Rundskriv F-022-00 Vedlegg

Endringer i forskrift 28. juni 1999 nr. 722 til opplæringslova

1.1.1 Vedlegg til rundskriv
F-022-00

1.1.1.1

1.1.1.2

1.1.2

2 Endringer i foskrift 28. Juni 1999 nr. 722 til Opplæringslova

I.

2.1.1 Forskriftens § 4-21 skal lyde (endringene er kursivert):

Vitnemål blir gitt som dokumentasjon for bestått treårig opplæringsløp som gir studie- eller yrkeskompetanse i fag som ikkje har læretid i bedrift.

For å få utferda vitnemål, som hovudregel alle fag og eksamenar som kjem til uttrykk på vitnemålet i medhald av læreplan, vere bestått, sjå likevel §§ 4-15, 8-2 og tredje og fjerde leddet i paragrafen her. Dersom eit vitnemål går tapt, skal det utferdast nytt, identisk vitnemål.

Privatistar i yrkesfaglege studieretningar som har minst 5 år allsidig praksis i faget, eventuelt inkludert opplæring i faget, er fritekne frå kravet om felles allmenne fag for å få yrkeskompetanse.

Elevar i yrkesfaglege studieretningar som har fulgt opplæringa, men ikkje bestått i inntil to av dei felles allmenne faga som inngår i fag- og timefordelinga for opplæringa, kan likevel i særskilde tilfelle få utferda vitnemål som gir yrkeskompetanse. Samtykke til slikt unntak kan givast når eleven anten

  • har vore friteken for vurdering med karakter i faget/faga i grunnskolen eller
  • har vore friteken for vurdering med karakter i faget/faga i den vidaregåande skolen eller
  • har spesifikke lærevanskar (t.d. store lese- og skrivevanskar eller store matematikkvanskar). Slike vanskar kan også vurderast etter at standpunktkarakter er sett eller eksamen har vore gjennomført.

I dei yrkesfaga der det er knytt offentleg nasjonal eller internasjonal sertifisering til eit utferda vitnemål, kan det ikkje gjerast unntak i strid med slike sertifiseringsføresegner.

Før søknad om unntak etter fjerde leddet kan bli behandla, skal det liggje føre dokumentasjon som viser at vilkåra er oppfylte Dokumentasjonen må vere av nyare dato. Før søknad om unntak etter tredje strekpunkt i fjerde leddet kan bli behandla, skal det liggje føre sakkunnig vurdering. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgje for at slik vurdering blir utarbeidd.

Rektor avgjer søknad om unntak i samsvar med vilkåra i fjerde leddet. Det kan ikkje givast førehandstilsegn om unntak etter denne paragrafen.

2.1.2 Overskriften i forskriftens § 4-52 skal lyde:

Krav om felles allmenne fag før fag-/sveinebrev kan utferdast

2.1.3 Forskriftens § 4-52 skal lyde (endringene er kursivert):

Før fag-/sveinebrev kan utferdast, må som hovudregel både den teoretiske og den praktiske delen av fag-/sveineprøva vere bestått . Praksiskandidatar er fritekne frå kravet om felles allmenne fag for å få fag-/sveinebrev.

Lærlingar/elevar som har fulgt opplæringa, men ikkje bestått i inntil to av dei felles allmenne faga som inngår i fag- og timefordelinga for lærefaget, kan likevel i særskilde tilfelle få utferda fag-/sveinebrev. Samtykke til slikt unntak kan givast når lærlingen/eleven anten

- har vore friteken for vurdering med karakter i faget/faga i grunnskolen eller

- har vore friteken for vurdering med karakter i faget/faga i den vidaregåande skolen eller

- har spesifikke lærevanskar (t.d. store lese- og skrivevanskar eller store matematikkvanskar).

Slike vanskar kan også vurderast etter at standpunktkarakter er sett eller eksamen har vore gjennomført.

I dei lærefaga der det er knytt offentleg nasjonal eller internasjonal sertifisering til eit utferda fag-/sveinebrev, kan det ikkje givast dispensasjonar i strid med slike sertifiseringsføresegner.

Før søknad om unntak kan behandlast, skal det liggje føre dokumentasjon som viser at vilkåra er oppfylte. Dokumentasjonen må vere av nyare dato. Før søknad om unntak etter tredje strekpunkt i andre leddet kan bli behandla, skal det liggje føre sakkunnig vurdering. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgje for at slik vurdering blir utarbeidd.

Fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda avgjer søknad om unntak i samsvar med vilkåra i andre leddet. Vedtak kan tidlegast gjerast i samband med overgangen til læreforhold. Det kan ikkje givast førehandstilsegn om unntak etter denne paragrafen.

II.

Endringene trer i kraft 1. mars 2000.