Rundskriv N-2/2017 - Behovsprøving av fylkeskryssande bussruter
Rundskriv | Dato: 02.02.2017 | Samferdselsdepartementet
Nr:
N-2/2017
Vår referanse:
16/431
Dette rundskrivet inneheld retningsliner for handsaming av søknader om ekspressbussruter. Rundskrivet erstattar N-2/2003 om same tema.
Les rundskrivet (pdf)
Rundskriv - behovsprøving av fylkeskryssande bussruter
I
Dette rundskrivet inneheld retningsliner for handsaming av søknader om ekspressbussruter. Rundskrivet erstattar N—2/2003 om same tema.
Rundskrivet har bakgrunn i handsaminga av St.meld.nr.46 (1999-2000) Nasjonal transportplan (NTP) i Stortinget.
I Budsjett.innst.S.nr.13 (2001-2002) uttalte fleirtalet at eventuell konkurranse med jernbane i seg sjølv ikkje skal vere avgjerande grunn for avslag på søknader om ekspressbussløyve. Fleirtalet uttalte vidare at sakshandsamingstida for denne typen søknader må reduserast.
I St.meld.nr.26 (2001-2002) Bedre kollektivtransport la Regjeringa opp til ytterlegare liberalisering av ekspressbuss-politikken, og gjekk inn for at den gjennomførte liberaliseringa av løyvepolitikken i høve til jernbanen i det sentrale Austlandsområdet skal utvidast til å gjelde resten av landet. I kap. 6.1 i meldinga heiter det:
For å styrke kollektivtransportens samlede stilling, ønsker Regjeringen friere etableringsrett for ekspressbusser. Myndighetene vil likevel ha en mulighet til å se kollektivtransporten i et overordnet perspektiv. Regjeringen ønsker derfor foreløpig å opprettholde ordningen med behovsprøving, samtidig som praksisen liberaliseres.
Etter Regjeringens syn bør eventuell konkurranse med jernbane i seg selv ikke være avgjørende grunn for avslag på søknader om ekspressbussløyve.
Regjeringen går inn for at oppmykingen av løyvepolitikken i forhold til jernbanen i det sentrale Østlandsområdet skal utvides til å gjelde resten av landet. Samferdselsdepartementet vil løpende vurdere konsekvensene for jernbanetransporten der det åpnes for mer direkte konkurranse mellom jernbane og ekspressbuss, jf. kap. 4.2.1.
Ved en oppmykning av løyvepolitikken i forhold til jernbanen er det også naturlig med en oppmyking av behovsprøvingen ekspressbussruter imellom. Regjeringen vil derfor i større grad enn hittil åpne opp for parallelle ekspressbussløyver.
(... ...)
Ekspressbussrutene kan i mange tilfeller tenkes å komme i konkurranse med lokale bussruter, noe som kan redusere fylkeskommunenes muligheter til å drive kryssubsidiering mellom lønnsomme og ulønnsomme bussruter. Samferdselsdepartementet vil derfor fortsatt legge vekt på fylkeskommunenes tilrådinger i spørsmålet om fylkeskryssende ekspressbussruter skal gis lokale trafikkrettigheter internt i et fylke.
Av kap. 4.2.1 framgår m.a. vidare:
På jernbanestrekninger som blir utsatt for konkurranse, og hvor det eventuelt viser seg at jernbanetrafikken ikke er konkurransedyktig overfor busstrafikken, vil Samferdselsdepartementet gi NSB BA større frihet til å tilpasse produksjonen i forhold til konkurrerende busstrafikk. (...) Dersom togtrafikken ikke kan møte konkurransen fra ekspressbusstilbudet, vil NSB BA gis mulighet til å vurdere nedleggelse av hele eller deler av persontogtrafikken. Slik departementet vurderer det, vil dette i første rekke være aktuelt for togstrekninger med lite trafikkgrunnlag og hvor det ut fra fornuftig ressursbruk ikke vil være et marked for parallellgående busser og persontog.
(...)
I Innst.S.nr.228 (2001-2002) slutta fleirtalet seg til at det såleis vert innført ein friare etableringsrett for ekspressbussar.
II
På bakgrunn av meldinga og Stortinget si handsaming av saka, samt departementet si praktisering av rundskriv N 5/ 2001 skal behovsprøvinga ved søknad om ekspressbussløyve avgrensast til berre å gjelde i høve til lokale bil- og båtruter som inngår i det fylkeskommunale tilskotsansvaret. Behovsprøvinga vil såleis gje høve til å setje vilkår om avgrensing av- eller forbod mot lokaltrafikk eller påleggje andre vilkår for ruta, som tek omsyn til lokal kollektivtransport. Fylkeskryssande rute som heilt eller i det vesentlege utfører lokal funksjon vil i samsvar med dette kunne verte nekta oppretta. Oslo og Akershus vert i denne samanheng rekna som eitt lokaltrafikkområde. Elles avgjer fylkeskommunen kva som skal reknast som lokaltrafikkområde.
Departementet har vurdert erfaringane med praktiseringa av behovsprøvinga i høve til lokal kollektivtrafikk etter rundskriv N-2/2003. På bakgrunn av vurderinga ser departementet det nødvendig at fylkeskommunane gjer ei grundigare vurdering av verknadene for den lokale kollektivtrafikken ved handsaming av søknader om fylkeskryssanse ruter. Kravet til grunngjeving av vedtak blir og skjerpa.
Departementet meiner det ikkje er tilstrekkeleg grunn for å påleggje vilkår om forbod mot lokaltrafikk eller avslag på søknaden, at ekspressruta kan føre til inntektstap for eksisterande lokalruter som har kompensasjon frå fylkeskommunane. I den konkrete vurderinga må fylkeskommunen og ta omsyn til at lokalrutene som følgje av kompensasjon ofte vil kunne ha lågare billettpriser og periodekort som gir kunden større fleksibilitet og høgare frekvens på lokalstrekninga enn det ekspressbussruta kan. Samstundes kan eit nytt tilbod og ha positive verknader ved å trekkje til seg nye reisande, t.d. passasjerar som tidlegare brukte bil.
Departementet skjerpar hermed krava til fylkeskommunane si praktisering av behovsprøvinga av ekspressbussar, samt krava til grunngjeving av vedtaket. Den einskilde fylkeskommune skal foreta ei grundig vurdering av kva positive og negative verknader ekspressbussruta vil ha for lokaltrafikken og eventuelle andre relevante forhold. I fylkeskommunen si grunngjeving skal det opplysast om dei hovudomsyna som har vore avgjørande ved behovsprøvinga, herunder kva positive og negative verknader fylkeskommunen har lagt vekt på i si vurdering.
Fylkeskommunane vil som før kunne påleggje løyvehavar vilkår for å ivareta overordna funksjonar, som bruk av særskilte traséar, trafikknutepunkt, takstsamarbeid mv. Det skal stillast vilkår om at materiellet skal ha tilgjenge for funksjonshemma, herunder rullestolbrukarar.
I samsvar med den praksis som alt er etablert etter Rundskriv N-5/2001 og rundskriv N-2/2003 er det ikkje grunnlag for å nekte etablering av parallelle ekspressbussruter der det vert søkt om det. Av omsyn til kravet om likehandsaming er det viktig at vilkår som blir sett av omsyn til lokaltrafikken blir praktisert likt ovanfor dei som får løyve. Eventuelle skilnader må vere grunngitt i saklege omsyn.
Rundskriv N-2/2003 vert med dette oppheva.
Med helsing
Anne-Lise Junge Jensen (e.f.)