Rapport om økonomiske misleghaldssaker osb. i andre kvartal 2023

I andre kvartal 2023 registrerte Sentral kontrolleining 37 nye saker. Sakene var i hovudsak knytte til mistanke om økonomisk misleghald, medan fem var relaterte til mistanke om seksuell utnytting, misbruk og trakassering i samband med tilskotsforvaltinga (SEAH-saker).

I den same perioden vart 32 saker avslutta, blant desse var tre SEAH-saker. Alle tala om økonomiske misleghaldssaker omfattar også saker under Norad og Norec sine ansvarsområde.

Oversikta nedanfor viser dei 17 sakene der det var grunnlag for reaksjon, og som vart avslutta i andre kvartal 2023. Det er betalt tilbake til saman 4.068.152 kroner. I tillegg er 510.003 kroner betalte tilbake til prosjekt, noko som inneber at tilskotsmottakar dekkjer tapet ved å skyta inn eigne midlar.

Oversikta blir utarbeidd som oppfølging av nulltoleransen til regjeringa for økonomisk misleghald og blir ajourført kvart kvartal. For fleire opplysningar blir det vist til Sentral kontrolleining i Utanriksdepartementet, Internrevisjonen i Norad eller til Norec.

 

Oversikt andre kvartal 2023 – avslutta med reaksjon

Saksnr./

Ansvar

Land/region

Avtalepartnar

Kort omtale av saka

1257

UD

Sør-Sudan

Norges Røde Kors

Svindel ved forskotutbetalingar hos eigne tilsette. NOK 105 000 er betalte tilbake til UD.

 

1277

Norad

Liberia

International Planned Parenthood Federation (IPPF)

Bedrageri, dobbeltbetalingar til leverandørar, mangelfull og manglande dokumentasjon av utgifter i perioden 2013 til 2018. NOK 373.036 betalte tilbake til Norad.

 

1326

Norad

Liberia

Digni - Misjonsalliansen

Fiktive bilag osb. hos lokal partnar. NOK 108.888 er betalte tilbake til Norad.

 

1340

Norad

Angola

Kirkens Nødhjelp

Underslag og ulovleg kjøp av konsulenttenester hos lokal partnar. NOK 240.262 er betalte tilbake til Norad.

 

1371

Norad

Madagaskar

Digni - Det Norske Misjonsselskap

 

Manglande dokumentasjon av utgifter, manglande oversikt over faste eigedommar, fråvær av avstemmingar osb. hos lokal partnar. NOK 161.337 er betalte tilbake til Norad.

 

1379

Norad

Uganda

Plan - Plan International Uganda

 

Underslag hos lokal partnar. Refusjon av skatt innbetalt til privat konto. NOK 2.300 er betalte tilbake til prosjektet.

 

1384

Norad

Liberia

Digni - Metodistkirkens Misjonsselskap

 

Mangelfull dokumentasjon av utgifter hos lokal partnar. NOK 497.848 er betalte tilbake til Norad.

 

1385

Norad

Sierra Leone

Digni - Metodistkirkens Misjonsselskap

 

Mangelfull dokumentasjon av utgifter hos lokal partnar. NOK 852.013 er betalte tilbake til Norad.

 

1399

Norad

Liberia

Digni – Misjonsalliansen

 

Grov svikt ved innkjøp, urettmessige lån, manglande dokumentasjon av utgifter og forbruk utanfor budsjett hos lokal partnar. NOK 105.457 er betalte tilbake til Norad.

 

1423

Norad

Sierra Leone

Digni - Misjonsalliansen

Underslag, forfalskingar, svindel osb. over fleire år hos lokal partar. NOK 1.467.999 er betalte tilbake til Norad.

 

1442

Norad

Sør-Sudan

Atlas-alliansen - KFUK-KFUM

Maipulerte bilag hos lokal partnar. NOK 354.005 er betalte tilbake til prosjektet.

 

1444

UD

DR Kongo

Flyktningrådet

Korrupsjon. Mottak av betaling for å tildela kontrakt. NOK 31.118 er betalte tilbake til UD.

 

1454

UD

Yemen

Norges Røde Kors

Underslag hos lokal partnar. NOK 55.000 er betalte tilbake til UD.

 

1474

UD

Mauritania

Mines Advisory Group (MAG)

 

Underslag. NOK 737 er betalte tilbake til prosjektet.

 

1485

Norad

Bangladesh

Digni - Normisjon

Feilrapportering om administrasjonskostnader hos lokal partnar. NOK 75.918 er betalte tilbake til prosjektet.

 

1492

UD

Den sentralafrikanske republikk

 

Flyktninghjelpen

Underslag. NOK 65.196 er betalte tilbake til UD.

1508

Norad

Kambodsja

Digni -  Misjonsalliansen

 

Feilrapportering av VAT. NOK 77.043 er betalte tilbake til prosjektet.