9 Kartleggingsmetodar og rettleiingar
Nettsider:
- Barne-, ungdoms- og familiedirektoratets side Universell utforming
- KS’ sider om universell utforming, med nettverk, eksempel og rettleiingar
- NALs nettsider om universell utforming med informasjon, prosjekt, kurs mv.
- Statens vegvesen om universell utforming i transportsektoren
Kartleggingsmetodar:
- Statens kartverk har ein metode som kartlegg i kva grad inngangsparti tilhøyrande offentlege bygningar og offentlege friluftsområde i kommunen er tilgjengelege for rørsle- og synshemja. Fylkeskommunar og kommunar, eventuelt saman med frivillige organisasjonar, kan søkje om midlar frå Kartverket til å gjennomføre metoden.
- Barne-, ungdoms- og familiedirektoratets Vegkart for universelt utforma nærskole
- Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har også tilskot til kunnskapsutvikling, kompetanseheving og informasjon innan universell utforming. Mellom anna kan kommunar søke på tilskot til kartlegging av universell utforming av grunnskular.
Andre rettleiingar:
- Rettleiingar for råd for personar med nedsett funksjonsevne, eldreråd og eit ungdomsråd eller eit anna organ for medverknad for ungdom
Elles anbefaler vi rettleiingane på Kommunal- og moderniseringsdepartementets nettside om planlegging: www.planlegging.no.