Rundskriv V-12N/2009 Rapport over rekneskapen pr. 31. august 2009
Rundskriv | Dato: 26.05.2009 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Opphavleg utgjeve av: Kultur- og kirkedepartementet
Til
|
| |
Nr. |
Vår ref |
Dato |
V-12/2009 N |
2007/05766 AØ/Ø EAN |
14.05.2009 |
|
Rapport over rekneskapen pr. 31. august 2009
Plan for forbruket i resten av budsjetterminen 2009
I. Rapport over forbruket pr. 31. august 2009 og plan for forbruket vidare
For at departementet skal få oversyn over budsjettsituasjonen, både samla og ved den enkelte verksemda, ber vi verksemdene utarbeide rapport over rekneskapen pr. 31. august 2009 og planlagt forbruk for resten av budsjetterminen 2009 innanfor den disponible budsjettramma på postane 01, 21 og 45. Bispedømmeråda skal òg rapportere på postane 71 og 72 under kap. 340.
Departementet har utarbeidd eit elektronisk skjema (excel-rekneark), jf. vedlagte kopi av skjemaet ”Rapport over rekneskapen pr. 31. august 2009 - verksemder under Kultur- og kyrkjedepartementet". På skjemaet er det gitt ei kort orientering om utfyllinga av skjemaet. Skjemaet er lagt ut på Internett under ”Regjeringen.no” og kan hentast opp frå Kultur- og kyrkjedepartementets heimeside under ”Dokument/Andre dokument/Skjema”.
Namnet på verksemda og nummeret på det utgiftskapitlet i statsbudsjettet som midlane er løyvt under, må førast opp i skjemaet. Verksemder som disponerer midlar under meir enn eitt utgiftskapittel, må fylle ut eitt skjema for kvart kapittel.
Det ferdig utfylte skjemaet skal sendast til følgjande e-postadresse:
Rekneskapsrapporten, inkl. det elektroniske skjemaet, sendast til verksemda sin fagavdeling i Kultur- og kyrkjedepartementet innan 15. september 2009.
Det elektroniske skjemaet inneheld følgjande tabellar:
- tabell 1: Utgifter
- tabell 2: Inntekter
Alle rekneskapstala skal rundast av til nærmaste tusen kroner.
Eventuelle spørsmål om rapporteringa må rettast til verksemda sin fagavdeling i Kultur- og kyrkjedepartementet.
II. Merknad til tabell 1: Utgifter
Den tildelte budsjettramma i 2009 under postane 01, 21 og 45 førast opp i kolonne 1, faktiske utgifter pr. 31.08.2009 i kolonne 2 og planlagt forbruk 01.09 - 31.12.2009 i kolonne 3.
Meirinntekter/mindreinntekter, jf. tabell 2 i det vedlagte reknearket, skal ikkje innarbeidast i den tildelte ramma under kolonne 1. Desse beløpa vil automatisk bli ført over til kolonne 6 i tabell 1 når verksemda fyller ut tabell 2 Inntekter.
Post 01
Den tildelte ramma som førast opp under post 01 i kolonne 1, må i tillegg til den ordinære tildelinga også innehalde eventuelle tilleggstildelingar, ubrukt beløp overført frå 2008 og pålagt innsparing.
Det er høve til å omdisponere inntil 5 pst. av den samla løyvinga på post 01 til post 45 til eingongsinvesteringar. Fullmakta er knytt til det enkelte budsjettkapitlet, og omdisponering må godkjennast av departementet. Når fleire verksemder får løyvd midlar over same budsjettkapittel og -post, kan fullmakta berre brukast når det totale forbruket under post 01 viser nødvendig innsparing. Eventuell omdisponering av midlar frå post 01 til investeringar under post 45 må omtalast særskilt. Slik omdisponering skal ikkje innarbeidast i den disponible ramma under post 01 i kolonne 1 med mindre omdisponeringa alt er godkjent av departementet.
Post 21
Den tildelte ramma som førast opp under post 21 i kolonne 1, må i tillegg til den ordinære tildelinga også innehalde eventuelle tilleggstildelingar og ubrukt beløp overført frå 2008.
Ein føresetnad for oppdragsverksemda er at inntektene fullt ut dekker utgiftene. Fører verksemda likevel opp større utgifter enn det inntektene dekker, må ein forklare dette særskilt.
Post 45
Den tildelte ramma som førast opp under post 45 i kolonne 1, må i tillegg til den ordinære tildelinga også innehalde eventuelle tilleggstildelingar, ubrukt beløp overført frå 2008 og pålagt innsparing.
Meirinntekter/mindreinntekter
Verksemdene under kap. 305, 320, 322-326, 328, 329, 334 og 340-342 treng ikkje å søkje departementet om samtykke til å bruke meirinntekter. Bruken av meirinntekter er knytt til det enkelte budsjettkapitlet. Når fleire verksemder får løyvd budsjettmidlar over same budsjettkapittel og -post, er det derfor ein føresetnad at den enkelte verksemda ikkje overskrider den budsjettramma som verksemda har til disposisjon. Uheimla meirforbruk ved ein verksemd inneber at andre verksemder må bruke tilsvarande mindre.
III. Merknad til tabell 2: Inntekter
Den tildelte inntektsramma under inntektspostane 01 og 02 samt inntektspost 03 under kap. 3305 og 3320, inntektspost 04 under kap. 3342 og inntektspost 07 under kap. 3305 førast opp i kolonne 1. Vidare førast det opp ein sum for faktiske rekneskapsførte inntekter pr. 31.08.2009 i kolonne 2 og ein sum for forventa inntekter 01.09. - 31.12.2009 i kolonne 3. Dette gjeld òg refusjonar under inntektspostane 15, 16, 17 og 18. Med forventa inntekter meiner departementet dei inntektene som truleg blir rekneskapsførte innan 31.12.2009.
Med helsing
Henning Gorholt e.f.
ekspedisjonssjef
Einar Andersen
seniorrådgjevar
Vedlegg