Tilråding
Kommunal- og distriktsdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om endringar i vallova og partilova (høve til elektroniske underskrifter på listeforslag, tidspunkt for førebels oppteljing av førehandsrøyster m.m.).
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak til lov om endringar i vallova og partilova (høve til elektroniske underskrifter på listeforslag, tidspunkt for førebels oppteljing av førehandsrøyster m.m.) i samsvar med eit vedlagt forslag.