar dei får frå tredjepartar, og som ikkje er rapportert av arbeidsgjevar eller tredjeparten.

Regjeringa vil òg gjere greie for ein del forskriftsendringar. Dette gjeld for det fyrste klårgjering av reglane om verdsetjing. Naturalytingar skal i større grad verdsetjast til den prisen som er allment tilgjengeleg i sluttbrukarmarknaden (omsetjingsverdien). Dette vert gjort ved å oppheve særreglane om at varer, tenester og driftsmiddel m.m. i arbeidsgjevars bedrift, og varer og tenester som er kjøpte inn spesielt for dei tilsette, vert verdsette til ein lågare pris.

Regjeringa vil vidare betre gjeldande skattefritak for personalrabattar. Gjeldande fritak byggjer på skjønnsmessige vilkår. Dette gjer det vanskeleg både for arbeidsgjevarar, dei tilsette og skattestyresmaktene å vite kvar grensa for skattefritaket går. Det vert difor innført klårare grenser for skattefritaket. Personalrabattar skal verdsetjast med utgangspunkt i omsetjingsverdien i sluttbrukarmarknaden. Rabattar skal ikkje overstige 50 pst. av marknadsprisen på den enkelte vara eller tenesta. Samstundes vert det innført ei øvre beløpsgrense for den samla verdien av rabattar som tilsette kan ta imot skattefritt gjennom året hos éin arbeidsgjevar. Som etter gjeldande rett vil det framleis krevjast at arbeidsgjevar må omsetje vara eller tenesta i si verksemd. Skattefritaket vil omfatte ordningar med rabatt hos arbeidsgjevar sine kundar og leverandørar, dersom arbeidsgjevar omset vara/tenesta i verksemda si.

Regjeringa vil òg modernisere og forenkle regelverket for visse naturalytingar. For gåver vert mellom anna beløpsgrenser og krav til tenestetid justerte. Vidare vert skattefritaket for overtidsmat forenkla. Tilsette som arbeider minst 10 timar samanhengande på grunn av overtid, kan få dekte eit måltid skattefritt. Regjeringa vil òg forenkle reglane for fri avis, slik at alle tilsette som har eit «tenestleg behov» for avis eller andre nyheitstenester på grunn av arbeidet sitt, kan få dette dekt skattefritt av arbeidsgjevar. Regjeringa vil i tillegg oppheve skattefritaket for matkupongar. Dette fritaket må reknast som utdatert.

Skattefritaket for arbeidsgjevar si dekning av utgifter til barnehage var ikkje ein del av høyringa, men regjeringa vil fjerne skattefritaket for denne naturalytinga. Det er i dag mogleg å skaffe barnehageplass til tilnærma alle barn, slik at det ikkje lenger er behov for eit særleg skattefritak når arbeidsgjevar bidreg til å betale slik plass heilt eller delvis.

Dei administrative verknadene av endringane som er nemnde ovanfor, vil truleg samla sett vere moderate. Det er ikkje gjort framlegg om nye plikter for ytingar som tilsette tek i mot i arbeidsforholdet gjennom andre enn arbeidsgjevar. Tvert om er det gjort framlegg om å gjere skatteplikta noko lempelegare, og reglar som i dag vert opplevde som uklåre, vert klårare. Det vert òg teke bort fleire særreglar som i dag gjer det meir krevjande for arbeidsgjevarane å etterleve reglane. Dette tek bort mykje uvisse og gjer det enklare for partane i næringslivet å avgjere kven som har ansvar for kva, og kor langt skattefritaka rekk. Samstundes vil arbeidsgjevarar som har omfattande rabattordningar og ei opning for at dei tilsette kan få ytingar frå tredjepartar, kunne ha behov for noko førebuing før 2019. Dette gjeld særleg dei som ikkje i dag har løysingar som tryggjer at arbeidsgjevaren har oversikt over kva ytingar dei tilsette får gjennom året og kva verdi dei har. Ettersom reglane er noko mangelfullt etterlevde i dag, vil det vere naudsynt å bruke noko meir ressursar til handtering av slike ytingar i framtida, dersom dei vert førte vidare i same omfang som no.

Reglane skal gjelde frå 2019, men vert fremja allereie no, slik at partane får høve til å førebu naudsynte endringar i rutinar og system. Regjeringa kjem i statsbudsjettet for 2019 attende til fastsetjing av beløpsgrensa for skattefrie personalrabattar og satsen for skattefri overtidsmat. Endringane på området skal i sum verke om lag provenynøytralt.

Avklåringa av kven som har plikt til å rapportere m.m. når tilsette får ytingar i arbeidsforholdet gjennom tredjepartar, skal skje ved lovendring. Dei andre endringane i reglane om naturalytingar kjem i forskrift.

Departementet viser til framlegg til endringar i skattebetalingsloven § 5-4 fyrste ledd og skatteforvaltningsloven § 7-2 andre ledd. Endringane skal ta til å gjelde 1. januar 2019, med verknad for rapportering for inntektsåret 2019. Endringane vil få verknad for rapporteringa i a-ordninga for ytingar som vert gjevne etter 1. januar 2019.

2.2 Kort om skattlegging av naturalytingar

Eit effektivt skattesystem er kjenneteikna mellom anna av breie skattegrunnlag der skattepliktig inntekt i størst mogleg grad samsvarer med faktisk inntekt. Det tryggjer at systemet for skattlegging av inntekt bidreg til utjamning, og gjer det mogleg å ha låge, formelle skattesatsar. Kostnadene ved skattlegging vert då lågare. Då må pengeytingar og naturalytingar behandlast likt. Utgangspunktet er difor at ein bør skattleggje naturalytingar konsekvent på same måte som ordinær løn.

Skattlegging av naturalytingar er meir ressurskrevjande for arbeidsgjevarar og skattestyresmakter enn skattlegging av kontantløn, der ein enkelt kan fastsetje verdien. Ein bør difor ikkje gje partane i arbeidslivet insentiv til å velje løn i form av naturalytingar, slik ei lempeleg skattlegging av naturalytingar vil innebere.

Etter skatteloven er alle økonomiske fordelar vunne ved arbeid skattepliktige, med mindre det er gjeve særskilde skattefritak, jf. skatteloven § 5-1. Ein økonomisk fordel inneber at skattytaren har motteke ei vare eller teneste gratis eller til underpris. Vilkåret om at fordelen må vere vunnen ved arbeid, inneber at skattytaren må ha fått fordelen i samband med arbeid eller på grunn av arbeidsforholdet. Skatteplikta er dermed uavhengig av om fordelen kjem direkte frå arbeidsgjevar eller gjennom andre (tredjepartar).

Naturalytingar er «enhver økonomisk fordel som ytes i annet enn kontanter», jf. skatteloven § 5-12 fyrste ledd. Naturalytingar gjev ein privatøkonomisk fordel for mottakaren av større eller mindre verdi. Dømer på dette er gåver, varer og tenester av ulike slag, private reiser, medlemskap på treningssenter, rabattar m.m.

Naturalytingar vert som hovudregel verdsette til omsetjingsverdien, jf. skatteloven § 5-12 andre ledd, jf. § 5-3, og vert skattlagde etter dei allmenne skattereglane. Det er likevel nokre særreglar for verdsetjing av naturalytingar.

Nokre naturalytingar er fritekne frå skatteplikt, mellom anna visse gåver i arbeidsforhold, rimelege velferdstiltak, overtidsmat og rimelege personalrabattar.

2.3 Skatteplikt og rapporteringsplikt m.m. for ytingar tilsette får i arbeidsforholdet gjennom tredjepartar

2.3.1 Innleiing

I ein del tilfelle får tilsette ytingar i arbeidsforholdet gjennom andre enn arbeidsgjevaren, såkalla tredjepartar. Skatteplikta omfattar økonomiske fordelar som skattytar får på grunn av arbeidsforholdet uavhengig av kven som gjev fordelen, jf. skatteloven § 5-1, jf. § 5-10.

Det er normalt arbeidsgjevar til den tilsette som har plikt til å gje lønsopplysningar, gjere forskotstrekk og betale arbeidsgjevaravgift av skattepliktige ytingar tilsette tek imot gjennom arbeidsforholdet. Når ytinga vert motteken gjennom ein tredjepart, har det likevel vore uklårt om det er arbeidsgjevar eller tredjeparten som har desse pliktene.

Uvissa om ansvaret for rapportering m.m. er eit problem både for næringslivet og skattestyresmaktene. Ho gjer det mindre føreseieleg og svekkjer rettstryggleiken. Vidare medfører uvissa at ein del skattepliktige ytingar ikkje vert rapporterte, og at skattytarar vert behandla ulikt. Sivilombodsmannen har i ei klagesak oppmoda lovgjevar til å avklåre det prinsipielle spørsmålet om kven som er rapporteringspliktig m.m.

2.3.2 Gjeldande rett

Skatteplikt

Ytingar i arbeidsforhold er skattepliktige, og det er ikkje avgjerande kven den tilsette tek imot ytinga frå. Det avgjerande for skatteplikt er om ytinga står i tilstrekkeleg samanheng med arbeidsforholdet til at ho kan reknast som «vunnet ved arbeid», jf. skatteloven § 5-10, jf. § 5-1.

Spørsmålet om det er skatteplikt, må ein i utgangspunktet avgjere på grunnlag av dei faktiske omstenda i kvar sak.

Skatteplikta omfattar mellom anna gåver som går ut over skattefritaka for enkelte gåver i arbeidsforhold, og fritaket for private ytingar i samband med kundepleie.

Skatteplikta omfattar òg rabattar til tilsette frå arbeidsgjevar sine forretningspartnarar, når dei tilsette får større rabattar enn dei elles kunne fått utan arbeidsforholdet.

Vidare omfattar skatteplikta rabattar o.l. frå andre tredjepartar som arbeidsgjevar forhandlar fram eller på annan måte gjer tilgjengeleg for dei tilsette, når rabattane er større enn det dei tilsette kunne fått utan arbeidsforholdet. Det er ikkje ein føresetnad for skatteplikt at arbeidsgjevar kompenserer tredjeparten økonomisk eller på annan måte.

Flybonuspoeng som er tente opp på reiser som er dekte av arbeidsgjevar, og som vert brukte privat, vert rekna som ein fordel vunnen ved arbeid og er skattepliktig. Det same gjeld privat bruk av andre rabattar, «kickback» o.l. som ein har fått gjennom kjøp i arbeidsforholdet som er refunderte av arbeidsgjevar.

Plikt til å gje lønsopplysningar, gjere forskotstrekk og svare arbeidsgjevaravgift

Den tilsette har sjølv plikt til å sjå til at mellom anna løn og andre fordelar ho eller han får i arbeidsforholdet, er med i skattemeldinga, sjå skatteforvaltningsloven §§ 8-1 og 8-2. Fordelar av arbeid som ikkje er rapporterte inn av arbeidsgjevar, må den tilsette sjølv melde frå om til skattestyresmaktene.

Skatteforvaltningsloven § 7-2 gjeld opplysningsplikt for arbeidsgjevar om løn m.m. Den som sjølv eller gjennom andre i ein kalendermånad har utbetalt eller ytt nærare fastsette fordelar, skal gje opplysningar om alt som er ytt til den enkelte mottakaren. Opplysningane skal verte gjevne etter reglane i a-opplysningsloven, og inngår dermed i den såkalla a-ordninga. Etter skatteforvaltningsloven § 7-2 fyrste ledd bokstav a skal det verte gjeve opplysningar om løn og anna godtgjersle for arbeid. Opplysningsplikta etter bokstav a gjeld godtgjersle for arbeid i arbeidsforhold, og dessutan godtgjersle for arbeid utanfor arbeidsforhold som ikkje er utført som ledd i næringsverksemd. Opplysningsplikta gjeld uavhengig av kva ytinga består i, og omfattar òg naturalytingar.

Etter skatteforvaltningsforskrifta § 7-2-2 er naturalytingar som i sin heilskap er skattefrie, som hovudregel ikkje omfatta av opplysningsplikta.

Når ein arbeidstakar gjer private kjøp med flybonus eller andre bonusytingar som er tente opp som følgje av reiser dekte i arbeidsforholdet, går det fram av Skatteforvaltningshandboka at det er arbeidsgjevar som skal gje lønsopplysningar om ytinga. Opplysningsplikta gjeld òg der bonuspoenga vert tente opp på ein bonuskonto som står i namnet til arbeidstakaren.

Skattebetalingsloven § 5-4 fyrste ledd slår fast at arbeidsgjevar av eige tiltak pliktar å gjere forskotstrekk i samsvar med det skattekortet som til ei kvar tid gjeld, og i samsvar med reglane i kapittel 5 i lova. Kven som vert rekna som arbeidsgjevar etter skattebetalingsloven, er definert i § 4-1 fyrste ledd bokstav c. Arbeidsgjevar er den som sjølv eller ved fullmektig utbetaler løn eller anna godtgjersle eller ytingar som det skal gjerast forskotstrekk eller utleggstrekk i.

Etter skattebetalingsloven § 5-6 fyrste ledd bokstav a, er hovudregelen at det skal gjerast forskotstrekk i skattepliktig løn og andre ytingar som er omfatta av skatteloven § 5-10. Naturalytingar er i utgangspunktet skattepliktige etter skatteloven § 5-10, jf. skatteloven § 5-1, og omfatta av trekkplikta. Skattefrie naturalytingar er ikkje omfatta av trekkplikta.

Folketrygdloven § 23-2 fyrste ledd slår fast at arbeidsgjevaren skal betale arbeidsgjevaravgift av løn og anna godtgjersle for arbeid og oppdrag i og utanfor arbeidsforhold som vedkomande pliktar å rapportere etter skatteforvaltningsloven § 7-2. Når det gjeld naturalytingar, er det bestemt at arbeidsgjevaren skal betale arbeidsgjevaravgift så langt naturalytingane skal takast med ved berekninga av forskotstrekk etter skattebetalingsloven, jf. folketrygdloven § 23-2 tredje ledd.

Det eksisterer ulike tolkingar av ordlyden i skatteforvaltningsloven § 7-2 fyrste ledd bokstav a og skattebetalingsloven § 4-1 fyrste ledd bokstav c. Det gjeld kven som har plikt til å gje lønsopplysningar, gjere forskotstrekk og betale arbeidsgjevaravgift når tilsette tek imot skattepliktige ytingar frå andre enn arbeidsgjevar gjennom arbeidsforholdet.

Definisjonen av omgrepet arbeidsgjevar i skattebetalingsloven § 4-1 bokstav c, er betydeleg vidare enn det som til vanleg er forstått med omgrepet arbeidsgjevar.

I tilfelle der tilsette tek i mot skattepliktige ytingar i samband med kundepleie, gjennom ein tredjepart, finst det noko praksis med å gjere tredjeparten ansvarleg.

Sivilombodsmannen behandla i 2012 ei klage på eit vedtak treft av Skatteetaten der tredjeparten vart pålagd arbeidsgjevarpliktene. Ei bedrift som arrangerte ei reise med forretningspartnarar, vart pålagd gjennom summarisk samsoppgjer å betale skatt og arbeidsgjevaravgift for deltakarar som var inviterte med på grunnlag av stillinga si i ei anna bedrift. Sivilombodsmannen hadde ikkje avgjerande rettslege innvendingar mot resultatet i saka. Ombodsmannen gjennomgjekk rettspraksis og administrativ praksis, og peika like fullt på at gjeldande rett med å leggje pliktene på tredjeparten, og ikkje arbeidsgjevar, byggjer på eit meir usikkert rettsleg fundament enn det som er allmenn anteke. Ombodsmannen oppmoda lovgjevar til å gjennomgå og avklåre dette prinsipielle spørsmålet.

2.3.3 Høyringa

Skattedirektoratet sende på høyring framlegg til forbetringar av regelverket for naturalytingar 21. desember 2016 med høyringsfrist 21. mars 2017. I tillegg til framlegget omtalt nedanfor om arbeidsgjevarpliktene for ytingar frå tredjepart, inneheldt høyringa endringane som er omtalte i punkt 2.4, utanom fjerning av skattefritaket for arbeidsgjevarfinansiert barnehageplass for tilsette sine barn som er omtalt i punkt 2.4.7.

Høyringsframlegga vart sende til 73 instansar. 21 instansar har gjeve realitetsmerknader:

  • Arbeidsgiverforeningen Spekter

  • BDO Advokater AS

  • Finans Norge

  • Hovedorganisasjonen Virke

  • Infotjenester

  • KPMG Law Firm

  • KS Bedrift

  • KS

  • Landsorgansisasjonen Norge

  • NHO

  • Norges Kemner- og kommuneøkonomers forbund

  • Olje- og energidepartementet

  • PWC

  • Regnskap Norge

  • Revisorforeningen

  • Sjøfartsdirektoratet

  • Skattebetalerforeningen

  • Sticos

  • Storbedriftenes skatteforum

  • Visma Software AS

  • Økonomiforbundet

Det vart foreslått å avklåre at det er arbeidsgjevar som skal gje lønsopplysningar, gjere forskotstrekk og betale arbeidsgjevaravgift av skattepliktige ytingar som arbeidstakar tek imot frå andre (tredjepartar) gjennom arbeidsforholdet.

Det vart framheva at arbeidsgjevar ikkje skal verte pålagd reaksjonar eller sanksjonar for brot på plikta, dersom arbeidsgjevar har gjort det som rimelegvis kan forventast for å sørgje for at arbeidstakarar og tredjepartar gjev slike opplysningar.

Det vart foreslått å ta inn i skattebetalingsloven § 5-4 at arbeidsgjevaren i arbeidsforholdet har trekkplikta i slike høve. Det vart òg foreslått å ta inn ei tilsvarande føresegn i skatteforvaltningsloven § 7-2 andre ledd for å avklåre at arbeidsgjevaren har plikta til å gje lønsopplysningar om skattepliktige ytingar arbeidstakar tek imot frå andre gjennom arbeidsforholdet.

Mange høyringsinstansar er positive til at Skattedirektoratet tek initiativ til å klårgjere regelverket.

19 høyringsinstansar har uttalt seg om framlegget om å avklåre at det er arbeidsgjevar som skal gje lønsopplysningar, gjere forskotstrekk og betale arbeidsgjevaravgift av skattepliktige ytingar den tilsette tek imot gjennom arbeidsforholdet frå andre (tredjepartar).

KPMG, KS, DFØ, Sticos og Norges Kemner- og kommuneøkonomers forbund støttar i hovudsak framlegget. KPMG uttaler at dei er einige i at regelverket er uklårt, og at det er behov for å klårgjere regelverket. Slik dei ser det, vil den valde løysinga med at pliktene ligg på arbeidsgjevar, gje den naudsynte klårgjeringa.

Fleire ynskjer ei nærare avgrensing av kva slags ytingar frå tredjepartar som er omfatta av skatteplikta etter gjeldande rett, og som vil vere omfatta av arbeidsgjevar sine plikter etter framlegget. Fleire kjem med framlegg til avgrensingar av kva slags ytingar arbeidsgjevar bør ha ansvar for, særleg når det gjeld rabattar dei tilsette tek imot gjennom arbeidsforholdet. Storbedriftenes skatteforum foreslår til dømes at arbeidsgjevar ikkje bør ha ansvar for ytingar dei tilsette tek imot frå tredjepartar som arbeidsgjevar sjølv ikkje har initiert eller på annan måte bidrege til.

Ein stor del av høyringsinstansane meiner framlegget medfører auka bruk av ressursar og auka administrative kostnadar for arbeidsgjevarar med tilsette som tek imot naturalytingar. Auka bruk av ressursar oppstår som følgje av at arbeidsgjevar må halde oversikt over og registrere rabattar og andre naturalytingar som dei tilsette tek imot frå/gjennom forretningspartnarar, som leverandørar, kundar og andre tredjepartar, og verdsetje ytingane.

NHO er i utgangspunktet positive til å klårgjere kven som skal ha pliktene, men peiker på at det vil vere ein velgrunna tvil om skatteplikta for mange ytingar som er tekne imot frå tredjepartar, særleg der ytingane verken er initierte eller formidla av arbeidsgjevar.

NHO,Storbedriftenes skatteforum og Virke ber om ei klårgjering av når rabattar frå tredjepartar er skattepliktige for mottakaren grunna tilknyting til eit arbeidsforhold.

Fleire er kritiske til framlegget og meiner tredjeparten eventuelt må påleggjast opplysningsplikt til arbeidsgjevar om ytingane, for å støtte ei slik samling av pliktene. Fleire meiner at ei slik plikt bør verte lovfesta. KPMG, DFØ og Sticos, som støtter framlegget, meiner òg at tredjeparten må verte pålagd ei opplysningsplikt til arbeidsgjevar. NHO meiner at ein òg bør vurdere å lovfeste ei plikt for den tilsette til å opplyse arbeidsgjevaren sin om slike ytingar. Økonomiforbundet uttalar at det er ein mangel ved høyringa at det ikkje er grundigare granska kor store ressursar som vil gå med for arbeidsgjevar/rekneskapsførar til å følgje opp nye rutinar dersom framlegga vert vedtekne. PWC meiner framlegget vil svekkje rettstryggleiken til arbeidsgjevarane. PWC meiner at dersom framlegga vert vedtekne, bør det verte mogleg for arbeidsgjevar å verte fri ansvaret, til dømes ved å rapportere til skattekontoret dersom tredjeparten gjev mangelfull informasjon. KS, BDO Advokater, Norges Kemner- og kommuneøkonomers forbund og Visma meiner at dersom framlegget vert vedteke, bør tredjepart gjerast solidarisk ansvarleg for å tryggje at tredjeparten gjev tilstrekkeleg informasjon om ytinga til arbeidsgjevar. I høyringa var dette ikkje ein del av framlegga, men det vart kort omtalt som eit mogleg solidaransvar der tredjeparten kan verte ansvarleg for arbeidsgjevaravgifta og manglande innbetalt forskotstrekk når opplysningar om ytinga ikkje er gjevne til mottakarens arbeidsgjevar.

Ein del instansar meiner at pliktene etter gjeldande rett er pålagde tredjeparten, og at dette bør førast vidare. Revisorforeningen er einige i at det er argument som taler for at arbeidsgjevar bør ha ansvaret, men at det ut frå omsynet til rettstryggleiken ikkje er rett og rimeleg å frita den som gjev fordelen – tredjeparten – frå både opplysningsplikta og sanksjonar, og plassere dette ansvaret på arbeidsgjevar. Dei uttaler òg at dei ikkje kan sjå at det er noko i vegen for å forskriftsfeste at partane seg i mellom kan avtale kven som skal ha ansvaret for desse pliktene. PWC viser til at tredjepartar ikkje i alle tilfelle ynskjer å gje frå seg detaljert informasjon om prisar, rabattavtalar, kostnader, reiseprogram m.m. som arbeidsgjevaren må ha for å kunne gjere riktige vurderingar.

Arbeidsgiverforeningen Spekter meiner at arbeidsgjevar bør kunne verte pålagd å leggje til rette for at skattepliktige ytingar som arbeidstakarane tek imot gjennom arbeidsforholdet frå tredjepartar, vert skattlagde, men at ansvaret for at det faktisk skjer, må liggje hos den enkelte tilsette.

Infotjenester er ikkje einige i at dagens reglar er uklåre, og meiner at ein tredjepart som gjev ei trekkpliktig yting, skal reknast som arbeidsgjevar etter dagens reglar om trekkplikt, opplysningsplikt og arbeidsgjevaravgift m.m. Dei peiker likevel på at tredjepartar normalt ikkje overheld desse pliktene i slike tilfelle. Norges kemner- og kommuneøkonomers forbund viser òg til at skattepliktige rabattar frå tredjepartar i liten grad vert rapporterte til skattestyresmaktene.

LO uttaler seg ikkje spesifikt om dette framlegget, men har i høyringsmerknaden sin følgjande innleiande kommentar:

«LO mener personalrabatter og naturalytelser bør være regulert på en slik måte at det begrenser arbeidsgivers mulighet til å benytte det som deler av avlønning av ansatte. Hovedprinsippet må være at arbeidstaker betales en anstendig ordinær lønn, med opptjening av pensjon, sykepenger og feriepenger.»

Virke er kritiske til at arbeidsgjevar vert pålagd desse pliktene. Dei minner om at ytingar som tilsette tek imot frå tredjepartar, omfattar ulike former for ytingar, slik som gåver, reiser, rabattar m.m. frå arbeidsgjevaren sine forretningspartnarar, samarbeidspartnarar eller andre. Dei meiner det er ein viktig skilnad mellom ytingar som arbeidsgjevar har kontroll over, og dei tilfella der ytingar vert gjevne til den tilsette utan at det er bestemt av arbeidsgjevar, eller ligg innanfor arbeidsgjevaren sin kontroll. Krava som vert stilte til arbeidsgjevar, bør vere slik at pliktene kan oppfyllast ved hjelp av enkle prosedyrar. Virke viser òg til at tredjepartar ofte gjev rabattar ut frå eit ynskje om å profilere seg overfor verksemder og deira tilsette, uavhengig av om arbeidsgjevaren tek initiativ til rabattavtalen. Dei viser vidare til at tilsette får rabattar gjennom medlemskap i fagrørsler, interesseorganisasjonar og liknande. Virke meiner avgrensinga kan gjerast ved å stille som eit vilkår for skatteplikt at rabatten er kopla saman med motytingar frå arbeidsgjevaren.

KS Bedrift er skeptiske til framlegget. Dei stiller spørsmål ved at arbeidsgjevar skal betale arbeidsgjevaravgift av ei gåve eller anna yting som ein arbeidstakar har fått frå ein tredjepart. Vidare meiner dei det er ei administrativ forvansking at arbeidsgjevar må skaffe seg oversikt over verdien av ei yting for å gjere pliktene, og at det særleg vil kunne by på utfordringar for mindre bedrifter utan, eller med avgrensa, administrative ressursar.

Sjøfartsdirektoratet meiner framlegget vil verte vanskeleg å kontrollere og handheve, og fryktar auka fare for misleghald ved at gjevar vert friteken for ansvar. Dei meiner òg at bonuspoeng på flyreiser bør førast tilbake til arbeidsgjevar.

NHO meiner ytingane bør rapporterast inn éin gong per år. Dei meiner at framlegget om å forlengje fristen for å rapportere med to månader vert for kort tid for arbeidsgjevar til å gjere pliktene.

2.3.4 Vurderingar og framlegg frå departementet

Skatteplikt for rabattar

I høyringa framheva mange av høyringsinstansane at det kan vere uvisst kva som er skattepliktig, og dermed òg rapporteringspliktig m.m., når tilsette tek imot ytingar i arbeidsforholdet frå tredjepartar. Denne uvissa gjer etter deira meining at det kan vere uheldig om arbeidsgjevar skal ha plikt til å gje lønsopplysningar, gjere forskotstrekk og betale arbeidsgjevaravgift av ytingane.

Mykje av uvissa vil ofte vere knytt til om det er tilstrekkeleg samanheng mellom arbeidsforholdet og den ytinga som vert gjeven. Dette gjeld særleg for rabattar som arbeidsgjevar i liten grad har medverka til at dei tilsette får tilgang til.

Spørsmålet om skatteplikt må i utgangspunktet avgjerast konkret på grunnlag av ei samla vurdering av alle faktorane i kvar sak. Er ytinga skattepliktig, skal ho rapporterast inn m.m. Dette må liggje fast.

Departementet er likevel samd i at grensa mellom skattefrie og skattepliktige rabattar kan gjerast klårare. Departementet legg til grunn at skatteplikta vert innskrenka noko for å gjere det enklare å avgjere når rabattar er skattepliktige som følgje av tilknyting til arbeidsforholdet.

Departementet legg til grunn at skatteplikt og rapporteringsplikt m.m. skal gjelde for rabattar som tilsette får frå arbeidsgjevar sine forretningspartnarar. Departementet presiserer at forretningspartnar her vert nytta som eit omfattande omgrep. I tillegg til leverandørar og kundar av arbeidsgjevaren, er omgrepet meint å omfatte alle partar som arbeidsgjevar har inngått avtale om kjøp eller sal av varer eller tenester med. Det vil òg omfatte rabattar som tilsette tek imot frå tredjepartar når den tilsette kjøper varer eller tenester frå tredjeparten på vegner av arbeidsgjevaren, og deretter får kostnadene refunderte. Dette vil til dømes gjelde privat bruk av bonuspoeng som den tilsette har tent opp ved kjøp av flybillett til tenestereise når arbeidsgjevar har refundert billettkostnaden.

Rabattar på varer og tenester tilsette tek imot frå andre enn slike forretningspartnarar, vil vere skattepliktige dersom arbeidsgjevar yter noko tilbake til tredjeparten for at dei tilsette skal få prisavslaget. Det vil ikkje vere skatteplikt eller rapporteringsplikt m.m. for rabattar frå slike partar når arbeidsgjevar ikkje gjer meir enn å formidle rabattilbod til dei tilsette.

Slike rabattar som er omtalde ovanfor må vere skattepliktige, fordi det elles ville vore lett å unngå skatteplikt m.m. for naturalytingar. Det kunne til dømes skje ved å la dei tilsette få rabattar hos ein tredjepart i staden for direkte frå arbeidsgjevaren. Etter det departementet er kjent med, er det ikkje uvanleg i dag at tilsette får rabattar ved kjøp hos arbeidsgjevar sine kundar eller leverandørar. Skattefridom i desse tilfella ville dermed ha vore ei stor svakheit ved reglane.

Einsidige marknadsføringstiltak eller liknande frå tredjepartar som ikkje er forretningspartnarar, vil ikkje utløyse skatteplikt. Såkalla nabolagsrabattar, som verksemder tilbyr til tilsette i verksemder i nærområdet i profileringssamanheng, vil til dømes normalt vere ei form for marknadsføringsrabatt som ikkje utløyser skatte- eller rapporteringsplikt.

Plikt til å gje lønsopplysningar, gjere forskotstrekk og betale arbeidsgjevaravgift

Som nemnt over er naturalytingar i arbeidsforhold som hovudregel skattepliktige, med plikt til å gje lønsopplysningar, gjere forskotstrekk og betale arbeidsgjevaravgift av ytingane. Lovverket tryggjer likevel ikkje at dette alltid skjer, fordi det er uvisse om kven desse arbeidsgjevarpliktene kviler på når tilsette tek imot ytingane frå ein tredjepart. Mykje tyder på at mange arbeidsgjevarar ikkje er kjende med at ytingar til tilsette frå ein tredjepart medfører plikter til rapportering m.m. Det medfører at ytingane i ein del høve ikkje vert rapporterte inn og skattlagde når det er uklårt om pliktene ligg på arbeidsgjevar eller tredjeparten. Der dei ikkje vert skattlagde, vil den tilsette heller ikkje tene opp feriepengar eller rett til pensjon m.m. av desse verdiane.

Uvissa om kven som har ansvaret for å rapportere m.m. er eit problem både for arbeidsgjevarar, tilsette og for skattestyresmaktene. Arbeidsgjevarane opplever dette mindre føreseieleg, og får dermed svekt rettstryggleik. Det gjeld òg for tredjepartar, jf. omtale av saka som vart klaga inn til Sivilombodsmannen i punkt 2.3.2. For dei tilsette kan det vere uklårt om ytingar vert rapporterte inn av arbeidsgjevar, eller om arbeidstakar må gjere det sjølv på skattemeldinga.

Idretten har òg vore opptekne av at uvissa gjer at ein del store og seriøse næringslivsaktørar avstår frå å nytte kultur og idrett som ein arena for kundepleie, og at dette gjer at frivillig sektor taper inntekter frå slike arrangement.

Desse pliktene er i alle høve slik at det bør kome klårt fram av lovverket kven dei kviler på. Departementet viser òg til oppmodinga frå Sivilombodsmannen til å avklåre reglane.

Ei effektiv skattlegging av ytingar i arbeidsforhold avheng i aukande grad av at ytingane vert rapporte inn til styresmaktene av arbeidsgjevar. Dette kjem dels av at det kan vere krevjande for den tilsette å avgjere om ei yting er skattepliktig eller ikkje, og kva verdi ytinga har. Den tilsette vil ofte heller ikkje ha eit system der slike ytingar kan registrerast gjennom året. For den tilsette vil det difor vere krevjande å halde den naudsynte oversikta over skattepliktige naturalytingar, og å rapportere dei i skattemeldinga. Dette gjeld ikkje minst i høve der den tilsette får skattepliktige ytingar gjennom arbeidsgjevaren sine kundar eller leverandørar.

Departementet legg difor til grunn at skattepliktige ytingar vunne i arbeidsforhold så langt som mogleg må rapporterast til skattestyresmaktene av andre enn den tilsette sjølv.

Slik departementet ser det, er det prinsipielt riktig å leggje til grunn at ytingar som er skattepliktige fordi dei er mottekne som følgje av eit arbeidsforhold, jf. skatteloven § 5-1, jf. § 5-10, vert rekna som ytte frå arbeidsgjevaren.

Arbeidsgjevaren er den som har den direkte fordelen av den tilsette sin arbeidsinnsats, og dermed auka innsats, motivasjon m.m. som følgje av ytingar den tilsette tek imot gjennom arbeidsforholdet.

Det same gjeld etter departementet si vurdering òg av praktiske grunnar. Det er så nær samanheng mellom pliktene til å gje opplysningar om løn, gjere forskotstrekk og å betale arbeidsgjevaravgift at dei bør liggje på det same subjektet, òg der ytingane kjem gjennom ein tredjepart.

Tredjeparten vil likevel i mange tilfelle ha betre oversikt enn arbeidsgjevaren over den ytinga som er gjeven, noko som isolert sett kan tale for å leggje pliktene på tredjeparten. Tredjepartar vil likevel ofte ikkje kunne avgjere om ytinga er skattepliktig for mottakaren. Dette gjeld til dømes flybonus, der selskapet som administrerer bonuspoenga normalt ikkje vil vite om bonuspoeng er opptente privat eller i teneste, eller om dei vert nytta til private eller tenestlege formål. Tilsvarande gjeld for andre rabattar/bonusar/«kick back» arbeidstakar tener opp gjennom kjøp på vegner av arbeidsgjevar.

Arbeidsgjevar er òg nærast til å vite om ei gåve frå ein forretningspartnar er skattefri etter reglane om skattefritak for enkelte gåver i arbeidsforhold, eller om gåva er skattepliktig. Det er vidare arbeidsgjevar som veit om gåva vert nytta privat av ein tilsett, eller om gåva tilkjem bedrifta. Det same gjeld ved deltaking på eit arrangement/reise arrangert av ein forretningspartnar, der den tilsette kan ha fått konkrete oppgåver av sin arbeidsgjevar som har innverknad på avgjerda om skatteplikt.

Lovtolkinga i praksis med å leggje plikter på tredjeparten i kundepleietilfella, jf. omtalen av saka som vart klaga inn til Sivilombodsmannen, medfører fleire praktiske utfordringar. Det er praktisk vanskeleg for tredjeparten å rapportere inn, gjere forskotstrekk og betale arbeidsgjevaravgift for ein som er tilsett i ei anna verksemd. Det er mellom anna behov for fleire opplysningar om den skattepliktige for å oppfylle pliktene etter a-opplysningsloven. Ved rapporteringa skal inntektsmottakaren identifiserast i tilstrekkeleg grad. For personleg skattepliktige skal det opplysast om fødselsnummer. Lønsopplysningar, opplysningar om arbeidsgjevaravgift og opplysningar om gjennomført forskotstrekk skal verte gjevne i same melding gjennom a-ordninga. Det er arbeidsgjevar som har desse naudsynte personopplysningane, skattekort m.m. Ein tredjepart vil heller ikkje ha kontante ytingar å trekkje skatt i.

Det kan òg reisast prinsipielle innvendingar mot at ein kunde eller leverandør skal fungere som arbeidsgjevar for andre sine tilsette. Departementet viser òg til at avgrensinga av skatteplikta for rabattar vil gjere av med mykje av den uvissa rundt skatteplikta for rabattar som tilsette tek imot frå tredjepartar som høyringsintansane har framheva.

Arbeidsgjevar vil vidare, uavhengig av dei skattemessige pliktene, truleg ynskje å ha gode rutinar for å ha oversikt over kva den tilsette tek imot av ytingar frå tredjepartar, mellom anna for å sikre seg mot korrupsjon og å verne seg mot anna uheldig påverking.

Plikta for den tilsette til å gje opplysningar til sin arbeidsgjevar om ytingar som er tekne imot gjennom arbeidsforholdet, kan takast inn i arbeidsreglement. Arbeidsgjevar har òg moglegheit til å bestemme at dei tilsette ikkje skal ta imot slike ytingar frå tredjepartar, eller setje vilkår for å avgrense dei tilsette sine moglegheiter til å ta imot gåver, delta på arrangement eller reise av privat karakter med forretningspartnarar m.m. Når det gjeld tilsette i staten, kan dei til dømes ikkje nytte bonus eller andre liknande fordelar opparbeidde gjennom tenestereiser privat. Privat bruk vert rekna som brot på tenestepliktene til arbeidstakaren.

I tilfelle der tilsette opplyser arbeidsgjevar om å ha motteke ei naturalyting frå ein tredjepart, men tredjeparten ikkje bidreg med naudsynte opplysningar, bør arbeidsgjevar overfor skattestyresmaktane kunne vise til at arbeidsgjevar og den tilsette har fastsett verdien av ytinga basert på dei opplysningane dei har. Det kan til dømes vere invitasjonar, reiseruter, program m.m. eller at dei har funne omsetjingsverdien for ein gåvegjenstand.

Departementet understrekar at arbeidsgjevar ikkje skal kunne påleggjast reaksjonar eller sanksjonar for brot på pliktene dersom arbeidsgjevar har gjort det som med rimelegheit kan ventast for å sørgje for at tilsette og tredjepartar gjev slike opplysningar.

Det gjeld til dømes dersom arbeidsgjevar har fastsett i arbeidsreglementet at dei tilsette pliktar å opplyse arbeidsgjevar om ytingar dei tek imot frå tredjepartar. Dersom ein tilsett likevel ikkje oppfyller denne plikta overfor arbeidsgjevar, og arbeidsgjevar heller ikkje burde ha oppdaga forholdet på anna vis, må forholdet verte rekna for unnskyldeleg frå arbeidsgjevar si side, slik at det ikkje skal leggjast tilleggsskatt på arbeidsgjevaravgifta.

Arbeidsgjevars ansvar for rapportering av ytingar tilsette tek imot gjennom tredjepartar vil òg kunne verke forenklande for dei tilsette. Dette vil vere tilfellet for tilsette som i dag sjølve må berekne og rapportere inn dei skattepliktige fordelane i skattemeldinga dersom arbeidsgjevar ikkje rapporterer dei inn.

Med den avgrensinga av skatteplikta som er omtalt framfor, og dei omsyna som er gjennomgått, meiner departementet at arbeidsgjevar må ha pliktene til å gje lønsopplysningar, gjere forskotstrekk og svare arbeidsgjevaravgift i tilfelle der tilsette tek imot skattepliktige ytingar i arbeidsforholdet gjennom andre.

Departementet viser til at arbeidsgjevar i mange tilfelle vil vere avhengig av opplysningar frå tredjeparten for å kunne oppfylle pliktene.

Desse opplysningane er naudsynte for å kunne vurdere om ytinga er skattepliktig og å verdsetja og tidfeste naturalytinga på riktig måte, og dermed rapportere riktige opplysningar til korrekt tid, gjere forskotstrekk og betale arbeidsgjevaravgift med riktig beløp.

Fleire høyringsinstansar meiner at det bør innførast ei lovfesta plikt for tredjeparten til å gje opplysningar til arbeidsgjevar, jf. omtale i punkt 2.3.3. Ei slik opplysningsplikt er av fleire instansar foreslått kombinert med eit økonomisk ansvar for tredjeparten ved opplysningssvikt. Det var ikkje ein del av framlegget i høyringa, men var omtalt i høyringa som eit mogleg solidaransvar ved at tredjeparten vert gjort ansvarleg for arbeidsgjevaravgifta og forskotstrekkbeløpet, og ev. kan verte pålagd administrative reaksjonar dersom tredjeparten ikkje gjev tilstrekkelege opplysningar til arbeidsgjevar.

Ei slik opplysningsplikt overfor ein annan privat aktør vil etter vurderinga til departementet skilje seg klårt frå pliktene til å gje opplysningar til styresmaktene.

Departementet legg til grunn at arbeidsgjevar har fleire metodar for å sikre at tredjeparten gjev dei opplysningane som er naudsynte for å rapportere inn ytinga m.m. I dei tilfella arbeidsgjevar gjev løyve til at tilsette tek imot ytingar gjennom forretningspartnarar, kan arbeidsgjevar stille krav i forretningsavtalen om at tredjeparten gjev arbeidsgjevar dei opplysningane som er naudsynte for å ivareta sine skattemessige plikter. Departementet reknar vidare med at tredjeparten og arbeidsgjevar har sams interesse i at arbeidsgjevar får riktige opplysningar om ytinga, og at tredjeparten difor vil medverke til dette. Det vert òg lagt til grunn at klårgjeringa i regelverket av at ansvaret kviler på arbeidsgjevar, vil bidra til at det vert ein etablert praksis i næringslivet for at tredjepartar som gjev skattepliktige ytingar til tilsette i andre verksemder, gjev beskjed til arbeidsgjevar. Departementet meiner òg at behovet for ei slik opplysningsplikt vert redusert når skatteplikta for rabattar gjennom tredjepartar vert avgrensa som foreslått framfor. Departementet foreslår difor ikkje å innføre ei slik lovfesta plikt for tredjeparten no. Skattestyresmaktene bør likevel følgje med på utviklinga i praksis når framlegga har trådd i kraft.

Departementet legg vekt på at pliktene skal vere enklast mogleg å praktisere for arbeidsgjevarane. Dersom rapporteringsplikta m.m. gjev urimelege utslag i nokre høve eller for nokre typar ytingar som arbeidstakar tek imot gjennom tredjepart, vil departementet vurdere ytterlegare justeringar.

Departementet gjer merksam på at arbeidsgjevar naturlegvis ikkje skal ha arbeidsgjevarpliktene dersom det ligg føre ein arbeidsavtale mellom arbeidstakar og ein annan tredjepart som gjev ytingar til arbeidstakaren. Når ein tilsett tek imot ytingar frå arbeidsgjevar sine forretningspartnarar eller andre tredjepartar, vil det avgjerande vere om ytinga vert teken imot av arbeidstakar på grunn av stillinga hos arbeidsgjevar. Skal ein forretningspartnar/tredjepart kome i arbeidsgjevaransvar, må det vere ein sjølvstendig avtale mellom forretningspartnaren og arbeidstakaren om det arbeidet/oppdraget som skal utførast for tredjeparten.

Tidfesting av ytingane og frist for rapportering

Det generelle utgangspunktet for tidfesting av arbeidsinntekt følgjer av skatteloven § 14-3, ved at ytingene skal verte tekne til inntekt i det året då «beløpet utbetales eller ytelsen erlegges, eller i tilfelle på det tidligere tidspunkt da det oppstår adgang til å få beløpet utbetalt eller ytelsen erlagt». Ved rapportering etter a-opplysningsloven skal ytingane rapporterast for den kalendermånaden dei vert mottekne. Fristen for rapportering er den 5. i månaden etter den månaden ytinga vert motteken, jf. a-opplysningsforskrifta § 2-1. Forskotstrekk skal gjerast når det oppstår tilgang for skattytaren til å få godtgjersla utbetalt, jf. skattebetalingsloven § 5-10. Utgangspunktet for verdsetjing, forskotstrekk og rapportering er såleis at pliktene inntreffer når den tilsette tek imot ytinga.

I høyringa vart det foreslått å forlengje fristen for rapportering med to månadar, for å gje arbeidsgjevar meir tid til å ta imot dei naudsynte opplysningane. Nokre høyringsinstansar meiner likevel det vert for kort frist, og at fristen bør forlengast ytterlegare. Med avgrensinga departementet legg til grunn, jf. om skatteplikta ovanfor, bør ei fristforlenging med to månader vere tilstrekkeleg. Departementet legg til grunn at tidfestinga av inntekta på dei tilsette si hand skal utsetjast tilsvarande der rapporteringa vert utsett. Dette gjer at ein unngår at arbeidsgjevarane må opne tidlegare periodar i a-ordninga for korrekt rapportering av slike ytingar.

Endring av lovtekst

Departementet foreslår at avklåringa av arbeidsgjevar sine plikter for ytingar i arbeidsforhold gjennom tredjepartar skjer gjennom endringar i skattebetalingsloven og skatteforvaltningsloven. Av framlegget til eit nytt andre punktum i skattebetalingsloven § 5-4 fyrste ledd går det fram at pliktene etter kapittel 5 i lova ligg på arbeidsgjevaren til den tilsette òg når ytinga kjem gjennom ein tredjepart. Skattebetalingsloven bruker som nemnt omgrepet arbeidsgjevar i ei noko vidare tyding enn den allmenne arbeidsrettslege tydinga av ordet, slik at det etter skattebetalingsloven skal mindre til for å verte rekna som arbeidsgjevar i lovens forstand. Departementet foreslår difor å ikkje nytte omgrepet arbeidsgjevar i lovteksten. Det vert foreslått tilsvarande endringar i skatteforvaltningsloven § 7-2 andre ledd for å regulere at lønsopplysningsplikta i tilfelle med tredjepartsytingar, kviler på arbeidsgjevar.

Departementet viser til framlegg til endringar i skattebetalingsloven § 5-4 fyrste ledd og skatteforvaltningsloven § 7-2 andre ledd.

2.4 Forbetring av reglane om verdsetjing og einskilde naturalytingar

2.4.1 Verdsetjing av naturalytingar

Gjeldande rett

Naturalytingar vert verdsette til omsetjingsverdien, med mindre noko anna er bestemt, jf. skatteloven § 5-12, jf. § 5-3. Etter praksis vert omsetjingsverdien forstått som den prisen som ein allmenn forbrukar må betale for tilsvarande vare eller teneste i marknaden.

Arbeidsgjevaren må avklåre kva som er omsetjingsverdien på tidfestingstidspunktet, jf. skatteloven § 14-3, dvs. når arbeidstakaren tek imot naturalytinga, eller på det tidlegare tidspunktet når det oppstår tilgang for arbeidstakaren til å ta imot naturalytinga. Verdien av ei skattepliktig naturalyting er grunnlaget for arbeidsgjevaren når han gjer forskotstrekk etter skattebetalingsloven § 5-6 fyrste ledd bokstav a, rapporterer etter skatteforvaltningsloven § 7-2 nr. 1 bokstav a og betaler arbeidsgjevaravgift etter folketrygdloven § 23-2 tredje ledd.

Det er nokre unntak frå hovudregelen om verdsetjing til omsetjingsverdi, mellom anna for tilsette sine kjøp av varar og tenester som arbeidsgjevar sjølv har skaffa inn.

Eigentilverka varer, tenester og driftsmiddel m.m. i arbeidsgjevars bedrift eller som er kjøpte inn til drifta hos arbeidsgjevar, vert verdsette til den prisen (inkl. mva.) som arbeidsgjevar ville fått ved eit sal på den måten som er vanleg for bedrifta, jf. skattebetalingsforskrifta § 5-8-30 fyrste ledd bokstav a, b og c. Verdien av ei gjeven vare eller teneste vil dermed kunne variere etter kva ledd i omsetjingskjeda arbeidsgjevar høyrer til, ved at utsalsprisen er lågare der arbeidsgjevar er produsent eller grossist, enn der arbeidsgjevar sel til sluttbrukar.

Varer og tenester m.m. som er «innkjøpt spesielt for arbeidstakerne» vert verdsette til verdien ved å skaffe vara eller tenesta (inkludert meirverdiavgift), jf. skattebetalingsforskriften § 5-8-30 fyrste ledd bokstav b. Denne verdien vil i mange tilfelle vere lågare enn den prisen den tilsette måtte betalt hos ein ekstern forhandlar (omsetjingsverdien), slik at den tilsette nyt godt av den rabatten arbeidsgjevarar oppnår i kraft av sin posisjon i marknaden.

Framlegga som var på høyring

Det vart i høyringa gjort framlegg til klårgjering av reglane om verdsetjing av naturalytingar. Det vart foreslått å presisere i forskrift at omsetjingsverdien er den verdien som er allment tilgjengeleg for forbrukarar for same vare eller teneste. Rabattar som er tilgjengelege for forbrukarar, kan òg takast med i berekninga. Særreglane om verdsetjing til lågare pris omtala over, vart foreslått oppheva.

Oppsummering av høyringsfråsegna

Nær sagt alle høyringsinstansane støtter framlegga som var på høyring om å klårgjere og endre reglane for verdsetjing av naturalytingar, irekna å oppheve særreglane om verdsetjing til lågare verdi. Dei er samde i at prisen i sluttbrukarmarknaden gjev riktig verdi.

Fleire av høyringsinstansane som støttar framlegget, meiner likevel at ein arbeidsgjevar med personalrabattordningar som ikkje sjølv omset i sluttbrukarmarknaden, vert påført meirarbeid med å halde oversikt over prisar og tilbod i sluttbrukarmarknaden for å verdsetje rabatten på varene/tenestene dei tilsette kjøper, jf. nedanfor i punkt 2.4.2 om personalrabattar.

Revisorforeningen støtter framlegget, men viser til at det vil medføre større undersøkings- og dokumentasjonskrav for alle bedrifter som ikkje sjølv omset vara eller tenesta i sluttbrukarmarknaden. Dei skriv likevel at det ikkje er ei ynskja utvikling at løn vert vridd til naturalytingar, og at ein kan argumentere for at arbeidsgjevarar som sel varer til dei tilsette, må akseptere denne byrda.

Arbeidsgiverforeningen Spekter meiner at det må vere den tilsette som har plikta til å dokumentere prisen i sluttbrukarmarknaden.

Virke, som i utgangspunktet støttar framlegget, har innspel til ei enklare form for dokumentasjon av prisen ved sal til tilsette, enn det framlegget som var på høyring.

Vurderingar frå departementet

Svakheitene ved gjeldande rett har i stor grad samanheng med at gjeldande særreglar kan føre til ulik verdsetjing av same vare eller teneste. Det medfører ulik behandling av skattytarar som er i same situasjon. Sjølv om desse reglane vart etablerte for å gjere verdsetjinga enklare, representerer dei ikkje ei slik forenkling i dag. Dei fører tvert om til at regelverket har vorte meir komplisert.

Dessutan varierer omsetjingsverdi (marknadspris) til forbrukarar i større grad enn tidlegare. Det har òg kome nye former for rabatt- og bonusordningar som ein kan hevde har redusert ordinær marknadspris. Desse forholda gjer det naudsynt med ei klårgjering av korleis verdien av naturalytingar skal fastsetjast når arbeidsgjevar skal verdsetje dei.

For å klårgjere regelverket vil departementet nytte hovudregelen om verdsetjing til omsetjingsverdi i større grad, slik det var foreslått i høyringa. Dei særskilde reglane om verdsetjing i forskrift til skatteloven §§ 5-12 og 5-13, som til dømes gjeld fri bustad i utlandet og firmabil, skal framleis gjelde.

Som framstillinga framfor viser, har nær sagt alle høyringsinstansane slutta seg til framlegget i høyringa.

Departementet vil presisere i skattebetalingsforskriften at omsetjingsverdi er den prisen som er allment tilgjengeleg for forbrukarar for same vare eller teneste, det vil seie prisen i sluttbrukarmarknaden. Det kan ved verdifastsetjinga òg takast omsyn til rabattar og tilbodsprisar, dersom dei er allment tilgjengelege for forbrukarar uavhengig av arbeidsforholdet. Verdien av ytinga skal fastsetjast ut frå forholda på tidfestingstidspunktet, det vil seie når den tilsette tek i mot naturalytinga, eller på det tidlegare tidspunktet når det oppstår tilgang for den tilsette til å ta i mot ytinga.

For å likestille verdsetjinga av varer og tenester i dei ulike omsetjingsledda vil departementet oppheve unntaka om at eigentilverka varer, tenester og driftsmiddel m.m. i bedrifta til arbeidsgjevar eller som er kjøpte inn til drifta hos arbeidsgjevar vert verdsette til arbeidsgjevars utsalspris. Departementet vil vidare oppheve særregelen om at varer eller tenester som er innkjøpt spesielt til dei tilsette, kan verdsetjast til arbeidsgjevarens anskaffingsverdi.

Formålet med å oppheve særreglane og å nytta hovudregelen om verdsetjing til omsetjingsverdi i størst mogleg grad, er å gjere reglane enklare og å oppnå lik verdsetjing av naturalytingar. Dette gjev ei meir riktig skattlegging av naturalytingar.

Departementet viser òg til at forbetringane i gjeldande skattefritak for personalrabattar føreset at rabattane vert verdsette til omsetjingsverdi i sluttbrukarmarknaden.

Til merknader frå enkelte av høyringsinstansane om meirarbeid med å undersøkje prisar i sluttbrukarmarkanden, viser departementet til at endringane ikkje vil medføre at arbeidsgjevar har plikt til å påvise lågaste pris i sluttbrukarmarknaden, men at arbeidsgjevar og tilsette vil ha rett til å leggje den lågaste prisen til grunn.

Skattedirektoratet vil i lys av høyringsinnspela vurdere kva krav som må gjelde til dokumentasjon av prisar.

Det er skjønsmessig lagt til grunn at endringa aukar provenyet med 20 mill. kroner frå 2019.

Endringane i reglane om verdsetjing vert gjort ved forskriftsendringar.

2.4.2 Skattefritaket for rimelege personalrabattar

Gjeldande rett

I utgangspunktet vil rabattar som skattytar tek imot gjennom arbeidsforholdet, og som ikkje er tilgjengelege for allmenne forbrukarar, verte rekna som ein fordel vunnen ved arbeid og vere skattepliktig etter skatteloven § 5-10, jf. § 5-1.

I forskrift til skatteloven § 5-15-3 er det likevel gjeve eit avgrensa fritak frå skatteplikta for personalrabattar, på nærare gjevne vilkår. Vilkåra for skattefritak er at rabatten er «rimelig», og at vareuttaket «anses å dekke et vanlig privat forbruk». Vidare må vara «produseres eller omsettes i arbeidsgivers virksomhet». Skattefritaket gjeld etter ordlyden berre personalrabatt på varer, men det er lagt til grunn i praksis at føresegnene inntil vidare kan brukast tilsvarande for tenester.

Kva som utgjer ein «rimelig» rabatt er ei skjønnsbasert samla vurdering. Momenta i vurderinga er gjevne i Skatte-ABC under emne «Gaver og tilskudd i arbeidsforhold m.m.» punkt 4.

For at rabatten skal verte rekna som rimeleg, må han ikkje bringe prisen under arbeidsgjevars kostpris inkl. indirekte kostnadar. Rabatten må normalt ikkje vere større enn det som vert gjeve til storkundar. Vidare må det mellom anna takast omsyn til den prosentvise reduksjonen i pris som rabatten utgjer, og til den totale verdien av rabattar skattytar har oppnådd i løpet av inntektsåret.

For kjøp av betydelege kapitalgjenstandar som til dømes bil, båt og liknande, vert kjøp oftare enn kvart tredje år rekna for å overstige eit vanleg privat forbruk. Ved kjøp av slike gjenstandar kvart tredje år eller sjeldnare, må ein i alle høve vurdere om den konkrete rabatten kan reknast som rimeleg.

Dersom rabatten overstig grensa for skattefritak, dvs. overstig storleiken «rimelig», vil heile verdien av rabatten verte skattepliktig for den tilsette, med plikt for arbeidsgjevar til å gje lønsopplysningar, gjere forskotstrekk og betale arbeidsgjevaravgift.

Etter gjeldande regelverk skal verdsetjinga av personalrabattar skje med utgangspunkt i kva arbeidsgjevar alternativt kunne ha selt vara eller tenesta for på den måten som er vanleg i bedrifta, dersom han ikkje hadde selt med rabatt til eigne tilsette, dvs. utsalsprisen i arbeidsgjevarbedrifta, jf. omtale om gjeldande reglar for verdsetjing i punkt 2.4.1.

Føresegnene gjeld både for varer og tenester som er tilverka eller utførte av arbeidsgjevar, eller som er innkjøpte til drifta hos arbeidsgjevar, jf. skattebetalingsforskriften § 5-8-30 bokstav a, b og c. Vara eller tenesta kan elles verdsetjast til ein lågare verdi dersom arbeidsgjevar kan godtgjere at verdien av vara eller tenesta, når ho vert motteken av arbeidstakar, er påviseleg lågare enn normal verdi som følgje av sesongsvingingar, ukurans, forringing på grunn av alder m.m, jf. § 5-8-30 andre ledd.

Det er ikkje eit krav at naturalytingar som er skattefrie skal verte rapporterte inn, jf. skatteforvaltningsforskriften § 7-2-2. Arbeidsgjevar plikter såleis ikkje å levere opplysningar om personalrabattar som oppfyller vilkåra for skattefritak etter forskrift til skatteloven § 5-15-3.

I dei tilfella personalrabattar på varer eller tenester overstig eit rimeleg nivå, skal rabatten reknast som skattepliktig inntekt, og rapporterast inn av arbeidsgjevarar etter reglane i a-opplysningsloven.

Framlegga som var på høyring

Det vart i høyringa foreslått å forbetre gjeldande skattefritak for personalrabattar. Det vart foreslått at det skal vere ei øvre, samla, årleg beløpsgrense for personalrabattar som kan takast imot skattefritt, og at verdien av rabatten vert fastsett med utgangspunkt i allmenn omsetjingsverdi i sluttbrukarmarknaden. Rabatten kan ikkje overstige 50 pst. på den enkelte vara eller tenesta. Skattefritaket vil omfatte rabattar motteke gjennom arbeidsgjevars kundar og leverandørar, men berre for varer og tenester som arbeidsgjevar omset. Vilkåret om at vara/tenesta vert omsett i arbeidsgjevars verksemd, vert vidareført.

Oppsummering av høyringsfråsegna

Dei fleste høyringsinstansane som har uttala seg om framlegget, er einige i at det vil vere forenklande å innføre ei beløpsgrense.

Fleire høyringsinstansar understrekar at personalrabattar er viktige for å gje dei tilsette forståing og kunnskap om varer og tenester som vert omsette hos arbeidsgjevaren, rekruttering, auka lojalitet og produktprofilering. Mellom anna NHO skriv at innspel frå dei tilsette om korleis ei vare eller teneste vert oppfatta i sluttbrukarmarknaden kan brukast til produktforbetring.

KPMG støttar forslaget, og er einige i at dei gjeldande føresegnene er uklåre. Etter deira syn vil ei øvre, samla beløpsgrense skape ein klår regel. Dei meiner beløpsgrensa bør setjast så høgt at ho ikkje vert strengare enn dagens regelverk. Dei skriv at verdsetjing til omsetjingsverdi i sluttbrukarmarknaden er ei meir rimeleg løysing, og at det er nærliggjande å rekne med at det vil gjere det enklare for arbeidsgjevarar å vurdere om dei samla rabattane gjennom året er innanfor skattefritaket.

LO er positive til framlegget og skriv at:

«I eksempelvis varehandelen er det utbredt å motta personalrabatter. Det gjelder blant annet innen salg av sportsutstyr, hvor rabattene kan være av betydelig størrelse og verdi. LO bemerker at slike rabatter ofte har høyere verdi for arbeidsgiver enn for arbeidstakere, og at en klar beløpsgrense for skattefritak er nyttig. Det er særlig ekstrahjelper med få arbeidstimer i uka som opplever at personalrabattene i stor grad kompenserer for lav lønn. Samtidig ønsker LO å påpeke at varehandelen er en bransje preget av hard konkurranse, og at mindre bruk av personalrabatter ikke nødvendigvis vil kompenseres med høyere lønn.»

Både Virke og Finans Norge skriv at dei er einige i at dagens skattefritak skaper uklåre grensedragningar. Dei er likevel skeptiske til ei samla, øvre beløpsgrense, då dei meiner ei slik beløpsgrense ikkje tek omsyn til at næringane er ulike kva gjeld type varer og tenester. Dei skriv at for tilsette i næringar som hovudsakleg omset forbruksvarar, vil ei beløpsgrense gje stort rom for bruk av skattefrie personalrabattar, medan i bransjar som omset kapitalvarer vil ei beløpsgrense verke skatteskjerpande. Virke viser til at i dei bransjane der beløpgrensa vil verke skatteskjerpande, vil arbeidsgjevarar i mindre grad kunne nytte eigne tilsette til profilering. Dei meiner difor at beløpsgrensa bør variere mellom ulike næringar og bransjar.

Finans Norge meiner at uklårleikane i dagens reglar bør kunne løysast på ein annan måte, til dømes ved rettleiing som tydeleggjer dagens vilkår for skattefritak.

Skattebetalerforeningen meiner òg at ulike tilfelle kan gje grunnlag for ulike vurderingar, slik at det kan vere vanskeleg å gje ei samla beløpsgrense.

BDO Advokater foreslår at det vert opna for å «spare» årleg rabatt slik at ein arbeidstakar kan oppnå ein større rabatt seinare år om vedkomande vel å la vere å ta ut varer eller tenester med personalrabatt det enkelte år. NHO ber òg om at det vert vurdert å vidareføre gjeldande praksis med høve til å fordele rabattar over fleire år slik at det er mogleg å ta ut større rabattar kvart tredje år.

Fleire høyringsinstansar har uttalt at beløpsgrensa bør setjast til eit nivå som ikkje inneber ei innstramming samanlikna med dagens regelverk. Dersom det vert innført ei øvre, samla beløpsgrense, meiner NHO og Storbedriftenes skatteforum at ho ut frå dagens praksis bør setjast til minst 10 000 kroner. Infotjenester foreslår ei beløpsgrense på til dømes 12 000 kroner, eller at grensa vert fastsett i tilknyting til statsbudsjettet for det enkelte inntektsåret. Norges Kemner- og kommuneøkonomers forbund foreslår at beløpsgrensa vert sett til 1/3 G.

Fleire av høyringsinstansane peiker på at verdsetjing av rabattane til prisen i sluttbrukarmarknaden vil medføre meirarbeid for arbeidsgjevarar, ved at dei må halde oversikt over prisar, tilbod og rabattar som til ein kvar tid er tilgjengelege. Det vert peikt på at dette vil vere særleg krevjande for produsentar og andre aktørar i tidlegare ledd i omsetjingskjeda.

NHO og Storbedriftenes skatteforum viser til at det er vanleg med sams personalbutikkar for konsernselskap. Dei meiner difor at skattefritaket for personalrabattar bør omfatte kjøp av varer og tenester som vert omsette innanfor same konsern.

NHO og Storbedriftenes skatteforum har òg uttalt at Skattedirektoratet ikkje har gjort gjeldande at personalrabattar i dag har eit slikt omfang at det er behov for å innføre ei beløpsgrense.

Revisorforeningen er kritiske til at direktoratet i det heile vil føre vidare ei ordning med skattefritak for personalrabattar. Dei vil heller vidareføre dagens uklåre og skjønsmessige reglar dersom det framleis skal vere skattefritak.

Fleire høyringsinstansar har uttalt at skattefrie rabattar ikkje bør rapporterast inn.

Vurderingar frå departementet

Framstillinga framfor viser at dagens skattefritak for personalrabattar byggjer på skjønsmessige vilkår. Ei uklår grense for skattefridom skaper utfordringar for arbeidsgjevarane når dei skal avgjere om rabattane dei tilsette tek imot, er skattefrie eller skattepliktige ved gjennomføringa av forskotstrekk, rapportering og betaling av arbeidsgjevaravgift. Det vert mindre føreseieleg og gjev dårleg rettstryggleik for arbeidsgjevarar og tilsette. Det er vidare vanskeleg for skattestyresmaktene å kontrollere om arbeidsgjevarane gjev rabattar utover skattefritaket når denne grensa er uklår.

Skattedirektoratet har opplyst at fleire rabattordningar som etter dagens reglar er skattepliktige, likevel i liten grad vert rapporterte inn. Ein reknar difor med at det i nokre bransjar vert gjeve rabattar som går utanfor ei liberal tolking av skattefritaket, utan at dei vert rapporterte inn. Dette fortrengjer kontant løn, bidreg til å hole ut skattegrunnlaget og gjev ei skeiv fordeling. Når løn gjeven i form av rabattar i stort monn ikkje vert skattlagd, har dette uheldige fordelingsmessige konsekvensar fordi mange tilsette ikkje har tilgang til dei same rabattane. Den tilsette tener heller ikkje opp pensjons- eller trygderettigheiter for verdien av rabattane når dei ikkje vert skattlagde.

Skattefritaket for personalrabattar er gjeve med heimel i skatteloven § 5-15 andre ledd. Etter denne føresegna kan Finansdepartementet fastsetje at mindre naturalytingar og andre mindre fordelar skal vere skattefrie «innenfor fastsatte rammer». Ei klår avgrensing av skattefritaket er difor ein føresetnad etter skatteloven § 5-15.

Det vert òg vist til manglane ved gjeldande reglar for verdsetjing av naturalytingar omtalt i punkt 2.4.1, som òg gjer seg gjeldande for verdsetjing av varer og tenester kjøpte med personalrabatt.

På bakgrunn av manglane i gjeldande rett, vil departementet gjere forbetringar i gjeldande skattefritak i samsvar med det som var på høyring, men med nokre justeringar for å kome høyringsfråsegnene i møte.

Verdien av personalrabattar skal fastsetjast med utgangspunkt i omsetjingsverdien i sluttbrukarmarknaden. Rabattar kan likevel ikkje overstige 50 pst. av prisen på den enkelte vara eller tenesta. Samstundes vert det innført ei øvre grense for den samla verdien av rabattar ein kan ta imot skattefritt i året gjennom arbeidsforhold hos ein arbeidsgjevar. Verdiar som overstig grensa vert skattepliktige.

Ei grense og ein maksimal rabattsats vil bidra til eit meir eit rettferdig regelverk på tvers av ulike bransjar og næringar. Det vert enklare for arbeidsgjevarane og skattytarane å vite når rabattane er innanfor skattefritaket. Vidare inneber det at styresmaktene enkelt kan gje eit klårt svar på om ei personalrabattordning er innanfor eller utanfor skattefritaket. Dei nye reglane vil såleis auke rettstryggleiken til arbeidsgjevarar og skattytarar.

Som etter gjeldande rett vil det framleis vere krav om at vara/tenesta må omsetjast i arbeidsgjevars bedrift. Skattefritaket vil omfatte rabattar i arbeidsforholdet gjennom arbeidsgjevars kundar og leverandørar, under føresetnad av at vara/tenesta vert omsett i arbeidsgjevars bedrift.

Departementet legg opp til at det skal vere mogleg å nytte ein forenkla modell for rapportering for arbeidsgjevarar med avgrensa personalrabattordningar, der samla verdi av rabattar som vert mottekne klårt ikkje overstig beløpsgrensa. I slike tilfelle er det tilstrekkeleg at arbeidsgjevar gjev opplysningar til skattestyresmaktene om at bedrifta har personalrabattordning, utan at det er naudsynt med rapportering på tilsettnivå.

Grunngjevinga for å vidareføre eit skattefritak for personalrabattar er, slik som fleire av høyringsinstansane òg gjev uttrykk for, at personalrabattar er viktige for dei tilsette si forståing og kunnskap om arbeidsgjevars varer og tenester, rekruttering og produktprofilering.

Departementet vil opne for at skattefritaket kan omfatte kjøp av varer og tenester som vert omsette innanfor same konsern, sjølv om ikkje arbeidsgjevarselskapet omset alle desse. Beløpsgrensa og dei øvrige vilkåra vil då måtte målast for alle konsernselskapa samla. Dette vil imøtekome høyringsinnspel som viser til at det er vanleg med personalbutikkar som er sams for konsernselskapa. Det vil òg gjere reglane nøytrale for ulike måtar å organisere bedrifta på.

Av administrative grunnar vil det skattefrie beløpet gjelde per år for kvar arbeidsgjevar. Det vil verte vurdert om det bør stillast tilleggsvilkår om at dei skattefrie rabattane ikkje kan overstige ein bestemt del av det den tilsette tek imot i kontant løn, for å motverke at fritaket vert brukt til å gje all løn ved korte arbeidsforhold som skattefrie rabattar.

Nokre høyringsinstansar har uttalt at det bør verte vurdert å innføre høve til for å spare det årlege skattefrie beløpet for personalrabattar, slik at ein i seinare år kan ta ut større rabattar skattefritt. Departementet legg til grunn at det vil vere administrativt krevjande for arbeidsgjevarane og skattestyresmaktene dersom det vert mogleg å overføre det skattefrie beløpet per tilsett over fleire år. Departementet legg difor ikkje opp til ei slik løysning no.

Dei nye reglane for skattefrie personalrabattar vil vere ei innstramming for tilsette som i dag får rabattar som overstig beløpsgrensa og rabattsatsen skildra framfor. Ein reknar med at dei nye reglane vil føre til auka etterleving, og at skattepliktige ordningar som ikkje vert skattlagde i dag anten vert avvikla eller vert skattlagde i framtida. Samstundes kan dei nye og klårare reglane føre til at bedrifter som i dag ikkje har personalrabattordningar, vil nytte høvet til å gje slike skattefrie rabattar.

Departementet vil gjere forbetringane av reglane om skattefritak for personalrabattar gjennom endringar i forskrift til skatteloven. Beløpsgrensa vert fastsett i tilknyting til statsbudsjettet for 2019.

2.4.3 Skattefritaket for enkelte gåver i arbeidsforhold

I utgangspunktet er gåver mottekne i arbeidsforhold skattepliktig inntekt etter skatteloven §§ 5-1 og 5-10. Skatteplikta gjeld uavhengig av om gåva vert gjeven direkte frå arbeidsgjevar eller frå ein tredjepart, så lenge mottakaren får gåva som følgje av sitt arbeidsforhold. I forskrift til skatteloven § 5-15-1 er likevel enkelte gåver i arbeidsforhold fritekne for skatt innanfor rammer og beløpsgrenser som er fastsette av departementet.

Fleire av desse vilkåra og beløpsgrensene er utdaterte, og det er etter departementet sitt syn behov for å modernisere skattefritaka i forskrift til skatteloven § 5-15-1, slik at dei vert betre tilpassa dagens arbeidsliv. Departementet vil difor gjere endringar i forskrift til skatteloven i samsvar med framlegga som var på høyring.

For gåver ved oppnådd tenestetid i bedrifta, er grensa etter gjeldande rett sett til 25 år. Departementet vil senke denne grensa til 20 år. Etter dette kan slik skattefri gåve takast imot etter kvart tiande års tenestetid. Beløpsgrensa på 8 000 kroner vert ført vidare, medan beløpsgrensa på 12 000 kroner for gullklokke med inskripsjon vert oppheva.

Departementet vil òg auke beløpsgrensa for jubileums- og merksemdsgåver frå 3 000 kroner til 4 000 kroner i året. Dette gjeld for gåver når mottakaren gifter seg eller fyller 50 år og deretter ved runde år, når mottakaren slutter etter minst ti år i bedrifta eller går av med pensjon, og når bedrifta har bestått i 25 år eller i eit tal år som er deleleg med 25.

Den årlege beløpsgrensa for andre gåver (julekorg, sommargåve m.m.) vert ført vidare. Grensa er på 1 000 kroner og gjeld for summen av andre gåver enn dei som tilsette kan ta imot ved jubileum og lang tenestetid.

Beløpsgrensene for jubileums- og merksemdsgåver samt for årlege gåver vil gjelde samla for alle gåver ein tek imot i arbeidsforholdet, uavhengig av om dei kjem direkte frå arbeidsgjevar eller frå ein tredjepart. Fleire av høyringsinstansane har kome med kritiske merknader til at regelen òg skal gjelde for gåver ein får frå tredjepart. Departementet viser til at det etter gjeldande rett ikkje er noko skattefritak for gåver til tilsette frå tredjepartar, med unntak av skattefritaket for bagatellmessige gåver som er nemnt nedanfor. Framlegget til ei slik utviding av skattefritaket vil difor gjere regelverket lempelegare.

Vilkåret om at gåver frå arbeidsgjevar berre vert skattefrie dersom ein får desse som ledd i ei generell ordning i bedrifta vert vidareført. Dette vilkåret vil ikkje gjelde for gåver ein tek imot frå ein tredjepart.

Skattefritaket for merksemdsgåver av bagatellmessig verdi som følgjer av praksis vert vidareført. Dette vil til dømes gjelde ein bukett med blomar, rimelege vinflasker m.m., og vil gjelde i tillegg til beløpsgrensene gjevne framfor. Fritaket gjeld gåver i arbeidsforhold både frå arbeidsgjevar og tredjepartar.

Det er lagt til grunn at endringane for gåver ikkje endrar provenyet i monaleg grad.

Skattefritaket for premiar på inntil 2 500 kroner for framlegg til forbetringar i arbeidsgjevars bedrift vert oppheva. Etter departementet sitt syn må arbeidsgjevarar i dagens samfunn kunne forvente at dei tilsette kjem med slike forbetringsframlegg utan eit slikt skattefritak.

På usikkert grunnlag er det lagt til grunn at endringa aukar provenyet med 15 mill. kroner påløpt frå 2019.

2.4.4 Skattefritaket for overtidsmat

Arbeidsgjevars dekking av kostutgifter for dei tilsette vil i utgangspunktet vere ei dekking av privatutgifter. Dette vil såleis vere skattepliktig inntekt etter skatteloven § 5-10, jf. § 5-1.

Dersom den tilsette jobbar overtid, og har eit samanhengande fråvær frå heimen på meir enn 12 timar, kan arbeidsgjevar likevel yte eit «rimelig» måltid som skattefri naturalyting. Det gjeld inga fastsett beløpsgrense for verdien av måltidet, men det ligg ei avgrensing i at verdien av måltidet må vere «rimelig».

Dersom kostnaden vert dekt i form av refusjon av den tilsette sine utgifter til eit slikt måltid, er dette skattefritt inntil ein gjeven sats. Reglane byggjer på føresegnene i forskrift om takseringsregler § 1-3-6. Satsen var 92 kroner i 2017 (forskrift om takseringsregler vert fastsett årleg ved slutten av året).

Etter departementet sitt syn kan det synast urimeleg at det ikkje er noka beløpsgrense for skattefri overtidsmat som naturalyting, men ein maksimalsats for skattefri refusjon. For naturalyting er det vidare uheldig at arbeidsgjevar må foreta ei skjønsbasert vurdering av om verdien av måltidet er «rimelig». Ei slik vurdering kan òg gje ulik praksis, og er lett å tøye for å dekkje dyrare måltid. Det er òg ressurskrevjande for arbeidsgjevar å halde oversikt over tida den tilsette har vore borte frå heimen.

Departementet vil på bakgrunn av dette gjere forbetringar i reglane for skattefri overtidsmat i samsvar med framlegget som var på høyring. Nær sagt alle høyringsinstansane var positive til framlegget.

Det vert innført skattefritak for eit måltid dekt av arbeidsgjevar for tilsette som arbeider minst 10 timar samanhengande.

Måltidet kan etast før den tilsette har arbeidd 10 timar, så lenge den totale arbeidstida oppfyller kravet til varigheit.

Overtidsmaten vil verte dekt skattefritt inntil ei beløpsgrense. Grensa vart i høyringa foreslått sett til 200 kroner. PWC, Skattebetalerforeningen, Virke og Regnskap Norge meiner dette er for lågt. Departementet vil fastsetje beløpsgrensa i tilknyting til statsbudsjettet for 2019.

Desse reglane vil gjelde uavhengig av om arbeidsgjevar kjøper inn måltidet og tilbyr det som ei naturalyting, eller om den tilsette kjøper inn måltidet sjølv og får dekt kostnadene ved refusjon frå arbeidsgjevar. For slik refusjon av kostnader vil det vere krav om dokumentasjon av dei faktiske kostnadene.

I høyringa vart det foreslått endringar i forskrift om takseringsregler § 1-3-6 om rett til frådrag for ikkje-legitimerte meirkostnader for kost ved fråvær frå heimen i 12 timar eller meir (92 kroner i 2017). Den praktiske tydinga av føresegna er at arbeidsgjevar kan utbetale ikkje-legitimerte matpengar skattefritt på same vilkår. Fleire av høyringsinstansane har gjeve uttrykk for at dei ikkje kan sjå at det er nokon grunn til at ein skal kunne utbetale ikkje-legitimerte matpengar ved overtid skattefritt. Fleire peiker på at dette i realiteten er eit lønstillegg som bør skattleggjast.

Departementet er einig i dette. Frådraget inngår i minstefrådraget for lønstakarar, og det er svært få eller ingen som nyttar dette frådraget. Denne føresegna vil difor verte oppheva med verknad for inntektsåret 2019.

Departementet vil vidare vurdere å justere satsane for kost til pendlarar, slik at denne gruppa ikkje får dobbel godtgjering når dei får skattefritt overtidsmåltid.

2.4.5 Skattefritaket for fri avis

I utgangspunktet dekkjer arbeidsgjevar ei privat utgift når han dekkjer avis levert heim til den tilsette. Det er skattepliktig inntekt etter skatteloven § 5-10, jf. § 5-1.

Tilsette som fyller vilkåret om å ha «et spesielt informasjonsbehov» på grunn av arbeidet sitt, kan likevel skattefritt få dekt fleire aviser av arbeidsgjevar levert heim. Vilkåret for skattefridom er at den tilsette held eige abonnement på dagsavis som tilfredsstiller husstandens informasjonsbehov.

Det er i praksis tungvint at arbeidsgjevar må undersøkje om den tilsette sjølv betaler for eige abonnement på dagsavis, for å kunne vite om vilkåret for skattefridom er oppfylt. Utviklinga med elektroniske aviser gjer det òg meir uklårt når ein faktisk får dekt eit abonnement som ikkje inneber ein privat fordel, i tillegg til at det for bedriftsabonnement er uklårt om det er tilgangen eller den faktiske bruken som skal avgjere om arbeidstakar kan få abonnementet dekt. Det er heller ikkje klårt korleis arbeidsgjevar skal verdsetje fordelen av bedriftsabonnement. Det er òg fleire som meiner at informasjonsbehovet er tilstrekkeleg dekt utan eige abonnement, som følgje av auken i tilbodet av nettaviser utan betaling og nyheitskanalar ved kabel-tv. Det kan vidare vere uklårt kva som ligg i kravet om «et spesielt informasjonsbehov» på grunn av arbeid.

Departementet vil på bakgrunn av dette forenkle skattefritaket for fri avis i samsvar med framlegget som var på høyring. Nær sagt alle høyringsinstansane er positive til framlegget.

Skattefritaket er i dag ulovfesta og følgjer av Skatte-ABC under emne «Avis mv.» punkt 1. Departementet vil innføre ein ny regel om skattefritaket i forskrift til skatteloven. Tilsette som har eit «tenestleg behov» for ei eller fleire aviser eller nyheitstenester på grunn av sitt arbeid, skal etter denne regelen kunne få desse dekte skattefritt av arbeidsgjevar. Vilkåret om at den tilsette må halde eige abonnement på dagsavis vert oppheva.

Visma Software AS ynskjer ei klårgjering av kva som ligg i kravet om «tenestleg behov». Departementet viser her til at det skal vere ein låg terskel for å rekne kravet om «tenestleg behov» for å vere oppfylt. Det er tilstrekkeleg at det er relevant for arbeidstakaren si stilling å halde seg oppdatert på nyheitsbiletet, eller den eller dei avisene eller nyheitstenestene arbeidsgjevar dekkjer.

Norges kemner- og kommuneøkonomers forbund viser til at det i abonnement på nyheitstenester som òg gjev tilgang til underhaldningstenester kan vere vanskeleg å avgrense til nyheiter i abonnementsvala. Departementet viser her til at omgrepet nyheitsteneste skal forståast på same måte som i merverdiavgiftsloven, jf. merverdiavgiftsforskriften § 6-2-1.

For tilsette som ikkje oppfyller vilkåret om «tenestleg behov», vil tilgangen (ikkje faktisk bruk) utanfor arbeidssituasjonen utløyse skatteplikt, og skattepliktig fordel vert fastsett til eit individuelt abonnement på avisa eller nyheitstenesta.

Olje- og energidepartementet meiner dette er uheldig, og peiker på at arbeidsgjevarar som teiknar bedriftsabonnement på elektroniske aviser vil måtte vurdere kven av dei tilsette som ikkje har «tenestlig behov» for desse, og sørgje for at skatteplikt vert handtert korrekt. Departementet kan likevel ikkje sjå at dette vil vere problematisk, all den tid terskelen for vurderinga er så låg at dei fleste tilfelle vil verte omfatta av skattefritaket.

Som i dag vil tilsette sin tilgang til aviser på arbeidsplassen normalt verte rekna som rimeleg velferdstiltak når avisene er tilgjengelege for alle eller ei betydeleg gruppe tilsette i bedrifta.

På usikkert grunnlag vert det lagt til grunn at endringa reduserer det påløpte provenyet med 65 mill. kroner i 2019.

2.4.6 Skattefritaket for matkupongar

I forskrift til skatteloven § 5-15-6 andre ledd er det på nærare vilkår gjeve skattefritak for arbeidsgjevars tilskot til matkupongar. Fritaket gjeld for tilsette som ikkje har bedriftskantine eller anna moglegheit til å ete for subsidierte prisar.

Vilkåra for fritaket er kronglete, og ordninga er utdatert. I samsvar med framlegget som var på høyring vil departementet difor oppheve føresegna i forskrift til skatteloven § 5-15-6 andre ledd. Alle høyringsinstansane som har uttala seg om dette har støtta ei slik oppheving. Det er lagt til grunn at endringa har ubetydelege provenyverknader.

2.4.7 Skattefritaket for arbeidsgjevarfinansiering av barnehageplass for tilsette sine barn

I utgangspunktet er barnehageplass dekt av arbeidsgjevar ei naturalyting som er skattepliktig på lik line med kontant løn. I forskrift til skatteloven § 5-15-5 er det på nærare vilkår likevel gjeve skattefritak for arbeidsgjevars tilskot til bedriftsbarnehage for barna til dei tilsette, og for utgifter utover maksimalpris for annan barnehage.

Det er inga beløpsgrense for tilskot frå arbeidsgjevar til bedriftsbarnehage, og beløpet kan òg dekkje utgifter til mat og andre aktivitetar. Det er heller ikkje krav om noka eigenbetaling frå dei tilsette, og dei tilsette kan disponere fleire barnehageplassar kvar.

Det er òg gjeve skattefritak for tilskot til annan barnehage enn bedriftsbarnehage. Fritaket er avgrensa oppover til 3 000 kroner per månad per plass, og gjeld så lenge eigenbetalinga til den tilsette (foreldrebetaling) er tilsvarande maksimalprisen som årleg vert fastsett av Stortinget. Barnehagen kan til dømes krevje matpengar i tillegg til maksimalprisen.

Ordninga med bedriftsbarnehagar og barnehageplassar delfinansiert med støtte frå bedrifter fylte ein funksjon i ein periode då det var mangel på barnehageplassar, særleg for å bidra til etablering av nye barnehageplassar. I 2009 vart det innført lovfesta rett til barnehageplass i kommunen der barnet er busett. I dag er det tilnærma full barnehagedekking, og ordninga kan difor ikkje lenger reknast for å fylle same funksjon som tidlegare. Ordninga gjev ein skattefordel for arbeidsgjevarar og tilsette som kan innrette seg slik at dei vert omfatta av skattefritaket.

Departementet vil på denne bakgrunnen oppheve skattefritaket i forskrift til skatteloven § 5-15-5. Denne opphevinga var ikkje ein del av Skattedirektoratets høyring. Departementet viser til at bedriftsbarnehagar kan verte ført vidare ved at dei tilsette betaler maksimalpris og eventuelt tillegg for mat og aktivitetar til barnehagen. Ordningar med tilskot til annan barnehage kan verte ført vidare ved at arbeidsgjevar rapporterer inn ein tilsvarande fordel som skattepliktig inntekt for den tilsette. Dette vil gje ei opprydding i regelverket. På usikkert grunnlag er det lagt til grunn at endringa aukar provenyet med 2 mill. kroner påløpt i 2019.

2.5 Administrative og økonomiske følgjer

Framlegga i punkta 2.3 og forskriftsendringane i punkt 2.4 forenklar reglane for fleire naturalytingar som er vanlege i arbeidslivet. Dei inneber òg avklåringar som gjer at det vert enklare å avgjere kva pliktar ein har, og kva som skal til før ytingar medfører skatte- og rapporteringsplikt m.m.

Framlegget om å klårgjere at arbeidsgjevar skal ha arbeidsgjevarpliktene for alle naturalytingar dei tilsette tek imot i arbeidsforholdet, inneber ei viktig avklåring som er etterspurd av Sivilombodsmannen, næringslivet, idretten og skattestyresmaktene. Det er samla sett ikkje gjort framlegg om nye plikter i desse høva, men det vert ei avklåring av kven som har pliktene. Tvert om vil den avgrensinga som departementet legg til grunn for skatteplikt for rabattar frå tredjepartar, gjere regelverket noka lempelegare, avgrense rapporteringsplikta m.m. og redusere risikoen for at arbeidsgjevar har ansvar for ytingar han ikkje kjenner til, og heller ikkje kan ventast å kjenne til. For næringslivet samla sett vil framlegga gjere det langt enklare å avgjere kven som har arbeidsgjevarpliktene enn etter gjeldande reglar og praksis. Det vil òg gjere det enklare for dei tilsette som sjølve til no har vore nøydde til å verdsetje og melde frå i skattemeldinga om naturalytingar som ikkje er rapporterte inn av arbeidsgjevar eller andre.

Departementet legg til grunn at mange arbeidsgjevarar allereie har gode reglar og rutinar for handtering av ytingar frå tredjepartar, då dette er avgjerande for å sikre seg mot korrupsjon og annan uheldig påverknad. Departementet trur likevel at mange arbeidsgjevarar vil måtte bruke ressursar mellom anna på å etablere betre rutinar for å tryggje at dei får dei opplysningane som må til for å kunne etterleve pliktene sine på ein god måte. Samstundes er det grunn til å tru at det er noka mangelfull etterleving i dag. Betre etterleving vil difor truleg medføre at det i framtida vil verte nytta fleire ressursar på å handtere ytingar til tilsette gjennom tredjepartar. Det kan òg vere at arbeidsgjevar ynskjer å avgrense kva naturalytingar dei tilsette kan ta imot frå tredjepartar, og at dette bør gjerast ved å endre personalreglane eller arbeidsavtalar. Dette vil kunne redusere den administrative ressursbruken for arbeidsgjevar. For å få rimeleg tid til å gjennomføre slike endringar, var det viktig for regjeringa å fremje framlegga i god tid før dei er meint å ta til å gjelde.

Forbetring av reglar for verdsetjing av naturalytingar som er skaffa eller tilverka av arbeidsgjevar gjer at alle arbeidsgjevarar som sel eller gjev varer/tenester til tilsette, må framskaffe opplysningar om kva som er omsetjingsverdi i sluttbrukarmarknaden. Arbeidsgjevar og dei tilsette kan sjølve avgjere kor omfattande arbeid som skal gjerast for å finne den lågaste prisen på varen eller tenesta. Departementet legg til grunn at dette vil vere mindre ressurskrevjande enn tidlegare, då ein normalt vil finne relevante prisar til dømes ved søk på internett. Endringane vil gje meir riktig og lik skattlegging av naturalytingar.

Forbetringane i reglane om personalrabattar vil gjere det langt enklare enn i dag å avgjere kva som er omfatta av skattefritaket. For arbeidsgjevarar utan personalrabattordningar, eller med ordningar som ikkje kan gje rabattar som overstig beløpsgrensa, vil endringane ikkje innebere noko meirarbeid. For arbeidsgjevarar med meir omfattande ordningar, vil det vere naudsynt å halde oversikt over verdien av rabattane til kvar tilsett gjennom året. Dei som ikkje har system for dette allereie, må etablere dette før 2019 dersom rabattordningane skal vidareførast som no.

Forenklingane av reglane om verdsetjing vil gjere at rabattar m.m. til tilsette vil verte verdsett likt for alle tilsette. For tilsette hos arbeidsgjevarar i tidlege ledd i omsetjingskjeda vil det gjere at verdien av rabattar m.m. vil verte sett høgare enn i dag, dersom arbeidsgjevar til no har nytta anskaffingskostnaden eller normal utsalspris. Tilsette som i dag tek imot til dømes store rabattar frå arbeidsgjevar, vil kunne få auka skatt eller redusert verdi av rabatten fordi arbeidsgjevar tilpassar seg den nye beløpsgrensa.

For dei andre endringane for gåver, overtidsmat og fri avis legg departementet til grunn at dei administrative verknadane vert avgrensa, men at dei samla sett inneber at reglane vert enklare. Det same gjeld for opphevinga av skattefritaka for matkupongar og arbeidsgjevarfinansiering av barnehageplassar for tilsette sine barn.

Dei endringane som er foreslått, inneber samla sett både skatteskjerpingar og skattelette for ulike naturalytingar. Framlegget om å samle arbeidsgjevarpliktene vil truleg gjere at rabattar og andre naturalytingar vil verte rapportert inn i større grad enn i dag.

Over tid er det rimeleg å tru at dei nye reglane vil føre til at godtgjering for arbeid i aukande grad vert gjeven som ordinær løn, og ikkje som naturalytingar.

For dei endringane som skal vedtakast i Revidert nasjonalbudsjett 2018, er provenyanslaga nemnt under dei einskilde punkta ovanfor. Når det gjeld dei særskilde grensene for skattefri overtidsmat og samla verdi av personalrabattordningar, kjem regjeringa som nemnt attende med beløpsgrenser og ein nærare omtale av dei økonomiske konsekvensane i statsbudsjettet for 2019. Regjeringa legg opp til at provenyverknadene av dei ulike framlegga til endra skattlegging av naturalytingar til saman skal vere om lag provenynøytrale.

2.6 Iverksetjing

Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde 1. januar 2019, med verknad for rapportering for inntektsåret 2019. Endringane vil få verknad for rapporteringa i a-ordninga for ytingar som vert gjevne etter 1. januar 2019.

Fotnotar

1.

Høyringa og høyringsfråsegna ligg på Skatteetatens nettside: https://www.skatteetaten.no/rettskilder/type/ horinger/horing---framlegg-til-forbedringer-av-regelverket-for-naturalytelser/

Til forsida