Rundskriv H-22/05

Ikraftsetjing av lov om endringar i utlendingslova og forskrift om endring i utlendingsforskrifta (styringsforhold på utlendingsfeltet)

Utlendingsdirektoratet
Utlendingsnemnda
Justisdepartementet
Utanriksdepartementet
Politidirektoratet

Nr.

Vår ref

Dato

H-22/05

05/956

02 .09.2005

Ikraftsetjing av lov om endringar i utlendingslova og forskrift om endring i utlendingsforskrifta (styringsforhold på utlendingsfeltet)

1. BAKGRUNN

Som ei oppfølging av St.meld. nr. 21 (2003–2004) Styringsforhold på utlendingsfeltet, og

for å få betre samanheng mellom politiske mål og avvegingar og praksis i utlendingssaker, og likeeins mest mogleg lik praksis, er utlendingslova og utlendingsforskrifta endra på fleire punkt.

Etter endringane gir lova no reglar om departementet sin rett til å instruere Utlendingsdirektoratet (UDI) gjennom generelle instruksar om lovtolking og skjønsutøving. Det er derimot ikkje høve til å instruere UDI om utfallet av ei einskildsak. Vidare inneheld lova reglar om prøving av UDI sine positive vedtak (vedtak til gunst for søkaren) i Utlendingsnemnda (UNE). Etter å ha gått igjennom saka kan UNE kome med ei prinsippfråsegn som får verknad for tilsvarande saker. Vedtaket gjort i UDI i einskildsaka kan ikkje opphevast eller setjast til side, med mindre det viser seg å vere ugyldig. Lova gir også departementet høve til å få prøvt UNE sine positive vedtak for domstolane. Domstolane kan berre prøve om vedtaket er gyldig. Lova gjer Kongen i statsråd til klageinstans i saker som har med den nasjonale tryggleiken og utanrikspolitiske omsyn å gjere. Lova omhandlar også oppretting av ei stornemnd i UNE som ei ny form for behandling av prinsipielle saker. Dessutan endrar lova reglane om tilsetjingsforholda til nemndleiarane i UNE. Retten til fritt rettsråd og fri sakførsel utan behovsprøving er òg utvida, jf. endringane i lov 13. juni 1980 nr. 35 om fri rettshjelp.

Som vist ovanfor kan departementet etter utlendingslova § 38 fjerde ledd bringe UDI sine positive vedtak inn for UNE til vurdering. I forarbeida til lovendringa blei det vist til at forvaltningslova §§ 33 og 34 inneheld reglar om saksførebuing i klagesaker og kompetansen til klageinstansen. Departementet la til grunn at desse reglane ikkje kan brukast direkte i dette tilfellet, sidan det her formelt sett ikkje dreiar seg om klagesaker. Det er derfor gitt nærare reglar om saksførebuing og UNE sin kompetanse i saker etter utlendingslova § 38 fjerde ledd i utlendingsforskrifta §§ 132h og 132i, etter mønster av forvaltningslova §§ 33 og 34.

Etter utlendingslova § 38b andre ledd skal det opprettast ei stornemnd som ei alternativ behandlingsform i UNE, jf. ovanfor. Ved behandling i stornemnd deltar tre nemndleiarar og fire medlemmer (lekmenn). Klargjering av kva slags type saker stornemnda skal ha ansvaret for og kompetanse til å avgjere om ei sak som er lagt fram for behandling i stornemnda skal takast til behandling eller ikkje, blir nærare regulert i utlendingsforskrifta § 141a.

Lov- og forskriftsendringane trer i kraft 9. september 2005. Både lov- og forskriftsendringane ligg ved rundskrivet. I forskrifta er det gjort nokre justeringar i høve til forslaget som var på høyring. Rundskrivet gir nærare greie for dei viktigaste endringane i forskrifta. Når det gjeld forståinga av lovendringane, blir det vist til forarbeida: Ot.prp. nr. 31 (2004–2005) Om lov om endringar i utlendingsloven m.m. (styringsforhold på utlendingsfeltet) og Innst. O. nr. 68 (2004–2005). Desse dokumenta finst elektronisk på departementet sine heimesider www.odin.dep.no, og på Stortinget sine heimesider www.stortinget.no.

2. SAKSFØREBUING I SAKER ETTER UTLENDINGSLOVA § 38 FJERDE LEDD - UTLENDINGSFORSKRIFTA § 132h

Departementet kan bringe UDI sine positive vedtak inn for UNE til vurdering, jf. utlendingslova § 38 fjerde ledd (”[D]epartementet kan beslutte at vedtak truffet av Utlendingsdirektoratet til gunst for utlendingen, skal overprøves av Utlendingsnemnda”). Ny § 132h i utlendingsforskrifta slår i første ledd første punktum fast at forvaltningslova gjeld ved behandlinga av saker etter utlendingslova § 38 fjerde ledd, med mindre anna er fastsett i forskrifta. Forvaltningslova kapittel VI Om klage og omgjøring skal ikkje gjelde, jf. første ledd andre punktum, sidan det her ikkje er tale om klagesaker.

Departementet si avgjerd om overprøving skal setjast fram for UDI, jf. forskrifta § 132h andre ledd. Det er gagnleg at det organ som tidlegare har behandla saka startar tilrettelegginga. Dessutan får UDI høve til å vurdere om vedtaket er ugyldig, slik at direktoratet eventuelt kan omgjere vedtaket av eige tiltak. UDI skal setje i verk dei undersøkingar som avgjerda om overprøving gir grunn til. Dersom det til dømes er nødvendig å hente inn nye opplysningar på grunnlag av det som kjem fram i departementet si grunngjeving for overprøvingsavgjerda, skal UDI gjere det. Vidare har UDI berre kompetanse til å oppheve vedtaket og behandle saka på nytt dersom vedtaket er ugyldig, jf. andre ledd andre punktum. Også tidlegare kunne eit vedtak som i ettertid viste seg å være ugyldig, setjast til side av UDI, jf. forvaltningslova § 35 og ulovfesta reglar om omgjering. Dersom UDI etter dette treffer nytt realitetsvedtak, skal direktoratet grunngi vedtaket og varsle parten på vanleg måte. (Varselet skal mellom anna opplyse om at han kan klage på vedtaket.) UDI må også orientere departementet, til dømes med ein kopi av omgjeringsvedtaket.

Er ikkje vilkåra for å behandle saka tilstades, skal UDI avvise ho, jf. andre ledd tredje punktum. Vilkåra går fram av utlendingslova § 38 fjerde ledd (vedtak gjort av UDI til gunst for utlendingen, fire månaders frist, krav om skriftleg nedfelling og grunngjeving av departementet si avgjerd om overprøving). Departementet kan ikkje påklage UDI si avgjerd om å avvise saka.

Utlending som vedtaket er til gunst for skal varslast så snart som mogleg (”snarest mulig”) og givast høve til å uttale seg, jf. tredje ledd. ”Snarest mulig” vil normalt seie så snart UDI har fått saka sendt over frå departementet og funne at vilkåra for behandling er til stades. Som hovudregel og utgangspunkt skal utlendingen varslast skriftleg. UDI kan berre la vere å varsle i dei tilfella som er nemnde i forvaltningslova § 16 tredje ledd. Det er til dømes ikkje nødvendig å varsle utlendingen dersom UDI finn at vilkåra for å behandle saka ikkje er til stades, då varsel her vil vere ”åpenbart unødvendig”, jf. forvaltningslova § 16 tredje ledd bokstav c. Stort arbeidspress vil normalt ikkje kunne godtakast som grunn til å la vere å varsle. Det skal setjast ein frist for å uttale seg. Fristen bør helst setjast som ein bestemt dato, eventuelt som ein fast frist, til dømes 14 dagar frå varselet er motteke. Utlendingen skal også ha kopi av departementet si avgjerd om overprøving med grunngjeving, med mindre han etter forvaltningslova § 19 kan nektast å sjå opplysningane. Etter utlendingslova § 42 fjerde ledd har utlendingen i saker som nemnde i § 38 fjerde ledd rett til fritt rettsråd utan behovsprøving.

Dersom UDI ikkje treffer avgjerd som nemnd i andre ledd, dvs. verken avviser saka fordi vilkåra for overprøving ikkje er til stades eller opphever vedtaket fordi det er ugyldig og treffer nytt realitetsvedtak, skal UDI sende dokumenta i saka til UNE så snart saka er lagt til rette, jf. fjerde ledd. Alle dokumenta skal sendast til UNE, også UDI si eventuelle fråsegn i saka. Utlendingen skal ha kopi av fråsegna i den grad ho ikkje inneheld opplysningar utlendingen ikkje har krav på innsikt i etter forvaltningslova § 19. Også departementet skal ha kopi av UDI si fråsegn.

Femte ledd bestemmer at UNE skal sjå til at saka er så godt opplyst som mogleg før det blir gjort vedtak eller gitt prinsippfråsegn. UNE kan også påleggje UDI å gjere nærare undersøkingar m.m. Dette er for så vidt berre ei gjentaking av forvaltningslova § 17, men departementet ønskjer å presisere at dette også gjeld i saker etter utlendingslova § 38 fjerde ledd, og at UNE har hovudansvaret for at saka blir fullgodt opplyst.

3. UNE SIN KOMPETANSE I SAKER ETTER UTLENDINGSLOVA § 38 FJERDE LEDD - UTLENDINGSFORSKRIFTA § 132i

Utlendingsforskrifta § 132i regulerer UNE sin kompetanse i saker etter utlendingslova § 38 fjerde ledd, dvs. i saker der departementet har bestemt at UDI sine vedtak til gunst for utlendingen skal overprøvast av UNE. Paragrafen er utforma etter mønster av forvaltningslova § 34.

Første ledd første punktum stiller opp plikt og kompetanse for den nemndleiaren i UNE som har saka, til å avvise ho, dersom vilkåra for å behandle saka ikkje er til stades. Vilkåra står i utlendingslova § 38 fjerde ledd (vedtak UDI har gjort til gunst for utlendingen, fire månaders frist, krav til skriftleg nedfelling og grunngjeving av departementet si avgjerd om overprøving). Heller ikkje UNE har høve til å gi departementet ny frist, dersom fristen på fire månader ikkje er følgt, jf. ovanfor om § 132h. Det står uttrykkeleg i andre punktum at UNE ikkje er bunden av at UDI har meint at vilkåra er til stades, UNE skal med andre ord gjere ei sjølvstendig vurdering. Kjem UNE til at saka skal avvisast, kan ikkje departementet påklage avgjerda, jf. tredje punktum.

Andre ledd slår fast at UNE kan prøve alle sider av saka, mellom anna ta omsyn til nye omstende (”nye omstendigheter”). ”Nye omstendigheter” omfattar både nye opplysningar om forholda tidlegare, og forhold som har endra seg etter UDI sitt vedtak. UNE er ikkje bunden av departementet si grunngjeving for avgjerda om overprøving eller eventuelle fråsegner frå utlendingen/UDI, jf. § 132h tredje og fjerde ledd.

I likskap med utlendingslova § 38 femte ledd bestemmer tredje ledd første punktum at UNE skal oppheve UDI sitt vedtak og sende saka tilbake til UDI for heil eller delvis ny behandling, dersom UNE kjem til at vedtaket er ugyldig. Hovudregelen i forvaltningsretten er at eit overordna organ kan gjere om underinstansen sitt vedtak, jf. forvaltningslova § 35 andre og tredje ledd, også til skade for den vedtaket rettar seg mot, utan noko etterfølgjande høve til å klage. Regelen her er mindre vidtgåande, ved at UNE ikkje sjølv kan gjere om vedtaket, men berre sende saka tilbake til UDI for ny behandling. UDI vil då vere forplikta til å fatte eit nytt vedtak i saka. Dersom det nye vedtaket er negativt, kan den private parten påklage det til UNE på vanleg måte. Om eit vedtak kan setjast til side som ugyldig av UNE, avheng av dei ordinære forvaltningsrettslege reglane. Departementet reknar med at det berre reint unntaksvis vil bli slått fast at vedtaket er ugyldig. UNE si avgjerd om å oppheve UDI sitt vedtak etter å ha konstatert at vedtaket er ugyldig er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova.

Tredje ledd andre punktum slår fast at ein utlending som oppheld seg i riket på grunnlag av UDI sitt vedtak, framleis har rett til opphald på tidlegare vilkår fram til UDI fattar nytt vedtak i saka, med mindre særlege grunnar talar mot det. Regelen er teke med for at det ikkje skal oppstå tvil om opphaldsgrunnlaget til utlendingen (i tida frå UNE opphevar det positive vedtaket pga. at det er ugyldig og sender saka tilbake til UDI for ny behandling, og fram til UDI har gjort nytt vedtak i saka). Dersom særlege grunnar talar mot det, til dømes i situasjonar der utlendingen bevisst har gitt uriktige opplysningar til utlendingsforvaltninga, er det mogleg å gjere unntak frå dette utgangspunktet. I tida frå UDI eventuelt fattar eit nytt negativt vedtak, som påklagast til UNE, og fram til UNE gjer vedtak som klageinstans, må utlendingen halde seg til UDI si avgjerd på same måte som andre som har ei sak til behandling hos UNE. Ein asylsøkjar vil såleis som hovudregel kunne opphalde seg i landet fram til søknaden er endeleg avgjord, jf. utlendingslova § 40, medan det motsette til dømes er utgangspunktet for ein utlending som søkjer førstegongs arbeids- eller opphaldsløyve, jf. utlendingslova § 39.

Tredje ledd tredje punktum gir klart uttrykk for at gyldige vedtak frå UDI verken kan opphevast eller endrast, men UNE kan gi ei fråsegn om saka sine prinsipielle sider. Også dette er ei gjentaking av utlendingslova § 38 femte ledd. Prinsippfråsegna vil vere utan verknad for den aktuelle saka, men ho vil medverke til ein meir einsarta framtidig praksis i UDI og UNE. UNE har inga plikt til å gi ei prinsippfråsegn, men hovudregelen og utgangspunktet er at slik fråsegn skal givast. Sjølv i saker der UNE sluttar seg til departementet sine merknader i avgjerda om overprøving, vil det normalt vere behov for utfyllande kommentarar frå UNE. I saker der UNE ikkje har noko å seie på UDI sitt vedtak, kan det hende at høvet til å gi prinsippfråsegn blir mindre brukt, dersom UDI sitt vedtak er dekkjande også for UNE si oppfatning.

Fjerde ledd slår fast at det ikkje er høve til å påklage UNE sine vedtak etter tredje ledd første punktum, dvs. vedtak om oppheving fordi UDI sitt vedtak er ugyldig. Saka vil i slike tilfelle alltid bli sendt til UDI for ny behandling, jf. ovanfor. Dersom UDI etter dette gjer eit negativt vedtak for utlendingen, kan vedtaket påklagast til UNE på vanleg måte. Behandling i to instansar er altså sikra.

4. VILKÅR FOR BEHANDLING I STORNEMND – UTLENDINGSFORSKRIFTA § 141a

Utlendingsforskrifta § 141a er ny og kjem som ei følgje av utlendingslova § 38b andre ledd om behandling av saker i stornemnd. Behandling i stornemnd er ei ny behandlingsform i UNE. Samtidig fell koordineringsutvalet bort. Utlendingslova § 38b andre ledd sjette punktum gir Kongen løyve til å gi nærare reglar om kva slags saker stornemnda skal behandle, og om kven som skal avgjere om ei sak som er bringa inn for behandling i stornemnd, skal takast til behandling av nemnda.

Første ledd slår fast at vedtak gjort av UDI til gunst for utlendingen, og som departementet har bestemt skal overprøvast av UNE, jf. utlendingslova § 38 fjerde ledd, alltid skal takast til behandling i stornemnd. Dette er i tråd med føringane i Ot.prp. nr. 31 (2004–2005).

Av andre ledd første punktum går det fram at også andre saker kan behandlast i stornemnd, men då må visse vilkår vere oppfylte. Det må vere saker av prinsipiell karakter eller saker som er særleg viktige av andre grunnar. I oppramsinga nemnast derfor ”saker av prinsipiell betyding, saker med store samfunnsmessige eller økonomiske konsekvenser og saker på områder der det er tendenser til ulik praksis”. ”Ulik praksis” gjeld både ulik praksis i UDI og UNE, og ulik praksis innanfor organa. Også spørsmål om å gjere om UNE sine vedtak i saker som nemnd i første punktum kan takast til behandling i stornemnd, jf. andre punktum. Av omsyn til stornemnda si effektivitet er vilkåra strenge. Når det skal avgjerast om ei sak fyller vilkåra for behandling i stornemnd etter andre ledd, må ein til dømes spørje om saka kan føre til ei endring av praksis, eller om saka kan få følgjer for mange likearta saker. Saker som gjeld fortolking av internasjonale plikter kan til dømes vere av prinsipiell art, og vilkåra for behandling i stornemnd er i så fall oppfylte. Vidare må ein sjå på formålet med oppnemninga av stornemnda – å sikre større grad av lik praksis og lik behandling i utlendingsforvaltninga, og dessutan behovet for å skape ein mønsterregel for seinare avgjerder.

Det går fram av tredje ledd første punktum at både departementet og UDI kan krevje at saker som er nemnde i andre ledd skal behandlast i stornemnd. Også den nemndleiaren i UNE som har fått saka kan be om at ho blir behandla i stornemnd, jf. andre punktum. Regelen er gitt for å styrke departementet sitt høve til styring, og for at stornemndvedtak skal danne presedens for seinare avgjerder i UDI og UNE. Verken klagaren eller direktøren i UNE er gitt same kompetanse, då slike omsyn ikkje gjer seg gjeldande for dei. Klagaren sitt ønskje om ny behandling av saka blir sikra gjennom dei ordinære reglane om klagebehandling i nemnda. Framleggsrett for direktøren er lite praktisk og delvis uturvande, sida sakene som blir kjende for direktøren allereie er gitt til ein nemndleiar, som sjølv har framleggsrett.

Saker som departementet eller UDI etter tredje ledd første punktum har gjort framlegg om at skal behandlast i stornemnd, går rett i stornemnd utan prøving på førehand. Ved spørsmål om behandling i stornemnd frå ein nemndleiar, skal direktøren i UNE kontrollere at vilkåra for slik behandling er oppfylte, jf. tredje punktum. Dette er i tråd med Ot.prp. nr. 31 (2004–2005), der det på side 47 heiter: ”I lys av at så mange er tenkt gitt rett til å foreslå saker brakt inn for stornemnda, herunder alle UNEs nemndledere (p.t. 15), mener imidlertid departementet at det er behov for en viss kontroll for å forhindre at stornemnda blir belastet med saker som ikke skal behandles der”. Det er viktig å streke under at avgjerda av om ei sak som er bringa inn for behandling i stornemnd skal takast til behandling der, berre går ut på å ta stilling til om saka fyller vilkåra for å bli behandla i stornemnd eller ikkje. Alle saker som fyller vilkåra, skal takast til behandling i stornemnd når ein nemndleiar har bede om slik behandling. Samtidig med at departementet/UDI/nemndleiaren set fram krav eller spørsmål om behandling i stornemnd, skal dei grunngi kvifor behandling i stornemnd er ønskjeleg, jf. fjerde punktum. Det vil sikre at stornemnda alltid er merksam på den sida av saka som er grunnen til at denne behandlingsforma blei valt.

Departementet vil også vise til Ot.prp. nr. 31 (2004–2005) punkt 7.5.6 med omsyn til tidspunktet for krav/spørsmål om stornemndbehandling: ”[V]idere anser departementet det som viktig at muligheten for å be om stornemndbehandling ikke avskjæres for tidlig i saksgangen, bl.a. fordi det for noen saker relativt sent i saksbehandlingen kan vise seg å være forhold av en slik karakter at stornemndsbehandling vil være på sin plass. På denne bakgrunn mener departementet at det må være adgang til å anmode om stornemndsbehandling helt frem til vedtak fattes i en av de andre saksbehandlingsformene i UNE. Et slikt sent skjæringspunkt kan være negativt for effektiviteten i UNE. På den annen side vil dette sannsynligvis dreie seg om få saker. For ordens skyld finner departementet likevel grunn til å påpeke at en eventuell anmodning om stornemndsbehandling bør fremmes så tidlig som mulig.”

Fjerde ledd opnar for at enda ein sakstype kan bringast inn for stornemnda til behandling. Dersom det i ordinært nemndmøte er gjort vedtak til ugunst for utlendingen, og nemndleiaren meiner at vedtaket strid mot lova, kan nemndleiaren be om at saka blir behandla i stornemnd, jf. første punktum. Ordninga fører med seg ei tredje prøving av saka (først i UDI, så i vanleg nemndmøte i UNE og sistpå i stornemnd i UNE). Også her skal direktøren i UNE kontrollere at vilkåra for behandling i stornemnd er oppfylte, jf. andre punktum. Vilkåra går fram av første punktum. Direktøren har her ein rein kontrollfunksjon, han skal berre forsikre seg om at dei formelle vilkåra for behandling i stornemnd er til stades. Det er såleis ikkje meininga at direktøren skal gjere ei materiell vurdering av om han meiner at vedtaket strid mot lova eller ikkje.

Femte ledd første til tredje punktum tek opp at lova sin ordlyd i § 38b andre ledd om kven som skal ta del i behandling av saker i stornemnd. Det er gjort både av omsyn til brukarane og av omsyn til forskrifta si form elles. Med omsyn til stornemnda si samansetjing og organisering, seier utlendingslova § 38b andre ledd fjerde punktum: ”[N]emndlederne deltar i, og en av dem leder, stornemnda i henhold til fastsatt ordning”. Når det gjeld den nærare utforminga av ei slik ordning, er det mest tenleg at UNE sjølv fastset ordninga gjennom interne retningslinjer. Forskrifta § 139 andre til femte ledd om stemmegjeving og saksbehandling gjeld tilsvarande for behandling i stornemnd, jf. fjerde punktum. Leiaren av stornemnda skal skrive under på vedtaket eller prinsippfråsegna, jf. femte punktum.

5. Andre endringar i utlendingsforskrifta

Dei andre endringane i utlendingsforskrifta er stort sett opprettingar som følgje av endringane i utlendingslova. I forskrifta § 139 tredje ledd er det ikkje gjort materielle endringar, men rekkjefølgja for røystinga i asylsaker er endra. I asylsaker er det framfor alt asyl det blir søkt om. Då er det meir naturleg at nemnda først røystar over om klagaren skal få asyl. Dersom det ikkje er fleirtal for det, røystar nemnda over om klagaren skal få løyve, og i så fall om grunnlaget for opphaldet.

Med helsing

Thor Arne Aass e.f.
ekspedisjonssjef

Birgitte Ege
avdelingsdirektør

Vedlegg:

1) Lov 10. juni 2005 nr. 50 om endringer i utlendingsloven m.m. (styringsforhold på utlendingsfeltet)

2) Forskrift 4. august 2005 nr. 918 om endring i forskrift 21. desember 1990 nr. 1028 om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingsforskriften)


LOV 10. JUNI 2005 NR. 50 OM ENDRINGER I UTLENDINGSLOVEN M.M. (STYRINGSFORHOLD PÅ UTLENDINGSFELTET)

I lov 24. juni 1988 nr. 64 om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingsloven) gjøres følgende endringer:

§ 38 skal lyde:

§ 38.Instruksjonsmyndighet og overprøving av vedtak

Departementet kan ikke instruere om avgjørelsen av enkeltsaker. Departementet kan heller ikke instruere Utlendingsnemnda om lovtolking eller skjønnsutøvelse. Departementet kan instruere om prioritering av saker.

Vedtak truffet av politiet eller utenriksstasjon kan påklages til Utlendingsdirektoratet. Vedtak truffet av Utlendingsdirektoratet kan påklages til Utlendingsnemnda.

For å ivareta hensynet til rikets sikkerhet eller utenrikspolitiske hensyn kan departementet instruere uavhengig av begrensningene i første ledd. Kongen i statsråd er klageinstans i saker som omfattes av slike instrukser om lovtolking, skjønnsutøvelse eller avgjørelsen av enkeltsaker.

Departementet kan beslutte at vedtak truffet av Utlendingsdirektoratet til gunst for utlendingen, skal overprøves av Utlendingsnemnda. Beslutningen skal treffes senest fire måneder etter at vedtaket ble truffet, være skriftlig og grunngis. Forvaltningsloven kapittel IV til VI om saksforberedelse, vedtak og klage gjelder ikke for slik beslutning.

Kommer Utlendingsnemnda i en sak etter fjerde ledd til at Utlendingsdirektoratets vedtak er ugyldig, skal den oppheve vedtaket og sende saken tilbake til direktoratet for hel eller delvis ny behandling. Gyldige vedtak kan ikke oppheves eller endres, men nemnda kan avgi en uttalelse om sakens prinsipielle sider.

Kongen kan ved forskrift gi nærmere regler om saksforberedelse og Utlendingsnemndas kompetanse i saker etter fjerde ledd.

§ 38a skal lyde:

§ 38a.Utlendingsnemnda

Utlendingsnemnda avgjør som et uavhengig organ de saker som er lagt til den i § 38 annet og fjerde ledd.

Utlendingsnemnda ledes av en direktør som må fylle kravene til dommere. Direktøren beskikkes på åremål av Kongen i statsråd for seks år. Gjenoppnevning kan foretas for én periode.

Nemnda skal videre ha nemndledere som må fylle kravene til dommere. De beskikkes på åremål av Kongen i statsråd for åtte år. Gjenoppnevning kan ikke foretas.

Nemnda skal ha nemndmedlemmer oppnevnt av Kongen i statsråd etter forslag fra Kommunal- og regionaldepartementet, Utenriksdepartementet, Norges Juristforbund og humanitære organisasjoner. De oppnevnes for fire år. Gjenoppnevning kan foretas en gang. Vervet er frivillig. Suppleringer i løpet av perioden foretas av departementet etter forslag fra de samme instansene. Departementet kan løse et nemndmedlem fra vervet dersom medlemmet ikke har overholdt sin taushetsplikt, grovt har krenket andre plikter som følger av vervet eller selv ber om det. Kongen kan gi nærmere regler ved forskrift.

Nemndas møter foregår for lukkede dører. Enhver som deltar ved behandlingen av sak for nemnda, har taushetsplikt etter forvaltningsloven §§ 13 til 13e. Overtredelse straffes etter straffeloven § 121.

Når Utlendingsnemnda har truffet vedtak etter loven her til gunst for utlendingen, kan departementet ved søksmål få prøvet gyldigheten av vedtaket. Søksmål må være reist innen fire måneder etter at vedtaket ble truffet. Søksmål reises mot utlendingen. Megling i forliksrådet foretas ikke.

Ved søksmål mot staten om lovmessigheten av Utlendingsnemndas vedtak etter loven her eller om erstatning som følge av slike vedtak, opptrer staten ved Utlendingsnemnda. Ved søksmål mot staten om lovmessigheten av Justisdepartementets vedtak truffet etter loven her før 1. januar 2001, opptrer staten ved Utlendingsnemnda. Ved søksmål mot staten om lovmessigheten av Utlendingsdirektoratets vedtak truffet etter loven her etter 1. januar 2001 eller om erstatning som følge av slike vedtak, opptrer staten ved Utlendingsdirektoratet.

§ 38b skal lyde:

§ 38b.Behandlingsformer mv. i Utlendingsnemnda

I den enkelte sak deltar en nemndleder og to medlemmer, jf. likevel annet og tredje ledd. Det ene medlemmet trekkes ut blant dem som er oppnevnt etter forslag fra Kommunal- og regionaldepartementet, Utenriksdepartementet og Norges Juristforbund. Det andre medlemmet trekkes ut blant dem som er oppnevnt etter forslag fra humanitære organisasjoner. Den enkelte nemnd kan behandle flere saker.

Ved behandling av saker i stornemnd deltar tre nemndledere og fire medlemmer. To av medlemmene trekkes ut blant dem som er oppnevnt etter forslag fra Kommunal- og regionaldepartementet, Utenriksdepartementet og Norges Juristforbund. De andre to trekkes ut blant dem som er oppnevnt etter forslag fra humanitære organisasjoner. Nemndlederne deltar i, og en av dem leder, stornemnda i henhold til fastsatt ordning. Medlemmene og varamedlemmer oppnevnes av departementet for fire år. Kongen kan gi regler om hvilke saker som skal behandles i stornemnd, og om myndighet til å avgjøre hvorvidt en sak som er brakt inn for behandling i stornemnda, skal antas til behandling.

Saker som ikke byr på vesentlige tvilsspørsmål, kan avgjøres av en leder alene. I slike saker kan nemnda også delegere vedtaksmyndighet til sekretariatet. Saker som kan avgjøres av en leder alene, er bl.a. klager der vilkårene for å omgjøre Utlendingsdirektoratets vedtak åpenbart må anses å foreligge, og klager som må anses grunnløse.

Nemnda bestemmer selv behandlingsformen, med unntak av saker som behandles etter annet ledd. Saker som behandles etter første eller annet ledd, avgjøres ved flertallsvedtak.

Utlendingen kan gis adgang til å møte personlig og uttale seg i sak som behandles etter første eller annet ledd. I asylsaker skal slik adgang som hovedregel gis. Utlendingens advokat eller en annen representant for utlendingen kan møte sammen med utlendingen. Også andre kan gis adgang til å møte og avgi uttalelse.

Forvaltningsloven kapittel IV til VI om saksforberedelse, vedtak og klage gjelder ikke for beslutninger om behandlingsform og personlig fremmøte.

Kongen kan gi regler om nemndas arbeidsform og om den nærmere behandlingen av sakene.

§ 42 fjerde ledd skal lyde:

I sak som nevnt i § 38 fjerde ledd har utlendingen rett til fritt rettsråd uten behovsprøving. I sak som nevnt i § 38a sjette ledd har utlending rett til fri sakførsel.

Nåværende fjerde ledd blir nytt femte ledd.

II

I lov 13. juni 1980 nr. 35 om fri rettshjelp gjøres følgende endringer:

§ 13 første ledd første punktum skal lyde:

I saker etter utlendingsloven har utlending rett til fritt rettsråd uten behovsprøving som bestemt i utlendingsloven § 42 tredje ledd og fjerde ledd første punktum.

§ 19 nr. 4 skal lyde:

4.

for utlending i tilfeller som nevnt i lov 24. juni 1988 nr. 64 om utlendingers adgang til riket og deres opphold her § 42 første ledd og fjerde ledd annet punktum.

III

Loven trer i kraft fra den tid Kongen bestemmer. Kongen kan bestemme at de enkelte bestemmelsene i loven trer i kraft til forskjellig tid.


Forskrift 4. august 2005 nr. 918 om endring i forskrift om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (Utlendingsloven)

Fastsatt av Kommunal- og regionaldepartementet 4. august 2005 med hjemmel i lov 24. juni 1988 nr. 64 om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingsloven) § 38 sjette ledd, § 38b annet ledd og § 59, jf. Kronprinsreg.res. av 29. april 2005 nr. 378.

I

I forskrift 21. desember 1990 nr. 1028 om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingsforskriften) gjøres følgende endringer:

§ 121 tredje ledd skal lyde:

Utlendingsdirektoratets vedtak kan påklages til Utlendingsnemnda, jf. lovens § 38 annet ledd.

Mellom § 132g og ny § 132h skal ny underoverskrift lyde:

Overprøving av vedtak, jf. lovens § 38

Ny § 132h skal lyde:

§ 132h. Saksbehandlingen i saker etter lovens § 38 fjerde ledd

Forvaltningsloven gjelder ved behandlingen av saker etter utlendingslovens § 38 fjerde ledd med mindre annet er fastsatt i forskriften her. Forvaltningslovens kapittel VI gjelder ikke.

Dersom departementet beslutter at Utlendingsdirektoratets vedtak skal overprøves, legges saken fram for direktoratet, som skal foreta de undersøkelser saken gir grunn til. Kommer Utlendingsdirektoratet til at vedtaket er ugyldig, kan direktoratet oppheve det og behandle saken på nytt. Dersom vilkårene for å overprøve vedtaket ikke er oppfylt, jf. utlendingslovens § 38 fjerde ledd, skal Utlendingsdirektoratet avvise saken.

Utlendingsdirektoratet skal varsle utlending som vedtaket er til gunst for snarest mulig, jf. likevel forvaltningslovens § 16 tredje ledd. Samtidig skal det settes frist for å gi uttalelse. Varsles utlendingen ved brev, skal kopi av grunngitt beslutning om overprøving vedlegges med mindre utlendingen etter forvaltningslovens § 19 kan nektes adgang til den.

Dersom Utlendingsdirektoratet ikke treffer avgjørelse som nevnt i annet ledd, skal sakens dokumenter sendes Utlendingsnemnda så snart saken er tilrettelagt. Dersom Utlendingsdirektoratet gir uttalelse til Utlendingsnemnda som utlendingen kan kreve å få se uten hinder av forvaltningslovens § 19, skal direktoratet sende kopi til utlendingen. Utlendingsdirektoratet skal også sende kopi av slik uttalelse til departementet.

Utlendingsnemnda skal påse at saken er så godt opplyst som mulig før vedtak treffes eller uttalelse om sakens prinsipielle sider gis, jf. § 132i. Utlendingsnemnda kan pålegge Utlendingsdirektoratet å foreta nærmere undersøkelser m.m.

Ny § 132i skal lyde:

§ 132i. Utlendingsnemndas kompetanse i saker etter lovens § 38 fjerde ledd

Dersom vilkårene for å behandle saken ikke er oppfylt, jf. utlendingslovens § 38 fjerde ledd, skal den nemndlederen som har saken, avvise saken. Utlendingsnemnda er ikke bundet av at Utlendingsdirektoratet har ansett vilkårene for å foreligge. Utlendingsnemndas vedtak om å avvise saken kan ikke påklages.

Tas saken under behandling, kan Utlendingsnemnda prøve alle sider av saken og herunder ta hensyn til nye omstendigheter.

Kommer Utlendingsnemnda til at Utlendingsdirektoratets vedtak er ugyldig, skal den oppheve vedtaket og sende saken tilbake til direktoratet for hel eller delvis ny behandling. Utlending som oppholder seg i riket på grunnlag av Utlendingsdirektoratets vedtak, har, med mindre særlige grunner taler mot det, rett til fortsatt opphold på tidligere vilkår fram til direktoratet fatter nytt vedtak i saken. Gyldige vedtak kan ikke oppheves eller endres, men Utlendingsnemnda kan avgi uttalelse om sakens prinsipielle sider.

Utlendingsnemndas vedtak etter tredje ledd første punktum kan ikke påklages.

§ 133 skal lyde:

§ 133. Krav til Utlendingsnemndas direktør og nemndledere

Utlendingsnemnda ledes av en direktør, jf. lovens § 38a annet ledd. Nemnda skal videre ha nemndledere. Direktørens arbeidsområde omfatter også funksjonen som nemndleder. Direktøren og nemndlederne må fylle kravene til dommere i domstolloven s § 53 første ledd og § 54 annet ledd. Direktøren beskikkes på åremål av Kongen i statsråd for seks år. Gjenoppnevning kan foretas for én periode. Nemndledere beskikkes på åremål av Kongen i statsråd for åtte år. Gjenoppnevning kan ikke foretas.

§ 134 første ledd første punktum skal lyde:

Nemnda skal ha nemndmedlemmer oppnevnt av Kongen i statsråd etter forslag fra Kommunal- og regionaldepartementet, Utenriksdepartementet, Norges Juristforbund og humanitære organisasjoner, jf. lovens § 38a fjerde ledd.

§ 135 oppheves.

§ 136 skal lyde:

§ 136. Nemndas møter. Taushetsplikt. Direktørens kompetanse

Nemndas møter foregår for lukkede dører, jf. lovens § 38a femte ledd. Nemndlederen kan gi adgang for andre enn klageren til å møte og avgi uttalelse, jf. § 142 femte ledd og lovens § 38b fjerde ledd. Dersom det fremkommer opplysninger for nemnda som det anses påkrevd at klageren får uttale seg om for å kunne ivareta sitt tarv på en forsvarlig måte, skal det gis anledning til det.

Enhver som deltar ved behandlingen av sak for nemnda, har taushetsplikt etter forvaltningsloven s §§ 13 til 13e. Overtredelse straffes etter straffeloven s § 121.

Direktøren kan gi interne generelle retningslinjer om behandlingen av enkeltsaker, skjønnsutøvelse mv., men kan ikke instruere i den enkelte sak.

§ 137 første punktum skal lyde:

Ved søksmål mot staten om lovmessigheten av Utlendingsnemndas vedtak etter utlendingsloven eller om erstatning som følge av slike vedtak, opptrer staten ved Utlendingsnemnda, jf. lovens § 38a sjuende ledd.

§ 138 skal lyde:

§ 138. Behandlingsform i Utlendingsnemnda

Nemnda bestemmer selv behandlingsformen for den enkelte sak, med unntak av saker som behandles etter lovens § 38b annet ledd, jf. lovens § 38b fjerde ledd. Når dette ikke fremgår av generelle retningslinjer, treffes beslutningen av en nemndleder.

Forvaltningsloven s kapittel IV til VI om saksforberedelse, vedtak og klage gjelder ikke for beslutninger om behandlingsform, jf. lovens § 38b sjette ledd.

§ 139 annet og tredje ledd skal lyde:

Sakene avgjøres ved flertallsvedtak, jf. lovens § 38b fjerde ledd annet punktum.

I asylsaker stemmes det først over om klageren skal gis asyl. Er det ikke flertall for dette, stemmes det over om klageren skal innvilges tillatelse. Dersom det er flertall for dette, stemmes det over oppholdsgrunnlaget, herunder om tillatelsen skal gis med begrensninger.

§ 140 første ledd første og annet punktum skal lyde:

En nemndleder alene kan avgjøre saker som ikke byr på vesentlige tvilsspørsmål, jf. lovens § 38b tredje ledd første punktum. I slike saker kan nemnda også delegere vedtaksmyndighet til sekretariatet, jf. lovens § 38b tredje ledd annet punktum.

§ 141 første og annet ledd skal lyde:

En nemndleder alene kan avgjøre anmodning om omgjøring av vedtak truffet av Utlendingsnemnda når det ikke er grunn til å anta at nemnda vil endre vedtaket, jf. lovens § 38b tredje ledd.

Under behandlingen av anmodning om omgjøring av vedtak truffet av Utlendingsnemnda kan en nemndleder alene beslutte at det ikke skal tas hensyn til opplysninger, dokumenter eller andre bevismidler som kunne ha vært gitt eller fremlagt under den tidligere behandlingen av saken, jf. lovens § 38b tredje ledd. Slik beslutning kan bare treffes når det ikke er grunn til å anta at nemnda vil endre vedtaket som følge av innholdet av bevismidlene.

Ny § 141a skal lyde:

§ 141a. Saker som behandles i stornemnd

Saker etter utlendingslovens § 38 fjerde ledd skal behandles i stornemnd.

Saker av prinsipiell betydning, saker med store samfunnsmessige eller økonomiske konsekvenser og saker på områder der det er tendenser til ulik praksis, kan behandles i stornemnd. Også anmodning om omgjøring av Utlendingsnemndas vedtak i saker som nevnt i første punktum kan behandles i stornemnd.

Departementet og Utlendingsdirektoratet kan kreve at en sak som nevnt i annet ledd behandles i stornemnd. Den nemndlederen som har fått tildelt en sak som nevnt i annet ledd kan be om at saken behandles i stornemnd. Ved anmodning om behandling i stornemnd fra en nemndleder skal direktøren i Utlendingsnemnda kontrollere at vilkårene for slik behandling er oppfylt. Krav eller anmodning om behandling i stornemnd skal begrunnes.

I saker der det er truffet vedtak i nemndmøte til ugunst for utlendingen, og nemndlederen mener at vedtaket er lovstridig, kan nemndlederen be om at saken behandles i stornemnd. Ved anmodning om behandling i stornemnd etter første punktum skal direktøren i Utlendingsnemnda kontrollere at vilkårene for slik behandling er oppfylt.

Ved behandling av saker i stornemnd deltar tre nemndledere og fire medlemmer. To av medlemmene trekkes ut blant dem som er oppnevnt etter forslag fra Kommunal- og regionaldepartementet, Utenriksdepartementet og Norges Juristforbund. De andre to trekkes ut blant dem som er oppnevnt etter forslag fra humanitære organisasjoner. § 139 annet til femte ledd gjelder tilsvarende. Vedtaket eller uttalelsen underskrives av lederen av stornemnda.

§ 142 skal lyde:

§ 142. Personlig fremmøte i nemndmøte

Nemnda kan gi utlendingen adgang til å møte personlig og uttale seg i sak som behandles etter lovens § 38b første eller annet ledd, jf. lovens § 38b femte ledd. Når det er besluttet at en sak skal behandles på denne måten, skal nemnda underrette utlendingen om dette og sette en frist for å gi skriftlig tilbakemelding på om utlendingen vil benytte seg av denne adgangen. Beslutning om personlig fremmøte treffes av en nemndleder.

Adgang til personlig fremmøte skal som hovedregel gis i saker der Utlendingsdirektoratet har truffet vedtak om

a)

avslag på søknad om asyl når det heller ikke er gitt tillatelse etter lovens § 8 annet ledd,

b)

avslag på søknad om familiegjenforening fremmet fra riket av asylsøkers familiemedlem som ikke selv har søkt asyl,

c)

avslag på søknad om avledet flyktningstatus, jf. lovens § 17 tredje ledd,

d)

at overføringsflyktning ikke gis status som flyktning, jf. lovens § 21 annet ledd,

e)

tilbakekall av innvilget asyl og i denne forbindelse tilbakekall og avslag på søknad om fornyelse av utlendingens arbeidstillatelse eller oppholdstillatelse, og tilbakekall og bortfall av bosettingstillatelse,

f)

tilbakekall og avslag på søknad om fornyelse av arbeidstillatelse eller oppholdstillatelse når første gangs tillatelse er gitt etter lovens § 8 annet ledd på grunnlag av søknad om asyl,

g)

tilbakekall og bortfall av bosettingstillatelse når første gangs tillatelse er gitt etter lovens § 8 annet ledd på grunnlag av søknad om asyl,

h)

utvisning av utlending som har påberopt seg vern mot forfølgelse etter lovens § 15.

Det kan gjøres unntak fra hovedregelen i annet ledd når utlendingens fremstilling av faktum er lagt til grunn, når det ikke er tvil om faktum og når nemnda anser det åpenbart at personlig fremmøte ikke vil ha betydning for avgjørelsen av saken.

Adgang til personlig fremmøte kan også gis i andre saker etter en konkret vurdering. Dette kan blant annet være aktuelt i saker om utvisning av utlending som har barn med fast bopel i Norge og selv har fast bopel her, og i saker om hvorvidt en kvinne omfattes av retten til ny tillatelse etter § 21 femte ledd, jf. § 37 sjette ledd.

Utlending som er gitt adgang til å møte, har rett til å møte sammen med advokat eller en annen representant, jf. lovens § 38b femte ledd.

Utlendingen skal avgi uttalelse og besvare eventuelle spørsmål fra nemnda. Han eller hun kan pålegges å gi opplysninger som kan ha betydning for vedtaket, jf. lovens § 44 annet ledd. Nemnda kan avskjære spørsmål og muntlige innlegg fra utlendingen, hans eller hennes advokat eller andre som er gitt adgang til personlig fremmøte, når disse ikke anses å ha betydning for saken. Utlendingen har ikke adgang til å være til stede under nemndas videre behandling av saken.

For å få saken så godt opplyst som mulig, kan nemnda innkalle andre til å møte personlig.

Saken skal som hovedregel utsettes dersom utlendingen har gyldig forfall. Som gyldig forfall regnes blant annet at underretning om tidspunktet for fremmøtet ikke er kommet frem til utlendingen, og omstendigheter som medfører at utlendingen ikke kunne ha møtt uten fare for helbred eller velferd eller uten å forsømme viktige og uoppsettelige forretninger eller plikter.

Forvaltningsloven s kapittel IV til VI gjelder ikke for beslutninger om personlig fremmøte, jf. lovens § 38b sjette ledd.

II

Endringene trer i kraft 9. september 2005.