Svar på søknad om økonomisk kompensasjon for kostnader ved deling av Ålesund kommune

Eg viser til søknad om kompensasjon for kostnader ved deling av Ålesund kommune, motteke i departementet 3. november 2022. Eg viser også til administrativt møte om søknaden 29. november 2022, politisk møte 12. januar 2023, og til ettersendt informasjon frå Ålesund kommune.

Kommunal- og distriktsdepartementet har handsama søknaden med utgangspunkt i kriteria for ordninga om at søkjarane vil få kompensert direkte delingskostnader basert på ei svært nøktern tilnærming til kva som er absolutt nødvendig for å gjennomføre delingsprosessen. Etter ei heilskapleg vurdering, der det mellom anna er gjort fråtrekk for det generelle påslaget for usikkerheit, som er utanfor kriteria for ordninga, vil Ålesund kommune få formelt tilsegn om 200 mill. kroner i kompensasjon.

Krav til innhald i og frist for rapportering vil bli nærare omtalt i tilsegnsbrevet, i tråd med føresegn om økonomistyring i staten. Ved rapportering til departementet vil det bli stilt krav om ei stadfesting frå revisor innan ein gitt frist om at midlane er brukt til formålet innanfor løyvinga, og at bruken samsvarar med innhaldet i søknaden. Ev. ubrukte midlar eller midlar som har gått til formål utanfor ordninga, vil måtte betalast tilbake innan ein gitt frist.

Med helsing

Sigbjørn Gjelsvik

Kopi

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal