Rapport: Klima og migrasjon
Av Ivar Eimhjellen og Guro Ødegård, Senter for forskning på sivilsamfunn & frivillig sektor, 2016-2
Rapport | Dato: 20.04.2016 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Opphavleg utgjeve av: Kulturdepartementet
To casestudiar av sivilsamfunnsorganisering i ei ny tid
Rapporten "Klima og migrasjon" (.pdf)
I det norske offentlige ordskiftet blir Noreg gjerne kalla for
«frivillighetslandet». Omgrepet ber i seg ei viss sanning. I eit internasjonalt perspektiv er det norske sivilsamfunnet prega av ein svært høg organisasjonstettleik av lokale, regionale og nasjonale organisasjonar. Det er fleire frivillige organisasjonsmedlemskap enn det er borgarar i landet, og den frivillige innsatsen for lag og foreiningar er svært høg. Samtidig ser vi kimen til relativt store endringsprosessar innan sektoren.