Rapport om økonomiske misleghaldssaker osb. i første kvartal 2024

I første kvartal 2024 registrerte Sentral kontrolleining 35 nye saker. Sakene var i hovudsak knytte til mistanke om økonomisk misleghald, medan ein var relatert til mistanke om seksuell utnytting, misbruk og trakassering i samband med tilskotsforvaltinga (SEAH-saker).

I den same perioden vart 25 saker avslutta, blant desse var ei SEAH-sak. Alle tala om økonomiske misleghaldssaker omfattar også saker under Norad og Norec sine ansvarsområde.

Oversikta nedanfor viser dei 15 sakene der det var grunnlag for reaksjon, og som vart avslutta i første kvartal 2024. Det er betalt tilbake til saman 1 657 996 kroner. I tillegg er til saman 677 955 kroner betalte tilbake til prosjekt, noko som inneber at avtalepartnar dekkjer tapet ved å skyta inn eigne midlar.

Oversikta blir utarbeidd som oppfølging av nulltoleransen til regjeringa for økonomisk misleghald og blir ajourført kvart kvartal. For fleire opplysningar blir det vist til Sentral kontrolleining i Utanriksdepartementet, Internrevisjonen i Norad eller til Norec.

Oversikt 1. kvartal 2024 – avslutta med reaksjon

Saksnr./

ansvar

Land/region

Avtalepartnar

Kort omtale av saka

366

UD

Uganda

Uganda Manufacturers Association

 

Organisasjonen kunne ikkje gjera greie for store delar av tilskotet. NOK 308 702 er betalte tilbake til UD.

 

1245

Norad

Kenya

International planned Parenthood Federation (IPPF)

 

Underslag og anna økonomisk misleghald. NOK 114 700 er betalte tilbake til Norad.

1403

Norad

Fiji

International planned Parenthood Federation (IPPF)

 

Svindel. NOK 55 090 er betalte tilbake til Norad.

1427

Norad

Zimbabwe

Studentene og Akedemikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH)

 

Lån mellom prosjekt i strid med avtale. NOK 395 562 er betalte tilbake til prosjektet.

1482

Norad

Mosambik

Utviklingsfondet

Korrupsjon og mangelfull dokumentasjon av utgifter hos lokal partnar. NOK 154 450 er betalte tilbake til prosjektet.

 

1533

Norad

Uganda

Redd Barna

Forfalsking og mangelfull dokumentasjon av utgifter hos lokal partnar. NOK 48 896 er betalte tilbake til Norad.

 

1539

UD

Venezuela

Flyktninghjelpen

Brot på reglar for anskaffing og svak internkontroll knytt til innkjøpet. NOK 1 391 118 er betalte tilbake til UD.

 

1543

UD

Irak

Norsk folkehjelp

Svindel, brot på reglar for anskaffing og svak internkontroll knytt til innkjøpet. NOK 1 255 er betalte tilbake til UD.

 

1550

Norad

Nepal

Utviklingsfondet

Mangelfull dokumentasjon av innkjøp hos lokal partnar. NOK 34 373 er betalte tilbake til Norad.

 

1553

Norad

Nepal

Digni/Himalpartner

Feil belastning av VAT på prosjekter hos lokal partnar. NOK 121 531 er betalte tilbake til prosjektet.

 

1584

Norad

Bangladesh

Digni/Frelsesarmeen

Underslag hos lokal partnar. NOK 2 542 er betalte tilbake til Norad.

 

1598

Norad

Tanzania

Norges Vel

Lokal partnar kunne ikkje gjera greie for delar av tilskotet.  NOK 3 870 er betalte tilbake til prosjektet

 

1608

Norad

Mexico

Ipas LAC

Underslag. NOK 121 978 er betalte tilbake til Norad.

 

1612

Norad

Zambia

Kirkens Nødhjelp

Brudd på reglar for anskaffing ved landkontoret. NOK 5 221 er betalte tilbake til Norad.

 

1637

Norad

Tanzania

Robert Carr Civil Society Network Fund

Mangelfull dokumentasjon av utgifter hos lokal partnar. NOK 3 473 er betalte tilbake til Norad.