Retningsliner for tilskot til samlivstiltak 2004
Q-7/04
Rundskriv | Dato: 02.02.2004 | Barne- og familiedepartementet
Rundskriv Q7/04 Barne- og familiedepartementet
Retningsliner for tilskot til samlivstiltak 2004
1. Målsetjinga med tilskotsordninga
Midlar til samlivstiltak vert gjevne over kap. 0830 på statsbudsjettet.
Den overordna målsetjinga med tilskotet er å stø opp om samlivet i parforhold. Midlane skal brukast til å styrkje ekteskap og varige samlivsforhold med sikte på å skape gode relasjonar og førebygge familieoppløysing. Ei viktig målsetjing er å skape ein trygg og stabil oppvekst for borna. Barnefamiliar vil derfor verta prioriterte ved fordeling av midlane.
Tilskotsordninga er etablert med sikte på eit breidt spekter av søkjarar. Barne- og familiedepartementet ønskjer å oppretthalde engasjementet hos dei som arbeider på dette området. Departementet oppmodar difor søkjarane om å ta opp samliv som tema i det førebyggjande arbeidet. Tiltak som samstundes kan styrkja både samlivet og foreldrerolla kan vera viktige i eit samla førebyggjande familiearbeid.
Midlane frå tilskotsordninga skal nyttast til to typar tiltak:
1) lokale samlivskurs/samlingar for par, og
2) utviklingstiltak i samlivsarbeidet.
2. Lokale samlivstiltak
2.1 Nærare om målsetjing og innhald
Samlivskursa har eit førebyggjande sikte, og skal ikkje ha karakter av behandling. Målsetjinga er å utvikle og halde vedlike eit godt samliv i parforhold, både for ektepar og sambuarar, og slik stø opp om ein varig og stabil familiesituasjon. Kursa må ta opp det ein kan kalle "vanlege problem i vanlege parforhold". Tiltak retta mot meir alvorlege problem eller kriser vert ikkje støtte av ordninga. Dette høyrer inn under andre instansar, t.d. familievernkontor og krisesentre.
Vanlege tema på samlivskurs er kommunikasjon, samspel, og konfliktløysing, korleis ein kan ta vare på og utvikle parforholdet, spørsmål kring samarbeid og arbeidsfordeling og andre sider ved samlivet.
Kursa bør vera fagleg gode og ha kvalifiserte kursleiarar. Kurs med program som byggjar på samlivsfagleg kunnskap utarbeida for siktemålet, vil verta prioriterte.
2.2 Kven kan søkje
Frivillige organisasjonar og andre som har som målsetjing å stø opp om og styrkje parforhold/familien, kan søkje midlar til samlivskurs. "Frivillige organisasjonar" kan vera humanitære og religiøse organisasjonar, organisasjonar innan helse- og sosialsektoren, kyrkjelydar, oa. Kommunar, familievernkontor og liknande intitusjonar som vil ta opp samliv som tema kan søkje, gjerne i samarbeid med frivillige organisasjonar.
For å nytta ressursane best mogeleg og for å skape nettverk i lokalmiljøet, vil søkjarar som samarbeidar lokalt verta prioriterte.
Det vert ikkje gjeve midlar til privatpersonar eller tiltak som er drivne på forretningsmessig basis.
2.3 Opplysningar i søknaden
Målsetjinga for kurset må gå klart fram av søknaden. Den må gi opplysningar om program og innhald, målgruppe, kursleiar/kurshaldar, tidspunkt og omfang. Planlagte kostnader må gå fram av eit eiga budsjett. Søkjarar som budsjetterar med eigne midlar vil verta prioriterte.
2.4 Bruk av midlane og rapportering
Tilskotet kan brukast til å dekke administrative utgifter som honorar, reise og opphaldsutgifter til kursleiarar, innkjøp av kursmateriell, annonsering og lokalleige. Midlane kan ikkje brukast til godtgjerdsle eller tilskot til kursdeltakarane sine utgifter til samlivskurs (reise, opphald, servering, gåver, utgifter til barnepass e.l.). Slike utgifter må dekkast anten av søkjaren/arrangøren eller av kursdeltakarane sjølve.
Nærare opplysningar om disponering av midlane og rapportering frå tiltaket vert gjeve i brev med melding om tildeling av tilskot.
3. Utviklingstiltak
3.1 Nærare om målsetjing og innhald
Målsetjinga med utviklingsarbeidet er å styrkje den faglege kvaliteten på samlivskursa og auka kunnskapen om gode samlivstiltak. Tiltak som tek sikte på å få til ei god organisering/spreiing av tilbodet og som kan medverke til at samlivstiltak vert ein integrert og etablert del av det lokale førebyggjande familiearbeidet vil verta prioriterte.
3.2 Kven kan søkje
Organisasjonar og institusjonar med kompetanse på samlivsarbeid og utviklingsarbeid kan søkje midlar til utviklingsprosjekt. Prosjekta kan dreie seg om ulike sider av samlivsarbeidet som td. skolering av kurshaldarar, utvikling av program/materiell for samlivskurs, organisering og samarbeid om samlivstiltak lokalt oa. For kommunane er det særleg aktuelt å utvikle modellar for integrering av foreldrerettleiing og samlivstiltak i eit samla førebyggjande familiearbeid.
3.3 Opplysningar i søknaden, bruk av midlane og rapportering
Prosjektsøknader må gjere grundig greie for bakgrunnen for og målsetjinga med prosjektet, metoden, gjennomføringa og kva ein ventar som resultat. Søknaden må vidare innehalde budsjett og framdriftsplan for tiltaket. Når det gjeld krav til opplysningar i søknaden og bruken av midlane, gjeld óg dei same vilkåra som ved lokale kurstiltak (jf. 2.3 og 2.4).
Prosjekta må gje ny kunnskap/røynsle innan samlivsfeltet. Resultata av utviklingsarbeidet må ha overføringsverdi, slik at dei kan medverka til fagleg og/eller organisatorisk utvikling av samlivsarbeidet. Ved prosjektslutt ønskjast ein kort, skriftleg rapport om resultata.
Søknadsskjema og retningsliner for lokale tiltak og utviklingstiltak kan tingast frå:
Barne-, ungdoms- og familieforvaltninga (BUFA),
Postboks 8113 Dep, 0032 OSLO
telefon 24 04 40 40
eller kan lastas ned frå internett: http://www.bufa.no
Dei som søkjer om midlar til både lokale samlivskurs og til utviklingstiltak, må sende separate søknader til dei to formåla. Alle søknader sendast til Barne-, ungdoms- og familieforvaltningen. Søknadene om utviklingstilskot vert sende vidare til handsaming i Barne- og familiedepartementet.
*****
Søknadsfrist for både lokale tiltak og utviklingstiltak:
25. februar 2004
Haktor Helland (e.f.)
Bjørn Bredesen
Fleire eksemplar av dette rundskrivet kan ein få frå:
Barne- og familiedepartementet
Postboks 8036 Dep, 0030 OSLO
Tlf. 22 24 25 03.
http://www.odin.dep.no
eller:
Barne-, ungdoms- og familieforvaltninga (BUFA)
Postboks 8113 Dep, 0032 OSLO
Tlf. 24 04 40 40
http//:www.bufa.no