Rundskriv H-5/22 Merknader til forskrift om gjennomføring av deling av Ålesund kommune
Rundskriv | Dato: 05.10.2022 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Nr: H-5/22
Rundskrivet omtalar reglane i forskrift 3. oktober 2022 nr. 1692 om gjennomføring av deling av Ålesund kommune.
Forskrift:
Generelt om tildeling av kompetanse og intern delegering
Forskrifta følgjer kommuneloven sitt system for tildeling av kompetanse og intern delegering. Det følgjer av kommuneloven § 5-3 andre ledd at kommunestyret treffer vedtak på vegner av kommunen, om ikkje anna følgjer av lov. Når kompetansen etter lova er lagd til «kommunen», vil kompetansen som utgangspunkt liggje til kommunestyret, som det øvste organet i kommunen. Det går fram av kommuneloven § 5-3 tredje ledd at kommunestyret kan delegere kompetanse til å gjere vedtak til andre folkevalgde organ, ordføraren eller kommunedirektøren innanfor rammene av kommuneloven eller annan lov. Kommuneloven har fleire føresegner som uttrykkeleg og konkret opnar for delegering. Det følgjer også av ei rekkje føresegner at kommunestyret sjølv skal avgjere ei sak. I slike tilfelle kan ikkje kommunestyret delegere sin kompetanse til andre.
Der forskrifta legg kompetanse til «kommunen», vil kompetansen i utgangspunktet liggje til kommunestyret. Kommunestyret kan sjølv velje å delegere kompetansen vidare, i samsvar med reglane i kommuneloven i § 5-3. Der kompetansen er lagd til «kommunestyret sjølv» kan ikkje kompetansen delegerast til andre. Ei slik delegeringssperre er tatt inn i forskrifta for oppgåver som etter kommuneloven er lagd til «kommunestyret sjølv». Det omfattar føresegner om val av revisor, etablering av interkommunale samarbeid, val av parlamentarisk styreform og vedtak om økonomiplan, årsbudsjett og rekneskap. Det er i tillegg tatt inn ei delegeringssperre for vedtak om førebels fordeling av eigedelar, gjeld og eigenkapital. Departementet meiner det er naudsynt med delegeringssperre for slike avgjerder, fordi dette er avgjerder som er viktige for dei nye kommunane.
Forskrifta § 6 om tilsetjing av kommunedirektør og anna nøkkelpersonell gjer eit unntak frå dette systemet. Her er kompetansen lagd til «kommunestyret», med opning for delegering kun til andre folkevalgde organ. Dette er gjort for å tydeleggjøre at kompetansen berre kan delegerast til andre folkevalgde organ, og ikkje til ordføraren eller kommunedirektøren, i samsvar med kommuneloven § 5-3 tredje ledd. Departementet meiner det vil vere uheldig, og ikkje samsvare med systemet i kommuneloven, om kommunedirektøren eller ordføraren kan tilsetje nye kommunedirektørar for dei to nye kommunane. Av praktiske omsyn har vi likevel opna for at kommunestyret kan delegere kompetansen til andre folkevalgde organ, for eksempel til eit utval som er oppretta etter kommuneloven § 5-7.
Merknader til dei enkelte føresegna i forskrifta
Til § 1. Verkeområde
I første ledd går det fram kva som er verkeområdet til forskrifta. Forskrifta regulerer gjennomføringa av delinga av Ålesund kommune. Sjølve delinga blei vedtatt av Stortinget 14. juni 2022. Med «gjennomføring» meiner vi i utgangspunktet perioden mellom tidspunktet for vedtaket 14. juni 2022 og sjølve ikraftsetjinga av delinga 1. januar 2024, sjå Ot.prp.nr.41 (2000–2001) s. 49. Einskilde forhold som er regulerte i denne forskrifta gjeld likevel utover tidspunktet for ikraftsetjinga. Det gjeld mellom anna unntak frå fristar i lov.
I andre og tredje ledd er det tatt inn definisjonar av «noverande Ålesund kommune», «nye Ålesund kommune» og «Haram kommune». Dette er berre gjort for å tydeleggjere kva kommunar forskrifta til ei kvar tid referer til.
Til § 2. Kommunenamn
Namna på dei to nye kommunane er fastsette på bakgrunn av vedtak frå kommunestyret i noverande Ålesund kommune.
Til § 3. Tal på medlemer i dei nye kommunestyra
Tal på medlemer i dei to nye kommunestyra er fastsette på bakgrunn av vedtak frå kommunestyret i noverande Ålesund kommune.
Til § 4. Innkalling til konstituerande møte
Føresegna svarer til inndelingslova § 27 første ledd, som gjeld ved samanslåing og deling etter inndelingslova § 3 andre ledd bokstav b. Det er gjort einskilde tilpassingar for deling etter inndelingslova § 3 andre ledd bokstav a, som er heimelen for delinga av Ålesund kommune. Forskrifta § 4 slår fast at det er ordførar i noverande Ålesund kommune som skal kalle inn til og leie dei konstituerande møta fram til nye ordførarar er valde.
Departementet anbefaler at dei to konstituerande møta i dei nye kommunane blir gjennomført tett opp til kvarande i tid. Grunnen til det er at ansvaret og fullmaktene til noverande Ålesund kommune ikkje er avgrensa etter forskrifta § 5, før begge kommunestyra er konstituerte. Det bør derfor vere kort tid mellom dei konstituerande møta.
Til § 5. Funksjonsperiode og fullmakter
Føresegna svarer til inndelingslova § 27 andre ledd, som gjeld ved samanslåing og deling etter § 3 andre ledd bokstav b. Det er gjort einskilde tilpassingar for deling etter § 3 andre ledd bokstav a, som er heimelen for delinga av Ålesund kommune.
Nytt kommunestyre kan berre gjere vedtak som gjeld den nye kommunen. Avgjerdene som er tatt av nytt kommunestyre vil i utgangspunktet ikkje ha rettsverknad overfor den eksisterande kommunen og vil i hovudsak ikkje ha formell verknad/kunne bli effektuert før etter at den nye kommunen formelt trer i kraft 1. januar 2024.
Dei nye kommunestyra kan, frå og med dei konstituerande møta, gjere vedtak om politisk og administrativ organisering. Det bør leggjast opp til at dei nyvalde kommunestyra gjennomfører møte både i november og desember 2023 for å gjere alle vedtak som er nødvendig for at den nye kommunen skal vere operativ frå 1. januar 2024. Dei nye kommunestyra skal gjere vedtak om økonomiplan og årsbudsjett før årsskiftet, i samsvar med kommuneloven § 14-3 første ledd, jf. forskrifta § 14.
Funksjonsperioden til kommunestyret i noverande Ålesund kommune blir forlenga ut over valperioden og fram til ikraftsetjinga av dei nye kommunane 1. januar 2024. Etter at kommunestyra i dei nye kommunane er konstituerte og fram til 31. desember 2023, blir ansvaret og fullmaktene til kommunestyret i noverande Ålesund kommune avgrensa til det som er nødvendig for å avslutte verksemda i den noverande kommunen. Kva avgjerder som vil vere nødvendige, må den noverande kommunen vurdere konkret.
Avgrensinga av kompetansen til det som er «nødvendig for å avslutte verksemda» i den noverande kommunen, svarer til formuleringa i inndelingslova § 27 andre ledd siste setning. Departementet har i tolkingsfråsegn 19. november 2018 og 28. juni 2019 gitt uttrykk for korleis føresegna i inndelingslova § 27 andre ledd siste setning er å forstå, og desse tolkingsfråsegna vil òg vere relevante for forståing av forskrifta § 5. Tolkingsfråsegna seier også noko om kva vedtak dei nye kommunestyra kan gjere etter at dei er konstituerte. Tolkingsfråsegna ligg på regjeringen.no.
Funksjonsperioden for andre organ i kommunen vil ha ei tilsvarande avgrensing, både når det gjeld funksjonsperiode og fullmakter. Dette følgjer av at kommunestyret som øvste organ i kommunen har fått kompetansen sin avgrensa etter denne føresegna. Til dømes vil kontrollutvalet i noverande Ålesund kommune vere i funksjon fram til 31. desember 2023, og kontrollverksemda deira vil berre omfatte noverande Ålesund kommune.
Til § 6. Tilsetjing av kommunedirektør og anna nøkkelpersonell
Administrasjonane i dei nye kommunane bør, i så stor grad som mogleg, vere operative frå det nye kommunestyret er konstituert og til ikraftsetjinga av dei nye kommunane, for i størst mogleg grad å kunne førebu ikraftsetjinga av dei nye kommunane 1. januar 2024. Noverande Ålesund kommune får fullmakt til å tilsetje kommunedirektørar og anna nøkkelpersonell for dei nye kommunane. Med «nøkkelpersonell» er meint dei tilsetjingane som er nødvendige for å sikre at dei nye kommunane blir operative så raskt som mogleg etter delinga. Det kan til dømes vere tilsetjing av toppleiinga i dei nye kommunane, men også anna personale kan vere nødvendig å få på plass før dei nye kommunestyra er konstituerte.
Etter at dei nye kommunestyra er konstituerte, har den nye kommunedirektøren ansvar og kompetanse etter kommuneloven § 13-1. Det inneber at kommunedirektøren skal leie administrasjonen i den nye kommunen. Kommunedirektøren vil også ha personalansvar og kompetanse til å tilsetje personale i tida etter at dei nye kommunestyra er konstituerte og fram til ikraftsetjinga av den nye kommunen, sjå § 13-1 sjuande ledd.
Utgifter til lønn til nye kommunedirektørar og anna nøkkelpersonell for dei nye kommunane som kjem til i 2023, skal den noverande kommunen føre i sitt årsrekneskap for 2023 i samsvar med anordningsprinsippet, jf. kommuneloven § 14-6. Det same gjeld godtgjeringar for folkevalde i folkevalde organ for dei nye kommunane og andre utgifter knytt til delinga og nye kommunar som kjem til i 2023. Den noverande kommunen handsamar sjølv behovet for å halde oversikt over utgiftene gjennom å bruke ansvars- eller prosjektdimensjonar eller liknande i internkontoplanen.
I samsvar med kommuneloven § 13-1 første ledd er kompetansen til å tilsetje kommunedirektør i forskrifta § 6 første ledd lagt til kommunestyret i noverande Ålesund kommune. Av praktiske omsyn er det likevel opna for at kommunestyret kan delegere denne kompetansen til andre folkevalde organ, til dømes til eit utval etter kommuneloven § 5-7. Kompetansen til å tilsetje kommunedirektørar for dei nye kommunane kan ikkje delegerast til noverande kommunedirektør eller ordføraren.
Kompetansen til å tilsetje anna nøkkelpersonell i andre ledd i forskrifta er lagt til kommunen, og denne kompetansen kan dermed delegerast i tråd med kommuneloven § 5-3 tredje ledd. Det inneber at kommunestyret kan delegere kompetansen til kommunedirektøren, som kan delegere denne vidare til andre i administrasjonen, til dømes ein prosjektleiar, så lenge ikkje kommunestyret har bestemt noko anna.
Til § 7. Val av revisor og sekretariat for kontrollutval
Føresegna regulerer ansvaret for å velje revisorordning, revisor og sekretariat for kontrollutvalet for dei nye kommunane.
Valet av revisorordning, revisor og sekretariat er lagt til kommunestyret i noverande kommune, slik at valet kan skje før kommunestyra og kontrollutvala i dei nye kommunane er konstituerte. Dermed er det sikra at revisor og sekretariat er på plass ved de konstituerande møta. Kontrollutvalet i noverande kommune innstiller til vedtak.
At det er kommunestyret sjølv som vel revisorordning, revisor og sekretariat for kontrollutval etter innstilling frå kontrollutvalet, er i samsvar med reglane i kommuneloven § 24-1 første, andre og tredje ledd og § 23-7 sjette ledd.
Til § 8. Verksemdoverdraging
I brev frå Kommunal- og distriktsdepartementet til Ålesund kommune 12. mai 2022 går det fram at Kommunal- og distriktsdepartementet, i samråd med Arbeids- og inkluderingsdepartementet, vurderer det slik at reglane om overdraging av verksemd i arbeidsmiljøloven kapittel 16 vil gjelde der det skjer ei overdraging av verksemd som følgje av deling av kommunar. Føresegna er tatt inn av pedagogiske årsaker, for å tydeleggjere at desse reglane gjeld.
Til § 9. Inngåing av nødvendige avtaler
For at dei nye kommunane skal vere operative så raskt som mogleg etter ikraftsetjinga 1. januar 2024, kan det vere nødvendig at einskilde avtaler er inngått før dei nye kommunestyra er konstituerte og sjølv kan inngå avtaler for dei nye kommunane. Noverande Ålesund kommune får derfor heimel til å inngå nødvendige avtaler på vegner av dei nye kommunane fram til tidspunktet for dei konstituerande møta.
Det må gjerast ei konkret vurdering av kva som kan vere å sjå som «nødvendige avtaler», og departementet stiller ikkje opp ei uttømmande liste over kva avtaler føresegna gjeld.
Døme på nødvendige avtaler er avtaler om sakshandsamingssystem, IKT-løysingar, arkiv, leie av kontorlokale/bygg, innkjøp av utstyr og andre anskaffingar o.l., som må fungere eller setjast i verk frå 1. januar 2024.
Det må vere tale om avtaler som det ikkje er mogleg å vente med å inngå til dei nye kommunestyra er konstituerte, til dømes fordi det etter inngåing av avtala er behov for meir tid til å forberede og implementere system og løysingar eller liknande. Dersom det av praktiske og tidsmessige grunnar er mogleg for dei nye kommunane å inngå dei aktuelle avtalene etter at kommunestyra er konstituerte hausten 2023, så vil ikkje noverande Ålesund kommune ha heimel etter § 9 til å inngå desse avtalene på vegner av dei nye kommunane. I slike tilfelle kan likevel noverande Ålesund kommune gjere det forberedande arbeidet med avtalene, slik at dei nye kommunestyra kan handsame dei så raskt som mogleg etter at dei er konstituerte.
Kommunestyret i noverande Ålesund kommune kan delegere kompetansen etter § 9 i samsvar med kommuneloven § 5-3.
Til § 10. Interkommunale samarbeid
På same måte som for avtaler etter § 9, kan det vere nødvendig at einskilde nye interkommunale samarbeid er etablert før dei nye kommunestyra er konstituerte og sjølv kan etablere slike samarbeid for dei nye kommunane.
I første ledd får kommunestyret i noverande Ålesund kommune heimel til å etablere nye nødvendige interkommunale samarbeid på vegner av dei nye kommunane fram til tidspunktet for dei konstituerande møta. Det inneber òg å vedta ei samarbeidsavtale for samarbeidet, jf. kommuneloven §§ 18-4, 19-4 og 20-4, eller ei selskapsavtale, jf. lov om interkommunale selskap § 4.
Det må gjerast ei konkret vurdering av kva som kan vere å rekne som «nødvendige interkommunale samarbeid», og departementet stiller ikkje opp ei uttømmande liste over kva samarbeid føresegna gjeld for. Døme på nødvendige interkommunale samarbeid er samarbeid om IKT-løysingar, arkiv, einskilde kommunale tenester o.l. som må fungere eller setjast i verk frå 1. januar 2024. Det kan òg vere nødvendig å etablere interkommunale samarbeid om revisjon, jf. § 7.
Det må vere tale om interkommunale samarbeid som det ikkje er mogleg å vente med å etablere til dei nye kommunestyra er konstituerte, til dømes fordi det etter inngåing av avtalane er behov for meir tid til å forberede og implementere samarbeida. Dersom det av praktiske og tidsmessige årsaker er mogleg for dei nye kommunane å inngå dei aktuelle samarbeida etter at dei nye kommunestyra er konstituerte hausten 2023, så vil ikkje noverande Ålesund kommune ha heimel etter § 10 til å etablere desse samarbeida på vegner av dei nye kommunane. I slike tilfelle kan likevel noverande Ålesund kommune gjere det forberedande arbeidet, slik at dei nye kommunestyra kan handsame aktuelle samarbeid så raskt som mogleg etter at dei er konstituerte.
I andre ledd blir det gjort klart at noverande Ålesund kommune kan vedta endringar i samarbeids- og selskapsavtaler for eksisterande interkommunale samarbeid, jf. kommuneloven §§ 18-4, 19-4 og 20-4 og IKS-loven § 4, på vegner av dei nye kommunane. Dermed vil dei nye deltakarforholda som følgje av delinga bli gjort synleg i eigar- og ansvarsfordelinga. Ei slik endring i samarbeids- eller selskapsavtala kan gjerast med verknad frå 1. januar 2024. Departementet har tidlegare lagt til grunn at lovverket ikkje er til hinder for at noverande kommunestyre kan vedta slike endringar i avtala før grenseendringa trer i kraft, ettersom det nye kommunestyret får høve til å vurdere deltaking på nytt etter at grenseendringa er gjennomført, jf. inndelingslova § 16 (i brev sendt frå dåverande Kommunal- og moderniseringsdepartementet til dåverande Aust-Agder fylkeskommune 29. januar 2019 (saksnummer 19/449)). Forskrifta § 10 inneber ei klargjering av denne tolkinga.
Vedtak om endringar i avtala kan òg gjerast av dei nye kommunane etter ikraftsetjinga. Inndelingslova § 16 byggjer på ein føresetnad om at eigardelane i eit interkommunalt samarbeid blir ført vidare i dei nye kommunane, sjølv om deltakarane ikkje har vedtatt endringar i selskaps- eller samarbeidsavtala før grenseendringa trer i kraft. Dette samsvarar med det ulovfesta kontinuitetsprinsippet i kontraktsretten. Det er derfor ikkje eit krav om å gjere endringar av avtala før grenseendringa blir gjennomført. Det vil likevel vere føremålstenleg at eventuelle endringar blir gjort i forkant slik at samarbeids- eller selskapsavtala speglar det reelle eigarforholdet i det interkommunale samarbeidet frå første dag etter delinga. Det vil sikre avklaring av dei nye kommunane sine eigar- og ansvarsforhold i samarbeida innan delinga blir sett i kraft.
Dersom dei nye kommunane ikkje ønskjer å halde fram som deltakar i eit interkommunalt samarbeid, som er etablert eller ført vidare i samsvar med forskrifta § 10, kan deltakarforholdet bli sagt opp innan eitt år frå iverksetjinga av delinga, med ein frist på seks månadar, jf. inndelingslova § 16. Kvar av partane i samarbeidet kan innan den same fristen krevje at vedtektene for samarbeidet eller selskapsavtala blir vurderte på nytt. Fristane etter inndelingslova går framfor ei eventuell avtaleregulert bindingstid, og gjeld frå ikraftsetjinga av delinga. Før dette tidspunktet gjeld dei alminnelege reglane etter kommuneloven og IKS-loven.
Kompetansen til å etablere interkommunale samarbeid og vedta samarbeidsavtale etter kommuneloven kapittel 18, 19 og 20 er lagt til kommunestyret sjølv. Det same gjeld kompetansen til å vedta selskapsavtale for interkommunale selskap etter lov om interkommunale selskap § 4. Det same gjeld etter forskrifta § 10. Kompetansen er lagt til kommunestyret i noverande Ålesund kommune sjølv, og kan ikkje delegerast.
Elles gjeld reglane i kommuneloven kapittel 17-20 og i IKS-loven.
Til § 11. Parlamentarisk styreform
Av kommuneloven § 10-1 følgjer at kommunestyret sjølv vedtar om parlamentarisk styreform skal innførast i kommunen. For at eit kommunestyre skal kunne gjere eit slikt vedtak, må det førre kommunestyret ha votert over eit forslag om å innføre parlamentarisk styreform før 1. januar i siste år av valperioden. Vidare må ei ny styreform vere vedtatt og sett i verk seinast 1. januar i det andre heile året av valperioden.
Departementet vurderer at dei nye kommunestyra bør stå fritt til sjølv å kunne ta stilling til og vedta parlamentarisk styreform for dei nye kommunane i det konstituerande møtet, utan å vere avhengig av ei forutgåande handsaming i noverande kommunestyre. Departementet gjer derfor unntak frå kravet om forutgåande handsaming for å vareta dette. Elles gjeld reglane i kommuneloven § 10-1.
Til § 12. Vedtekter og forskrifter
Føresegna svarer til inndelingslova § 13 første ledd. Lokale forskrifter og vedtekter som gjeld for noverande Ålesund kommune, vil framleis gjelde for dei aktuelle områda i nye Ålesund og Haram kommunar, inntil dei nye kommunane vedtar nye forskrifter. Det betyr at dei nye kommunane aktivt må fastsetje nye forskrifter og vedtekter for sin kommune. Dersom dei nye kommunane ønskjer å behalde dei tidlegare vedtektene og forskriftene, må forskriftene bli vedtatt på nytt med nytt kommunenamn og oppdatert verkeområde. Forskrifter dei nye kommunane vedtar skal kunngjerast i Norsk Lovtidend, jf. forvaltningsloven § 38.
Departementet kan fastsetje ein nærare frist for når det lokale regelverket må vere vurdert med sikte på nødvendig endring, jf. inndelingslova § 13 første ledd. Det følgjer av Ot.prp. nr. 41 (2000–2001) s. 44 at tilpassing av lokalt regelverk som hovudregel bør gjerast i løpet av det første året etter at samanslåinga er sett i verk. Det same må gjelde ved deling, og departementet har sett ein frist til 1. januar 2025 for å fastsetje nye vedtekter og forskrifter.
Dersom dei nye kommunane ikkje vedtar nye forskrifter eller vedtekter innan den fastsette fristen, vil ikkje dei tidlegare forskriftene eller vedtektene automatisk tre ut av kraft. Dei aktuelle forskriftene og vedtektene vil framleis gjelde. Departementet oppmodar kommunane til å gå gjennom forskrifter og vedtekter innan fristen, slik at desse kan bli oppdaterte og tilpassa den nye kommunen.
Til § 13. Kommunale planar mv.
Føresegna slår fast at kommunal planstrategi og kommuneplan som er fastsette av noverande Ålesund kommune etter plan- og bygningsloven (pbl.) kapittel 10 og 11 vil gjelde inntil dei nye kommunane vedtar nye planstrategiar og kommuneplanar. Vidare gjeld kommunedelplanar etter kapittel 11 inntil dei blir oppheva eller dei nye kommunane vedtar nye planar for dei aktuelle områda eller temaa. Reguleringsplanar etter kapittel 12 gjeld inntil dei blir oppheva. Vedtak i dei nye kommunane må vere i samsvar med gjeldande reglar i plan- og bygningsloven. Det inneber mellom anna at kommunestyret i dei nye kommunane må utarbeide og vedta ein (ny) kommunal planstrategi seinast innan eitt år etter at dei nye kommunestyra er konstituerte, jf. pbl. § 10-1 første ledd.
Til § 14. Økonomiplan og årsbudsjett
Føresegna regulerer ansvaret for å utarbeide og handsame økonomiplanen og årsbudsjettet til dei nye kommunane.
Første ledd slår fast at det er noverande kommune som har ansvaret for å vareta det førebuande arbeidet med økonomiplan og årsbudsjett til dei nye kommunane. Det førebuande arbeidet inneber å leggje til rette for at formannskapa/kommuneråda og kommunestyra i dei nye kommunane kan handsame og vedta økonomiplanar og årsbudsjett som tilfredsstiller kommunelovens krav. Noverande kommune avgjer sjølv korleis det førebuande arbeidet skal organiserast, administrativt og politisk. Kontrollutvalet i noverande Ålesund kommune skal utarbeide budsjettforslag for kontrollarbeidet for dei to nye kommunane, i samsvar med reglane i forskrift om kontrollutval og revisjon § 2.
Andre ledd første punktum presiserer at det er formannskapet i dei nye kommunane som har innstillingsretten til vedtak om økonomiplan og årsbudsjett i sin kommune. Dette svarer til føresegnene i kommuneloven § 14-3 tredje ledd første og tredje punktum.
Andre punktum slår fast at noverande kommune også har ansvaret for å leggje innstillinga frå formannskapet ut til alminneleg ettersyn.
Tredje ledd presiserer at det er kommunestyret i dei nye kommunane som skal vedta økonomiplanen og årsbudsjettet i sin kommune. Dette svarer til føresegnene i kommuneloven § 14-2 bokstav a. Vedtaka må gjerast før årsskiftet i samsvar med kommuneloven § 14-3 første ledd.
Til § 15. Førebels fordeling av eigedelar, gjeld og eigenkapital
Føresegna gir kommunestyret i noverande kommune ansvar for å fastsetje ei førebels fordeling av eigedelar, gjeld og eigenkapital mellom dei nye kommunane, før det eventuelt blir inngått ei avtale om økonomisk oppgjer etter inndelingslova § 18. Hensikta er å etablere eit grunnlag for utarbeiding av økonomiplan og årsbudsjett for dei nye kommunane, og sikre at betalingsplikter som gjeld den noverande kommunen blir innfridd også frå delingstidspunktet 1. januar 2024.
Første ledd slår fast at kommunestyret i noverande Ålesund kommune skal fastsetje ei førebels fordeling av bokførte eigedelar, gjeld og eigenkapital frå noverande Ålesund kommune til dei nye kommunane. Denne fordelinga skal vere eit grunnlag og gi utgangspunkt for det førebuande arbeidet/utarbeidinga av økonomiplanane og årsbudsjetta til dei nye kommunane, jf. forskrifta § 14. Denne fordelinga er ikkje bindande for det økonomiske oppgjeret som skal gjerast mellom dei to nye kommunane etter inndelingslova § 18. Det er dei to nye kommunane som er avtalepartar når det gjeld det økonomiske oppgjeret, og desse vil ha full avtalefridom om oppgjeret, jf. inndelingslova § 18. Departementet viser også til at det er dei nye kommunestyra som har kompetansen til å vedta budsjettet etter kommuneloven § 14-2. Det følgjer av dette at dei nye kommunestyra, også ved vedtak om økonomiplan og årsbudsjett, ikkje er bunde av den førebelse fordelinga som noverande kommunestyre har fastsett.
Andre ledd slår fast at kommunestyret i noverande Ålesund kommune skal fastsette kven som frå og med 1. januar 2024 har ansvaret for å dekkje faste betalingsplikter knytt til noverande kommune. Dette skal sikre at betalingsplikter blir innfridd, fram til det økonomiske oppgjeret er gjennomført og pliktene er endeleg overtatt av dei nye kommunane. Døme på slike plikter er fakturaer og renter og avdrag på lån som ikkje er betalte. Fordelinga av betalingsansvaret er ikkje bindande for det økonomiske oppgjeret som skal gjerast etter inndelingslova § 18.
Til § 16. Årsrekneskap og årsmeldingar for noverande kommune
Føresegna regulerer ansvaret for utarbeidinga og handsaminga av årsrekneskapane og årsmeldingane for 2023 for noverande Ålesund kommune.
Første ledd inneber at kommunestyret i noverande Ålesund kommune skal avgjere kven som har ansvaret for å utarbeide og leggje fram årsrekneskapane og årsmeldingane til noverande kommune. Dersom noverande Ålesund kommune har eit kommunalt føretak som skal bli ført vidare ved delinga, vil det framleis vere styret i føretaket som legg fram årsrekneskap og årsmelding for føretaket, jf. kommuneloven § 9-8 fjerde ledd.
Andre ledd inneber at formannskapet, eventuelt kommunerådet, i både nye Ålesund kommune og nye Haram kommune skal innstille til vedtak etter kommuneloven § 14-3 tredje ledd første og tredje punktum. Både kontrollutvalet i nye Ålesund kommune og nye Haram kommune skal uttale seg før innstillinga etter kommuneloven § 14-3 tredje ledd andre punktum. Tredje ledd inneber at årsrekneskapane og årsmeldingane til noverande kommune må bli vedtatt av kommunestyret i begge dei nye kommunane.
Dei nye kommunane skal etter fjerde ledd sende over årsrekneskapane og årsmeldingane med tilhøyrande dokument til departementet (statsforvaltaren) i samsvar med kommuneloven § 14-3 femte ledd.
Det kan vere behov for å avklare kven som skal vere rekneskapsrevisor for årsrekneskapane og årsmeldingane for 2023 og gjennomføre den forenkla rekneskapsrevisjonen. Femte ledd legg kompetansen til å avgjere dette til kommunestyret i noverande Ålesund kommune. Viss kommunestyret vel ein annan revisorordning for rekneskapsrevisjonen enn den revisorordning som no gjeld for noverande Ålesund kommune, skal slikt vedtak treffast etter innstilling frå kontrollutvalet i noverande Ålesund kommune, jf. kommuneloven § 24-1.
Til § 17. Eigedomsskatt
Første ledd gjer unntak frå eigedomsskattelova § 13 første ledd første punktum om at skatten ikkje må vere større enn kr 1 av kvart kr 1 000 av takstverdet første året det blir utskriven eigedomsskatt i ein kommune. Ettersom noverande Ålesund kommune har innført eigedomsskatt, vil ikkje omsynet til å skjerme eigedomsskattepliktige mot raske og store skatteaukingar gjere seg gjeldande (jf. Prop. 1 LS (2017–2018) pkt. 7.3). Dei to nye kommunane kan etter føresegna i forskrifta § 17 skrive ut ein skattesats som byggjer på gjeldande skattesats for 2023 i noverande Ålesund kommune det første året etter delinga, utan å vere bunden av eigedomsskattelova § 13. Dette er i samsvar med innspel frå Ålesund kommune.
Andre ledd slår fast at den utvida fristen i eigedomsskattelova § 14 andre ledd tredje punktum for avslutning av allmenn taksering og utskriving det første året det blir skriven ut eigedomsskatt gjeld for dei to nye kommunane. Det inneber at allmenn taksering og utskriving må vere avslutta innan utgangen av juni det første året. Dette vil gi dei to nye kommunane meir tid til taksering og etablering av system og rutinar for gjennomføring av utskrivinga første gongen dei skriv ut eigedomsskatt. Føresegna er i samsvar med innspel frå Ålesund kommune.
Til § 18. Dokumentforvalting og arkivansvar
Departementet viser til forarbeid til inndelingslova (Ot.prp.nr.41 (2000–2001) s. 77) der det i merknaden til § 17 går fram:
«Det er også nødvendig at det blir teke stilling til om det i samband med grenseendringar bør setjast i verk særlege tiltak for å sikre at arkivmateriale i dei opphavlege kommunar og/eller fylkeskommunar blir behandla på ein forsvarleg måte. Særleg ved deling og grensejusteringar vil det bli spørsmål om kor ansvaret skal plasserast og korleis arkivmaterialet skal behandlast for ettertida».
Arkivregelverket har ikkje føresegner som direkte regulerer problemstillingar knytt til dokumentforvalting og arkiv som kan oppstå ved deling av kommunar. Deling av kommunar kan reise fleire spørsmål: Bør deling av arkiv og saksområdet skje i medhald av geografiske kriterium, kva skal skje med dei delane av arkivet som ikkje naturleg finn sin plass hos nokon av dei nye einingane og kven som skal forvalte dette – skal det opprettast ei fellesteneste eller skal ansvaret leggjast til og varetakast av ein av dei nye kommunane på vegner av alle, korleis skal eit slikt samarbeid organiserast osv.
Det er vesentleg at arkivfaglege prinsipp blir varetatt og at prosessen går føre seg på ein arkivfagleg forsvarleg måte som også varetar omsynet til effektiv drift og dokumentforvalting.
Føresegna gir noverande kommune eit stort handlingsrom og ansvar for å finne føremålstenlege måtar å handtera dette på, etter samråd med Riksarkivaren. Riksarkivaren har eit ansvar for å rettleie offentlege organ i arkivarbeidet. Medverking frå Riksarkivaren vil bidra til å sikre ein arkivfagleg og forsvarleg prosess og god samordning samt felles og einskapleg praksis på dette området.
Til § 19. Kommunevåpen og kommuneflagg
Etter kommuneloven § 3-2 første ledd er det kommunestyret sjølv som fattar vedtak om kommunevåpen og kommuneflagg. Departementet vurderer, mellom anna på bakgrunn av innspel frå fylkeskommunane og Ålesund kommune, at det er behov for at noverande Ålesund kommunestyre kan fatte vedtak om kommunevåpen og kommuneflagg for dei nye kommunane. Endring av kommunevåpen og kommuneflagg vil innebere eit omfattande og tidkrevjande arbeid med oppdatering av grafisk profil, skilting m.m., og departementet vurderer at det blir for seint å starte opp dette arbeidet etter at dei nye kommunestyra er konstituerte. Kompetansen til å fatte vedtak om kommunevåpen og kommuneflagg kan ikkje delegerast.
Til § 20. Forliksråd
Etter domstolloven § 27 første ledd skal det vere eit forliksråd i kvar kommune. Kommunestyret sjølv vel medlemer av forliksrådet med varamedlemer, jf. domstolloven § 57 første ledd. Valet finn stad innan 15. oktober året etter kvart kommunestyreval og gjeld for fire år frå 1. januar det påfølgjande år. Valet skal følgje reglane i kommuneloven §§ 7-4 til 7-8, men med enkelte avvik etter domstolloven §§ 27 og 57. Retningslinjer for valg av forliksrådsmedlemmer og skjønnsmedlemmer for perioden 2021–2025 (utarbeidd av Justis- og beredskapsdepartementet) omhandlar mellom anna samansetninga av forliksrådet, vilkår for å kunne bli vald til medlem av forliksrådet, utestenging frå val og framgangsmåten ved valet m.m.
For perioden 1. januar 2021 til 31. desember 2024 er det vald medlemer til felles forliksråd for Ålesund, Giske og Fjord kommunar.
Første ledd slår fast at forliksråd for dei nye kommunane blir valt på vanleg måte, med verknad i fire år, i samsvar med domstolloven § 57. Det inneber at kommunestyra i dei to nye kommunane innan 15. oktober 2024 skal velje medlemer til forliksrådet for perioden 1. januar 2025 til 31. desember 2028. Ei eventuell avgjerd om felles forliksråd må handsamast på nytt av dei aktuelle kommunane i samband med valet av forliksråd for perioden.
Andre ledd gjer unntak frå domstolloven § 27 første ledd om at det skal vere eit forliksråd i kvar kommune. Unntaket gjeld for perioden på eitt år frå iverksetjinga av dei nye kommunane og fram til ny valperiode for forliksråda. Det inneber at sitjande forliksråd kan sitje ut valperioden – til 31. desember 2024. Grunngjevinga for unntaket er at det berre er eitt år igjen av valperioden for sitjande forliksråd når dei nye kommunane trer i kraft, og at det i dag er felles forliksråd for noverande Ålesund, Giske og Fjord kommunar. Føresegna er i tråd med innspel frå noverande Ålesund kommune og er utarbeidd i samråd med Justis- og beredskapsdepartementet.
Til § 21. Iverksetjing
Forskrifta trer i kraft straks.
Med hilsen
Siri Halvorsen (e.f.)
avdelingsdirektør
Stina Hoel Jensen
seniorrådgiver