Prop. 87 L (2014-2015)
Endringar i lov om Enhetsregisteret m.m. (registrering av sameigarar m.m.)
Tilråding frå Nærings- og fiskeridepartementet 27. mars 2015, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
Proposisjonen inneheld framlegg til endringar i regelverket om krav til dokumentasjon ved registrering i Einingsregisteret. Det vert føreslått at det ikkje lenger skal vere naudsynt å registrere opplysningar om sameigarar i tingsrettslege sameige. Føremålet med endringa er å gjere registrering i Einingsregisteret enklare for tingsrettslege sameige. Framlegget inneheld òg endringar for å rette opp feil i einingsregisterlova, føretaksregisterlova og føretaksnamnelova.