Rundskriv H-31/04

Plikta til å omdanne interkommunale revisjonseiningar til selskap (kommuneloven § 81) blir oppheva

Kommunane
Fylkeskommunane
Fylkesmennene

Rundskriv H-31/04

Deres ref

Vår ref

Dato

04/4004 - JEM

17.12.2004

Plikta til å omdanne interkommunale revisjonseiningar til selskap (kommuneloven § 81) blir oppheva

Den tidlegare § 81 i kommuneloven påla interkommunale revisjonseiningar å omdanne seg til selskap innan 1. januar 2005. For dei revisjonseiningane dette gjaldt innebar bestemminga i praksis ei plikt til enten å organisere samarbeidet som eit interkommunalt selskap etter lov om interkommunale selskaper eller som eit aksjeselskap. Regjeringa gjorde i Ot.prp. nr. 11 (2004-2005) framlegg om at denne plikta blir oppheva. Stortinget slutta seg til dette i sitt vedtak av 17. desember 2004.

Bakgrunnen for opphevinga er uklarheitar knytt til lov om interkommunale selskaper og statsstøttereglane i EØS-avtala. Endringa inneber at interkommunale revisjonseiningar kan halde fram med dei organisasjonsformene som eksisterar i dag. Ordninga blir dermed den same som det som gjeld generelt for interkommunalt samarbeid, det vil seie at det ikkje er pålegg om å bruke ei bestemt organisasjonsform. For nærmare informasjon om lovendringa viser vi til Ot. prp. nr. 11 (2004-2005) og Inst. O. nr. 21 (2004-2005).

Med helsing

Eivind Dale e.f.
ekspedisjonssjef

Christine Hjortland
avdelingsdirektør