Rettleiar til offentleglova
Brosjyre/rettleiing | Dato: 11.01.2010 | Justis- og beredskapsdepartementet
Opphavleg utgjeve av: Justis- og politidepartementet
Det mest sentrale føremålet med den offentleglova er å styrkje retten til innsyn i saksdokument i forvaltninga.
Justisdepartementet har utarbeidd ein rettleiar til lova.
Den største delen av rettleiaren omhandlar unntaksføresegnene i lova, sidan desse reglane utgjer det området som skapar dei fleste problemstillingane i praksis. Elles er alle reglane i lova omtala. Rettleiaren omhandlar òg reglane i offentlegforskrifta.
Det er òg utarbeidd eit tillegg til rettleiaren. Dette omhandlar to unntak – for lønsoppgåver og for fødselsnummer og tilsvarande nummer – som kom til i 2011.