Rapportering på opptrappingsplanen mot vald og overgrep
Rapport | Dato: 14.11.2022 | Barne- og familiedepartementet
Prop. 12 S (2016–2017) - Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) blei lagt fram av Regjeringa Solberg i oktober 2016 og vedtatt av Stortinget i april 2017. Planen inneheld både tiltak for gi betre hjelp til dei dei gjeld og tiltak for å kunne førebygge at vald og overgrep skjer.
Det har blitt rapportert om oppfølging av planen i dei årlege budsjettproposisjonane for Barne- og familiedepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet.
Sjå siste rapporteringa for opptrappingsplanen mot vald og overgrep.