Rundskriv V-11-03
Rapport over rekneskapen pr. 31. august 2003. Plan for forbruket i resten av budsjetterminen 2003 (23.05.2003)
Rundskriv | Dato: 21.06.2003 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Opprinnelig utgitt av: Kultur- og kirkedepartementet
Til |
||
Nr. |
Vår ref |
Dato |
V-11/2003N |
2002/4516 AØ/Ø EAn |
23.05.2003 |
Rapport over rekneskapen pr. 31. august 2003
Plan for forbruket i resten av budsjetterminen 2003
I. Rapport over forbruket pr. 31. august 2003 og plan for forbruket vidare
For at departementet skal få oversyn over budsjettsituasjonen, både samla og ved den enkelte verksemda, ber vi verksemdene utarbeide rapport over rekneskapen pr. 31. august 2003 og ein plan for korleis verksemda kan halde forbruket for resten av budsjetterminen 2003 innanfor den disponible budsjettramma på postane 01 og 21. Det skal òg utarbeidast ein oversikt over årsverk. Målet med rapporteringa er å betre økonomistyringa og å unngå overskridingar i budsjetterminen.
Departementet har utarbeidd eit elektronisk skjema (excel-rekneark), jf. vedlagte kopi av skjemaet ”Rapport over rekneskapen pr. 31. august 2003 - verksemder under Kultur- og kyrkjedepartementet". På side 4 i skjemaet er det opplyst kor på Internett skjemaet kan hentast opp og ei kort orientering om utfyllingen av skjemaet. Det ferdig utfylte skjemaet skal sendast til følgjande e-postadresse:
postmottak@kkd.dep.no
Utskrift av det ferdig utfylte skjemaet må óg leggjast ved rekneskapsrapporten.
Det elektroniske skjemaet inneheld følgjande tabeller: ( se egen side)
tabell 1: Post 01 Driftsutgifter
tabell 2: Post 21 Spesielle driftsutgifter/Store utstillingar/Arkeologiske og andre oppdrag
tabell 3: Inntekter
Alle rekneskapstala skal rundast av til nærmaste tusen kroner.
II. Merknad til tabell 1: Post 01 Driftsutgifter
Den budsjettramma som verksemda disponerer på post 01 i 2003 førast opp i kolonne 1 slik det går fram av tabellen. Trygdeutgiftene under underpost 01.18 utgjer 14,1 pst. av utgiftene under underpostane 01.11-17.
Utrekninga av den disponible budsjettramma på post 01 spesifiserast slik det går fram av pkt. a - g i tabellen. Forutan beløp skal ein føre opp dato og journalnummer for brev om tildeling/innsparing av budsjettmidlar.
Overslaget over lønnsutgiftene for 2003 skal byggje på det faktiske lønnsnivået i 2003.
Verksemdene vil seinare få tildelt midlar til å dekke meirutgiftene som følgje av lønnsoppgjeret i 2003. Lønnsmeirutgiftene i 2003 som følgje av dette oppgjeret, blir rekna ut sentralt. Dersom denne tildelinga ikkje dekker dei faktiske lønnsmeirutgiftene fullt ut, må verksemda sjølv dekke differansen innanfor den tildelte budsjettramma for 2003. Vi ber likevel verksemda føre opp sitt eige overslag over desse lønnsmeirutgiftene under pkt. i.
Meirinntekter/mindreinntekter under inntektspostane 01 og 03 førast opp under pkt. f. Inntekter under inntektspostane 15, 16, 17 og 18 førast óg opp under pkt. f, jf. omtalen under pkt. IV nedanfor. Verksemda treng ikkje å søkje om samtykke til å bruke desse inntektene.
Bruken av meirinntekter er knytt til det enkelte budsjettkapitlet. Når fleire verksemder får løyvd budsjettmidlar over same budsjettkapittel og -post, er det ein føresetnad at den enkelte verksemda ikkje overskrider den budsjettramma som verksemda har til disposisjon. Uheimla meirforbruk ved ein verksemd inneber at andre verksemder må bruke tilsvarande mindre.
Det er høve til å omdisponere inntil 5 pst. av den samla løyvinga på post 01 til investeringar under post 45. Omdisponeringsadgangen gjeld berre for eingongs- investeringar som ikkje krev oppfølging i seinare budsjettår, og må godkjennast av departementet. Departementet sin fullmakt til å omdisponere midlar frå post 01 til investeringar under post 45 er knytt til det enkelte budsjettkapitlet. Når fleire verksemder får løyvd budsjettmidlar over same budsjettkapittel og -post, er det ein føresetnad at den enkelte verksemda ikkje overskrir den samla budsjettramma. Fullmakta kan berre brukast når det totale forbruket på budsjettkapitlet under post 01 viser nødvendig innsparing.
Eventuell søknad om omdisponering av midlar frå post 01 til investeringar under post 45 må grunngjevast. Beløpet førast opp under pkt. g.
Utgiftene i kolonne 3 og 4 førast opp på same måten som utgiftene i kolonne 1.
III. Merknad til tabell 2: Post 21 Spesielle driftsutgifter/-
Store utstillingar/ Arkeologiske og andre oppdrag
Dei samla inntektene som verksemda disponerer på post 21 i 2003 førast i kolonne 1 slik det går fram av tabellen. Trygdeutgiftene under underpost 21-18 utgjer 14,1 pst. av utgiftene under underpost 21-12.
Utrekninga av dei samla inntektene verksemda disponerer på post 21 spesifiserast med ein sum for faktiske rekneskapsførte inntekter pr. 31.08.2003 og ein sum for forventa inntekter i perioden 1.9. - 31.12.2003, jf. pkt. a og b, samt omtale under pkt. IV nedanfor. Med forventa inntekter meiner departementet dei inntekter som truleg blir rekneskapsførte innan 31.12.2003.
Utgiftene i kolonne 3 og 4 førast opp på same måten som utgiftene i kolonne 1.
Ein føresetnad for oppdragsverksemda er at inntektene fullt ut dekker utgiftene. Fører verksemda likevel opp større utgifter enn det inntektene dekker, må ein grunngi dette særskilt.
I pkt. d i tabellen fører verksemda opp den ramma for oppdragsinntekter som er stilt til disposisjon i tildelingsbrevet for 2003.
IV. Merknad til tabell 3: Inntekter
Den tildelte inntektsramma under inntektspostane 01, 02, 03, 15, 16, 17 og 18 førast opp i kolonne 1. Dei samla inntektene under dei ulike postane spesifiserast med ein sum for faktiske rekneskapsførte inntekter pr. 31.08.2003 og ein sum for forventa inntekter i perioden 1.9. - 31.12.2003, jf. kolonne 3 og 4. Med forventa inntekter meiner departementet dei inntektene som truleg blir rekneskapsførte innan 31.12.2003.
Faktisk regnskapsførte oppdragsinntekter pr. 31.08.2003 og forventa oppdragsinntekter for perioden 1.9. - 31.12.2003 under inntektspost 02 overførast til tabell 2, pkt. a og b. Forventa meir- eller mindreinntekter under dei andre inntektspostane overførast til tabell 1, pkt. f.
V. Spørsmål om og innsending av rapporten
Eventuelle spørsmål om rapporteringa må rettast til verksemda sin fagavdeling i Kultur- og kyrkjedepartementet.
Rekneskapsrapporten sendast til verksemda sin fagavdeling i Kultur- og kyrkjedepartementet innan 18. september 2003.
Med helsing
Henning Gorholt e.f.
ekspedisjonssjef
Einar Andersen
seniorrådgjevar
Vedlegg