Rettleiar for konsultasjonsordninga
Brosjyre/rettleiing | Dato: 03.06.2015 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Opphavleg utgjeve av: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Konsultasjonsordninga er ein fast arena for dialog og samarbeid mellom regjeringa og KS, om det økonomiske opplegget for kommunar og fylkeskommunar.
Denne rettleiaren rettar seg mot dei departementa som har ansvarsområde som vedkjem kommunesektoren, og tek sikte på å gi ei innføring i bakgrunn og intensjon med konsultasjonsordninga, korleis ordninga er bygd opp og organisert, og kva for rutinar ein må følgje når ein skal nytte konsultasjonsarenaen.