Rundskriv H-3/21 Kommuneproposisjonen 2022 og Revidert nasjonalbudsjett 2021

Dette rundskrivet orienterer om Stortinget si handsaming av Kommuneproposisjonen 2022 (Prop. 192 S (2020–2021)), jf. Innst. 660 S (2020–2021) frå kommunal- og forvaltningskomiteen. Samstundes med Kommuneproposisjonen 2022 la regjeringa fram Revidert nasjonalbudsjett 2021; Meld. St. 2 (2020–2021) og Prop. 195 S (2020-2021) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet for 2021, jf. Innst. 600 S (2020–2021) frå finanskomiteen.

1. Det økonomiske opplegget for kommunesektoren i 2022

Hovudtrekka i det økonomiske opplegget for kommunesektoren i 2022 er følgjande:

  • Realvekst i dei frie inntektene til kommunesektoren på mellom 2,0 og 2,4 mrd. kroner.
  • Kommunane får mellom 1,6 og 2,0 mrd. kroner av veksten i dei frie inntektene.
  • Fylkeskommunane får 400 mill. kroner i vekst i frie inntekter i 2022.
  • Realvekst i dei samla inntektene på om lag 1,7 til 2,6 mrd. kroner.
  • Stortinget vedtok ei samla skjønsramme på 1 372 mill. kroner, i tråd med framlegget i Kommuneproposisjonen 2022.

Inntektsveksten som er varsla i kommuneproposisjonen er rekna frå anslått inntektsnivå i 2021 i revidert nasjonalbudsjett 2021. Mellombelse tiltak, slik som koronatiltaka, er korrigert ut av veksten.

Regjeringa gjer endeleg framlegg til inntektsrammer for kommunesektoren i statsbudsjettet for 2022 (Prop. 1 S (2021–2022)). Statsbudsjettet 2022 blir lagt fram onsdag 13. oktober 2021.

2. Revidert nasjonalbudsjett 2021

2.1 Endringar i rammetilskotet til kommunar og fylkeskommunar i 2021

2.1.1 Innbyggjartilskotet til kommunane (kap. 571, post 60)

Koronapandemien

Det er vedtatt å auke innbyggjartilskotet med totalt 1 857 mill. kroner knytt til koronapandemien:

    • 1 milliard kroner er vedtatt for å kompensere for meirututgifter og mindreinntekter i kommunane som følgje av pandemien for 2. halvår 2021. Midlane blir fordelt etter innbyggjartal, og blir utbetalt med eit likt beløp over dei resterande terminutbetalingane.
    • 757 mill. kroner er vedtatt til vaksinasjon mot covid-19. Midlane blir fordelt etter innbyggjartal. Løyvinga kjem i tillegg til auken av rammetilskotet på 500 mill. kroner til vaksinering ved handsaminga av Prop. 79 S (2020-2021)
    • 100 mill. kroner er vedtatt til dekking av personellkostnader i relevante kommunar i samband med massetesting for covid-19. Midlane vil bli fordelt og utbetalt på eit seinare tidspunkt

Basistilskot til fastlegar (75 mill.)

Det er vedtatt 75 mill. kroner som kompensasjon for å auke basistilskotet under knekkpunktet frå 1. juli 2021, for å sørgje for rekruttering til og stabilitet i fastlegeordninga. Midlane blir fordelt etter delkostnadsnøkkelen for kommunehelse. Løyvinga på kap. 762, post 63 på Helse- og omsorgsdepartementets budsjett er redusert tilsvarande. Satsen under knekkpunktet blir auka frå 577 kroner til 610 kroner per capita. Satsen over knekkpunktet er vidareført på 499 kroner per capita. Kommunane vil bli kompensert for heilårseffekten i statsbudsjettet for 2022.

Kapitaltilskot private barnehagar (124,2 mill.)

Ved handsaminga av Prop. 1 S (2020–2021) vedtok Stortinget å vidareføre satsane for kapitaltilskotet til private barnehagar nominelt på same nivå i 2021 som i 2020, i utgangspunktet for første halvår 2021. Ved handsaminga av Prop. 195 S (2020–2021) har Stortinget vedtatt at satsane også skal vidareførast på 2020-nivå i andre halvår 2021. Som følgje av Stortinget sitt vedtak blir rammetilskotet til kommunane auka med 124,2 millionar kroner. Midlane blir fordelt etter delkostnadsnøkkelen for barnehagar.

Forsøk med statleg finansiering av omsorgstenestene (-129,5 mill.)

Forsøk med statleg finansiering av kommunale omsorgstenester er finansiert ved at deltakarkommunane får eit trekk i rammetilskotet, som blir overført til kap. 761, post 65 under Helse- og omsorgsdepartementet. I 2021 deltar kommunane Selbu, Stjørdal, Bjørnafjorden, Lillesand og Indre Østfold i forsøket. Forsøket blir utvida med kommunane Lyngdal, Lødingen, Froland og Enebakk frå 1. oktober 2021. Uttrekket for desse fire kommunane gjeld frå 1. oktober 2021 og blir gjort på bakgrunn av rekneskapstal for 2019. Berekning av uttrekket følgjer dei same prinsippa som gjeld for dei kommunane som allereie deltar i forsøket. Netto driftsutgifter for 2019 er justert for pris- og lønnsvekst samt anslått vekst i demografiutgiftene i perioden 2019–2021. Vidare er trekket redusert for Indre Østfold som følgje av oppretting av ein feil i grunnlagstala. Det er vedtatt å overføre 129,5 mill. kroner frå kap. 571, post 60 til kap. 761, post 65 på Helse- og omsorgsdepartementets budsjett.

 

2.1.2 Skjønstilskotet til kommunane (kap. 571, post 64)

Koronapandemien

Det er vedtatt å auke skjønsramma med 1,5 mrd. kroner for å kompensere for meirutgifter og mindreinntekter som følgje av pandemien for 2. halvår 2021. Statsforvaltarane har fått i oppdrag å rapportere inn til departementet meirutgifter for perioden frå  1. juli  til ut året som følgje av TISK-arbeidet og smittevern i kommunane i eige fylke.

Midlane blir utbetalt gjennom året .

Gjerdrum (125 mill.)

Leirskredet på Ask i Gjerdrum kommune 30. desember 2020 har ført til store meirkostnadar for kommunen, både til handteringa av den akutte krisesituasjonen men også til rekonstruksjonen av kommunal infrastruktur. Det er vedtatt å auke skjønstilskotet for 2021 med 125 mill. kroner for å kunne kompensere kommunen for slike meirkostnader. Kompensasjonen til kommunen vil først bli betalt ut når det ligg føre ein dokumentert søknad, og det vil på vanleg måte bli stilt som krav at kommunen må rapportere på bruken av midlane i ettertid.

2.1.3 Innbyggjartilskotet til fylkeskommunane (kap. 572, post 60)

Reduserte ferjetakstar (137,5 mill.)

Det er vedtatt å auke rammetilskotet med 137,5 mill. kroner, som skal leggje til rette for at ferjetakstane på fylkeskommunale ferjesamband kan bli redusert med 25 pst. i andre halvdel av 2021. Midlane er fordelt etter dei estimerte billettinntektene som blir brukt til å rekne ut kriteriet normerte ferjekostnader i kostnadsnøkkelen for fylkeskommunane.

FV353 Gassveien (75 mill.)

FV 353 Gassveien fekk ei tildeling på 75 mill. kroner i budsjettavtalen for 2021. Det er no vedtatt at desse midlane blir fordelt direkte til Vestfold og Telemark fylkeskommune. Kap. 572 post 60 blir derfor auka med 75 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på Kap. 1320 post 65. Det inneber samtidig at det vil vere fylkeskommunen som har ansvaret for bygging og finansiering av vegen.

2.1.4 Skjønstilskotet til fylkeskommunane (kap. 572, post 64)

Koronapandemien

Skjønstilskotet blir auka med 1 681 mill. kroner for å kompensere for meirutgifter og mindreinntekter som følgje av pandemien for 2. halvår 2021.

    • 1 531 mill. kroner skal gå med til å dekke tap som følgje av smitteverntiltak i den fylkeskommunale kollektivtransporten. Det meste av dette blir utbetalt no i juli, men om lag 230 mill. kroner blir betalt ut seinare.
    • 150 mill. kroner skal dekke meirutgifter i vidaregåande opplæring og tapte brukarinntekter i tannhelsetenesta.

3. Utbetaling av rammetilskot

Endringane i rammetilskotet som følgje av Stortinget si handsaming av revidert budsjett for 2021 blir utbetalte i terminutbetalinga 2. juli. Unntak frå dette er nemnt under kvar sak.

Med helsing

Thor Bernstrøm (e.f.)
avdelingsdirektør

Hina Ilyas
seniorrådgjevar

Vedlegg: