Rapport om økonomiske misleghaldssaker osb. i fjerde kvartal 2023

I fjerde kvartal 2023 registrerte Sentral kontrolleining 37 nye saker. Sakene var i hovudsak knytte til mistanke om økonomisk misleghald, medan tre var relaterte til mistanke om seksuell utnytting, misbruk og trakassering i samband med tilskotsforvaltinga (SEAH-saker).

I den same perioden vart 23 saker avslutta, blant desse var tre SEAH-saker. Alle tala om økonomiske misleghaldssaker omfattar også saker under Norad og Norec sine ansvarsområde.

Oversikta nedanfor viser dei ti sakene der det var grunnlag for reaksjon, og som vart avslutta i fjerde kvartal 2023. Det er betalt tilbake til saman 4 837 912 kroner. I tillegg er til saman 3 993 770 kroner betalte tilbake til prosjekt, noko som inneber at avtalepartnar dekkjer tapet ved å skyta inn eigne midlar.

Oversikta blir utarbeidd som oppfølging av nulltoleransen til regjeringa for økonomisk misleghald og blir ajourført kvart kvartal. For fleire opplysningar blir det vist til Sentral kontrolleining i Utanriksdepartementet, Internrevisjonen i Norad eller til Norec.

Oversikt fjerde kvartal 2023 – avslutta med reaksjon

Saksnr./

ansvar

Land/region

Avtalepartnar

Kort omtale av saka

1206

Norad

Nigeria

Mari Stopes International

Ein tilsett hos lokal partnar underslo midlar ved bruk av falske mottakarar. NOK 6 334 er betalte tilbake til Norad.

 

1419

Norad

Somalia

Kirkens Nødhjelp

Hos ein av dei lokale partnarane til Kirkens Nødhjelp vart det avdekt at alle midlane som var overførte i perioden frå 2014  til 2021 anten har vorte underslått eller ikkje kan gjerast greia for. NOK 4 675 482 er betalte tilbake til Norad.

 

1453

Norad

Niger

Redd Barna

Fiktive kvitteringar for kjøp av drivstoff og overnattingskostnader hos lokal partnar. NOK 675 er betalte tilbake til Norad.

 

1472

Norad

Sør-Sudan

Norsk Folkehjelp

Manglande utbetalingar til mottakarar frå lokal partnar. NOK 15 524 er betalte tilbake til Norad.

 

1511

UD

Malawi

Ministry of Health - Joint Sector Health Fund

Fleirgivarfondet Joint Sector Health Fund vart utsett for nettsvindel kor kriminelle gav seg ut for å vera rette mottakarar av betaling til ein leverandør. NOK 3 745 000 er betalte tilbake til prosjektet.

 

1525

Norad

Kongo Brazzaville

Digni/Misjonskirken i Norge

 

Ein tilsett hos lokal partnar underslo lønsmidlar. NOK 1 652 er betalte tilbake til Norad.

 

1549

Norad

Bangladesh

Digni/Frelsesarmeen

Brot på innkjøpsregelverk og oppblåste prisar hos lokal partnar. NOK 58 393 er betalte tilbake til Norad.

 

1562

Norad

Malawi

SOS Barnebyer

Ein tilsett hos lokal partnar underslo midlar og stal eigedelar. NOK 2 724 er betalte tilbake til Norad.

 

1572

Norad

Mosambik

Landsorganisasjonen i Norge (LO)

Manglande dokumentasjon av utgifter og brot på innkjøpsregelverk hos lokal partnar. NOK 248 770 er betalte tilbake til prosjektet.

 

1575

Norad

DR Kongo

CARE Norge

Dokumentforfalsking og overfakturering hos lokal partnar. NOK 77 128 er betalte tilbake til Norad.