Prop. 93 S (2021–2022)
Finansiering av prosjektet fv. 659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal fylkeskommune
Tilråding frå Samferdselsdepartementet 8. april 2022, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om revidert bompengeopplegg og finansieringsplan for fv. 659 på strekninga Skjeltene – Harøya (Nordøyvegen) i Ålesund kommune (tidlegare Haram og Sandøy kommunar) i Møre og Romsdal. Stortinget har tidlegare gitt si tilslutning til bompengefinansiering av prosjektet gjennom handsaminga av Prop. 140 S (2016–2017) Finansiering av prosjektet fv. 659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal og Innst. 468 S (2016–2017). Etter ein stor kostnadsauke vedtok fylkestinget i Møre og Romsdal fylkeskommune nytt finansieringsopplegg for prosjektet. Dei auka kostnadene er foreslått finansierte med fylkeskommunale midlar og auka bompengebidrag.