Rapport om økonomiske misleghaldssaker osb. i tredje kvartal 2023
Rapport | Dato: 06.10.2023 | Utanriksdepartementet
I tredje kvartal 2023 registrerte Sentral kontrolleining 28 nye saker. Sakene var i hovudsak knytte til mistanke om økonomisk misleghald, medan seks var relaterte til mistanke om seksuell utnytting, misbruk og trakassering i samband med tilskotsforvaltinga (SEAH-saker).
I den same perioden vart 24 saker avslutta, blant desse var fem SEAH-saker. Alle tala om økonomiske misleghaldssaker omfattar også saker under Norad og Norec sine ansvarsområde.
Oversikta nedanfor viser dei ni sakene der det var grunnlag for reaksjon, og som vart avslutta i tredje kvartal 2023. Det er betalt tilbake til saman 5 304 614 kroner. I tillegg er 64 695 kroner betalte tilbake til prosjekt, noko som inneber at tilskotsmottakar dekkjer tapet ved å skyta inn eigne midlar.
Oversikta blir utarbeidd som oppfølging av nulltoleransen til regjeringa for økonomisk misleghald og blir ajourført kvart kvartal. For fleire opplysningar blir det vist til Sentral kontrolleining i Utanriksdepartementet, Internrevisjonen i Norad eller til Norec.
Saksnr./ Ansvar |
Land/region |
Avtalepartnar |
Kort omtale av saka |
1223 Norad |
Sør-Afrika |
Slum Dwellers International (SDI)
|
Midlar brukte til noko anna enn det avtalte føremålet, forsøk på å overføra midlar til utanforståande og midlar brukte etter avtaleperioden. NOK 3.193.209 er betalte tilbake til Norad.
|
1310 Norad |
Liberia |
Digni/Misjonsalliansen |
Mangelfull dokumentasjon av utgifter hos lokal partnar. NOK 511. 434 er betalte tilbake til Norad.
|
1312 Norad |
Sierra Leone |
Digni/Misjonsalliansen |
Mangelfull dokumentasjon av utgifter hos lokal partnar. NOK 392.305 er betalte tilbake til Norad.
|
1343 Norad |
Indonesia |
Regnskogfondet |
Lønnsutgifter hos lokal partnar ført i strid med tilskotsavtalen. NOK 62.000 er betalte tilbake til prosjektet.
|
1363 Norad |
Malawi |
Atlas-Alliansen/ Ryggmargsbrokk- og Hydrocephalusforeningen |
Mangelfull dokumentasjon av utgifter hos lokal partnar. NOK 493.748 er betalte tilbake til Norad. |
1431 UD |
Libanon |
Norsk Folkehjelp |
Midlar brukte til noko anna enn det avtalte formålet og mangelfull dokumentasjon av utgifter hos lokal partnar. NOK 712.643 er betalte tilbake til UD.
|
1498 UD |
Zimbabwe |
Norsk Folkehjelp |
Tjuveri av drivstoff. NOK 1.275 er betalte tilbake til UD.
|
1514 UD |
Senegal |
Mines Advisory Group (MAG)
|
Underslag. NOK 1.495 er betalte tilbake til prosjektet. |
1563 Norad |
Vanuatu |
International Planned Parenthood Foundation (IPPF)
|
Lån av midlar frå kjernetilskot hos lokal partnar. NOK 1.200 er betalte tilbake til prosjektet.
|